Hopp til innhald

Laila Bokhari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laila Bokhari

Fødd19. august 1974 (50 år)
London
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, statsvitar
Medlem22. juli-kommisjonen
Alle verv

Laila Bokhari (fødd 19. august 1974 London) er ein norsk statsvitar, tryggleikspolitikk og terrorforskar og politikar for Høgre. Ho har særleg forska på terrorisme og politisk motivert vald i Sør- og Sentral Asia, Midtausten og Europa.

Ho vart i 2013 statssekretær ved Statsministerens kontor[1] med ansvar som tryggleikskoordinator (tryggleik og beredskap). Ho var statssekretær i Utenriksdepartementet 2016-2017.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Bokhari har pakistansk far og norsk mor og voks opp på Lillehammer, London og i Islamabad. Ho har studert statsvitskap, internasjonal rett, internasjonal politikk ved Universitetet i Kent i Storbritannia og Amsterdam i Nederland. Ho har òg teke Sjefskurset ved Forsvarets Høgskole (FHS) og vore Kistefos Fellow ved Harvard Kennedy School of Government. Ho har personleg kjennskap til Pakistan og Afghanistan. Ho har studert arabisk og Midtausten-politikk i Jerusalem og på Vestbreidda.[2]

Ho har arbeidd ved Forsvarets forskingsinstitutt, Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), SNs sikkerhetsråds al-Qaida-Taliban monitoreringsteam («1267-komitéen»), Temporary International Presence in Hebron (TIPH), PRIO, NATO og OSSE. Ho har òg vore tilsett ved den norske ambassaden i Islamabad i Pakistan.

Bokhari har vore fast kommentator i Forsvarsforum (F), Ny Tid og Gudbrandsdølen Dagningen (GD) og har blant anna sete i Regjeringas sikkerheitspolitiske utvalg 2006-2009, fleire NATO-arbeidsgrupper og rådet til Pakistan Institute of Peace Studies (2011).

I 2010 gav ho utboka Hellig Vrede. Min reise gjennom Pakistan.[3]

Ho vekte interessa til media då ho i samband med fredsprisutdelinga til Barack Obama uttalte at «ekstreme dyrevernere, klimaforkjempere, gjengmiljø og høyreekstreme miljøer» utgjer ein større fare enn islamistisk terror.[4]

I 2011 vart ho utnemnd til medlem av 22. juli-kommisjonen.[5]

Bokhari vart utnemnd til statssekretær for statsminister Erna Solberg den 16. oktober 2013.[6] Ho tiltredde ein nyopprettet stilling som statssekretær og tryggleikskoordinator ved Statsministerens kontor. 2018-2019 var Bokhari knytt til seg Harvard Kennedy School of Government som Kistefos Fellow og tok ein Mid-Career Master in Public Administration (MPA), med fokus på tryggleiksleiing i krisesituasjonar.[7][8]

Ho er styreleiar for Stiftelsen Lillehammer Museum, og er styremedlem av Oslo Metropolitan University, Norsk Utenrikspolitiskinstitutt, RAFTO Foundation, Human Rights House Foundation og Nansen Fredssenter. Ho sit òg som Director of Board ved Global Center on Cooperative Security (USA) og The Hedayah Center (UAE). Bokhari er medlem av Direksjonen i Polyteknisk Samskipnad og er medlem av Høgres Internasjonale Utval.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Hellig Vrede. Min reise gjennom Pakistan, Gyldendal 2010
  • Arven etter far, i samarbeid med Åshild Eidem, sakprosa, Gyldendal 2015
  1. regjeringen.no Nye statssekretærer 16.10.2013
  2. Jahn Rønne, «Reisedamen», Forsvarets forum, intervju Arkivert 2009-12-27 ved Wayback Machine., 24. mars 2009
  3. Hellig Vrede (2010) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 23. november 2010. Henta 17. september 2011. 
  4. «Krekar beveger seg fritt under Obama-besøket», NTB, notis, 10. desember 2009
  5. Offisielt fra statsråd 12. august 2011, regjeringen.no
  6. Aftenposten 16. oktober 2013.
  7. Laila Bokhari blir statssekretær for Solberg – ABC Nyheter
  8. vg.no Byttet parti i siste liten - gjorde lynkarriere 18.10.2013

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Laila Bokhari