Paul Steenstrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Steenstrup

Paul Steenstrup teikna av Jacob Calmeyer i 1821.
Fødd10. desember 1772
Vejle kommune
Død9. oktober 1864 (91 år)
Statsborgar avNoreg
Partisjølvstendepartiet
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
BarnPeter Severin Steenstrup
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1824–1826)
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814)
  • vararepresentant til Stortinget (1814–1814) Sjå dette på Wikidata

Paul Steenstrup (Poul Steenstrup) (10. desember 17729. oktober 1864) var ein dansk-norsk bergmann, eidsvollsmann og stortingsmann.

Steenstrup var fødd på ein storgard ved Vejle i Danmark, faren var ein proprietær. Han vart student frå Kolding skole i 1790 og studerte etter andreeksamen både mekanikk, mineralogi og medisin. I 1796 kom han til Kongsberg og gjekk på bergseminaret der 1798-1800. Han tok eksamen i 1800 og fekk eit treårig stipend til ei vitskapleg reise til tyske og austerrikske jarnverk og fabrikkar. Ein større del av tida nytta han i Freiberg og Wien.

Etter heimkomsten til Noreg i 1804 fekk Steenstrup 700 riksdalar i vartpengar, inntil han fekk embete. Då Kongsberg Sølvverk vart nedlagt i 1805, fekk han i oppdrag å utarbeide planar for bygging av eit jarnverk i byen. Han stod så for bygginga av ein masomn som vart teken i bruk i 1809. Før dette, kjøpte han den nedlagde myntverkstaden på Kongsberg, og byrja i staden å fabrikere brasianstål. Myntverkstaden vart gjenoppretta i 1807, staten overtok denne mot å dekke Steenstrups kostnader, dessutan vart han inntil vidare myntmeister.

Steenstrup vart bergmeister for Kongsberg i 1811. Staten oppretta i 1814 eit militært ull- og linmanufaktur, etter Steenstrups planar. Omtrents samstundes vart han leiar for Kongsberg Våpenfabrikk, ein fabrikk som kom i stand etter forslag frå han. I 1824 vart dei statlege verksemdene på Kongsberg skild frå kvarandre. Både jarnverket og ull- og linmanufakturet skulle i tillegg drivast i mindre målestokk enn tidlegare. Steenstrup gjekk då ut av leiinga.

1825-27 oppheldt Steenstrup seg for ein stor del i England, der han tok patent på eit dampskipshjul. Reiste så tilbake til Noreg. I 1831 vart Steenstrup bergmeister i Vestre søndenfjeldske distrikt i Noreg. Åra 1833-39 var han øvste leiar av Kongsberg Sølvverk.

Våren 1814 var Steenstrup utsending frå Kongsberg til riksforsamlingaEidsvoll i 1814. Der høyrde han til sjølvstendepartiet. Han møtte også på det overordentlege storting 1814, og på Stortinget 1824. På det siste valet vart det klaga, og det vart innleia forhøyr. Fyrst 16. mars 1824 vart valet godkjent, med 45 røyster mot 24. Steenstrup møtte då frå 20. mars, og vart vald inn i komiteen om berg- og skogvesenet, og komiteen om kjøpstadskatten.

Steenstrup døydde på Kongsberg i 1864.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Popperud, Erling:Streiftog gjennom Kongsberg Våpenfabrikks historie
  • Bokmålswikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]