Laila Nystad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laila Nystad
Fødd 10. mai 1981 (40 år)
Yrke politikar

Laila Nystad (fødd 10. mai 1981) er ein norsk, samisk politikar som representerer Norske Samars Riksforbund (NSR) frå Ávjovárri valkrets. Ho er sidan 2013 fast møtande sametingrepresentant som vara for sametingpresident Aili Keskitalo.[1] For tida arbeider ho som vikarlærar ved Lakselv barneskule, og er busett i Porsanger. Av fagleg bakgrunn har ho ein bachelor i handel- og økonomi frå University of Auckland på New Zealand. Ho har tidlegare vore leiar av Sametingets ungdomspolitiske utval (SUPU).

Verv i Sametinget[endre | endre wikiteksten]

  • 2013–2017 Sametingrepresentant
  • 2003–2005 Leiar av Sametingets Ungdomspolitiske Utval (SUPU)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. nrk.no – Disse trer inn i Sametinget

Kjelder[endre | endre wikiteksten]