Karl V av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl V av Det tysk-romerske riket
Elderly Karl V.jpg
Fødd24. februar 1500 (juliansk)
Gent
Død21. september 1558 (juliansk)
San Geronimo de Yuste
TittelMonarch of Spain
Alle titlarKing of Castile, King of Aragon, tysk-romersk keisar, Lord of the Netherlands, Lord of Molina, Lord of Biscay, king of Navarre
Hus eller slektHouse of Habsburg in Spain, Habsburg
GravstadCripta Real del Monasterio de El Escorial, El Escorial
LandDet tysk-romerske riket
MorJohanna av Castilla
FarFilip I av Castilla
EktefelleIsabella av Portugal
SambuarJohanna Maria van der Gheynst, Barbara Blomberg
BarnFilip II av Spania, Maria av Østerrike, Johanna av Østerrike, Don Juan de Austria, Margareta av Parma, Isabel, Tadea of Austria, Infante Fernando of Austria (1529-1530)
Keisar Karl V. (Portrett måla av Christoph Amberger, kring 1532)

Karl (24. februar 150021. september 1558) fødd i Gent i dagens Belgia og døydde i Yuste i Extremadura i Spania. Karl var keisar av Det tysk-romerske riket som Karl V i åra 1519–1558; han var òg konge av Spania 1516–1556.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Karl var son av Filipp I og Johanna av Castilla. Han var barnebarn av Ferdinand II av Aragon og Isabella I av Castilla og av keisar Maximilian og hertuginne Maria av Burgund. Såleis høyrde til han fyrstehuset Habsburg.

Keisartid[endre | endre wikiteksten]

Karl V var den siste tysk-romerske keisaren som vart krona av paven.

Han er òg kjend som den som var keisar då Martin Luther praktiserte si forkynning, og han kalla Luther inn til eit møte der Luther vart lyst i bann av katolikkane. Keisaren heldt fast ved sin religion, og han ynskte i utgangspunktet å kjempa for katolisismen i samband med reformasjonen. Seinare godtok keisaren ei avtale mellom katolikkar og protestantar.

Karl V førte krig mot det osmanske riket, som utgjorde eit trugsmål mot Italia, Austerrike og kysten av Spania. Erkefienden, Frans I (François premier), kongen av Frankrike, allierte seg derimot med osmanarane for å svekka makta til Karl.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Som spansk konge var har eigentleg Carlos I, Karl I av Spania, men vert ofte omtala som Karl V (Carlos Quinto eller Carlos V) i Spania og Latinamerika. Andre namnevariantar er Charles V og Karel V.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Karl V vart fødd i Flandern, og må dermed ha lært seg fransk og nederlandsk på eit tidleg tidspunkt. Då han kom til Spania, lærde han fort å tala godt kastiljansk spansk. Han skal visstnok ha sagt «Eg talar spansk med Gud, fransk med menn, italiensk med damer og tysk med hesten min».

Sidan han òg herska over spanske koloniar i Latin-Amerika og på Filippinane, skal han òg ha sagt «I mitt rike går sola aldri ned».