Kristoffer av Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristoffer av Bayern
Christopher of Bavaria.jpg
Kongeav Danmark, Sverige og Noreg
Regjeringstid Danmark: 14401448
Sverige: 14411448
Noreg: 14421448
Fødd 26. februar 1416
Fødestad Neumarkt in der Oberpfalz
Død 6. januar 1448
Dødsstad Helsingborg slott i Skåne
Føregjengar Erik av Pommern (Danmark, Noreg)
Karl Knutsson Bonde
(riksforstandar, Sverige)
Etterfølgjar Kristian I (Danmark]]

Karl I (Noreg)
Bengt Jønsson Oxenstierna;

Nils Jønsson Oxenstierna
(riksforstandar, Sverige)
Gift med Dorothea av Brandenburg
Far Johann av Pfalz
Mor Katharina av Pommern

Kristoffer av Bayern (26. februar 14166. januar 1448) var ein dansk, norsk og svensk konge. Kristoffer var konge av Danmark frå 1440 som «Christoffer 3. af Bayern» (Christoffer III). Han var konge av Sverige frå 1441 og konge av Noreg frå 1442.

Kristoffer av Bayern var son av grev Johan av Pfalz og Catharina, syster til Erik av Pommern. I ungdomen gjorde han teneste hjå den tyske keisaren. I 1437 bad det danske riksrådet Kristoffer om å overta den danske trona, etter at Erik av Pommern hadde trekt seg attende til Gotland. Kristoffer sa ja til tilbodet, og den 9. april 1440 vart han hylla som konge på Viborg Landsting.

Tilhøva i Danmark var særs vanskelege. Både Noreg og Sverige hadde sagt opp unionen. Trass i dette greidde han å verta konge av alle tre kongerika.

Kristoffer døydde av feber på festninga «Kernen» (Kärnan) i Helsingborg den 6. januar 1448. Han vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje. Enkja, Dorothea, vart i oktober 1449 gift med kong Kristian I.

Etter at Kristoffer døydde tilaud det danske riksrådet trona til hertug Adolf VIII, men han peika i staden ut systerson sin, grev Kristian av Oldenburg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]