Klæbu kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Klæbu kommune | ||
kommune | ||
|
||
Land | ![]() | |
---|---|---|
Fylke | Trøndelag | |
Adm.senter | Klæbu | |
Areal | 186 km² | |
- land | 177 km² | |
- vatn | 9 km² | |
Folketal | 6 094 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 34 / km² | |
Målform | bokmål | |
Ordførar | Kirsti Tømmervold (Ap) | |
Kommunenr. | 5030 | |
Wikimedia Commons: Klæbu | ||
Nettstad: www.klabu.kommune.no | ||
Klæbu kommune er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar i nord til Trondheim kommune, i aust til Selbu kommune og i sørvest til Melhus kommune. I 2016 vedtok kommunen å slå seg saman med Trondheim.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Klæbu ligg 19 km sør for Trondheim. Klæbu har fine naturområde for utfart, Nordmarka og Brungmarka er to døme på det. Selbusjøen ligg au delvis i Klæbu. Nidelva er djupast i Trongfossen ved Hyttfossen i Klæbu med 56 meter og er med dette Norges djupaste elv. Trongfossen er motivet i kommunevåpenet til Klæbu.
Kultur[endre | endre wikiteksten]
Sjåverdigheiter[endre | endre wikiteksten]
- Stabburet Gårdsbutikk på Moen gård.
- Vassfjellet skisenter ligg berre nokre kilometer frå Klæbu sentrum som det einaste skisenteret i nærleiken av Trondheim.
- Brungmarka, eit stort skog- og fjellområde sør for Selbusjøen.
- Klæbu bygdemuseum på Teigen.
- Tanemsborgen på Tanem, bygdeborg frå førkristen tid som ligg på Tanemsåsen.
- Selbusjøen, innsjø.
Kjente personar frå Klæbu[endre | endre wikiteksten]
- Johan Nordahl Brun, biskop og diktar
- Linda Hofstad Helleland, politikar (Høgre).
- Jens Lemvig, prest
- Klaus Sonstad, journalist og radiomann, mest kjent under aliaset Odin Jensenius
- Vilhelm Andreas Wexelsen, teolog og politikar
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
|