Kvitflankemaursmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitflankemaursmett
Hannfugl ved Rio Silanche, nordvestre Ecuador. Foto: Michael Woodruff
Hannfugl ved Rio Silanche, nordvestre Ecuador.
Foto: Michael Woodruff
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kvitflankemaursmett
Utbreiinga av Kvitflankemaursmett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Myrmotherula
Art: Kvitflankemaursmett M. axillaris
Vitskapleg namn
Myrmotherula axillaris

Kvitflankemaursmett (Myrmotherula axillaris) er ein liten fugl i maurfuglfamilien.

Dette er fuglar med utbreiing i tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika frå El Salvador og Honduras i nord sørover til Amazonas-områda av Bolivia og sørlege Brasil, og dessutan på Trinidad og Tobago. Kvitflankemaurfugl finst samanhengjande i heile austlege Orinoco i Venezuela og i heile Amazonasbassenget sør til områda drenert av dei tilstøytande elvene Tocantins og Araguaia i Brasil. Det finst åtskilte grupper på søraustkysten av Brasil, nord gjennom Guyana-regionen i den nordaustlege delen av Sør-Amerika til Stillehavet og i kystnære regionar av Ecuador, Colombia og Venezuela. Det nordlege Andes skil gruppene av populasjonar i nordvest frå Amazonas-populasjonen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein vanleg og tillitsfull fugl i primær og gjenreist skog, vi finn dei i par og i små grupper . Dei deltar òg i fleirartsflokkar, men ikkje så ofte som andre Myrmotherula-maursmettar. Hoa legg to kvite egg med purpurfarga flekker, som blir ruga av begge kjønn i 16 dagar til klekking, i eit lite, koppforma reir av plantefiber og daude blad. Reiret ligg lågt i eit tre eller ein busk.

Kvitflankemaursmett beitar på små insekt og andre leddyr tatt frå kvister og vegetasjon i nedre greiner av trea.

Kvitflankemaursmett er vanlegvis 10 til 11 cm lang, og veg ca. 8 gram. Den vaksne hannen har mørk grå overside, svart underside, og svarte venger med band av kvite flekker. Flankane og undersidene av venger er kvite. Hofuglar og ikkje-kjønnsmodne hannar har brun overside, gulaktig til gulbrun underside og svakt flekka, raudbrune venger. Flankane og undersidene av venger er kvite, omtrent som hos hannen.

Hannar av den særeigne vestlege underarten M a. melaena har svart overside og underside, og hoa er mørkare enn nominatforma M a. axillaris.

Han har ein 'kvip' fløytelyd etterfølgt av ein trillande trrrrrr. M a. melaena har eit to-tona rop, og eit plystra avtakande pee pee pee-pee-pee-pee-pee-puu-puu rop. Gjeve skilnadene i fjørdrakt og vokalisering, kan dei to formene moglegvis vere ulike artar.

Oversyn underartar etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1]

  • M.a. albigula, søraustlege Honduras til vestre Colombia og vestre Ecuador
  • M.a. melaena, austre Colombia til nordaustre Peru, vestre Venezuela og nordre del av Amazonas i Brazil
  • M.a. axillaris, austre Venezuela til Guianas-regionen, austre Amazonas i Brasil, nordaustre Bolivia; Trinidad og Tobago
  • M.a. heterozyga, austre Peru frå Ucayali-regionen til Madre de Dios-regionen og sørvestre Amazonas i vestre Brasil
  • M.a. fresnayana, Puno-regionen i søraustlege Peru og nordvestre Bolivia
  • M.a. luctuosa, kysten av Brasil frå Paraíba til Rio de Janeiro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]