Lars Sponheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lars Sponheim
none  Lars Sponheim (2004)Foto: Audun Halaas
Lars Sponheim (2004)
Foto: Audun Halaas
Fødd 23. mai 1957

Halden

Lars Sponheim (fødd 23. mai 1957) i Halden i Østfold fylke) er ein tidlegare norsk politikar og tidlegare leiar av partiet Venstre. Frå 2010 er han fylkesmann i Hordaland. Han er òg gardbrukar i Ulvik i Hardanger i Hordaland fylke. Sponheim er gift og har tre ungar.

Lars Sponheim vart veld inn på Stortinget i 1993, etter å ha lovd i valkampen å gå frå Ulvik til Stortinget om han kom inn, noko han gjennomførte. Då hadde Venstre vore utan representasjon i åtte år. Tre år seinare, i 1996 stilte han, som einaste stortingsrepresentant frå partiet, sitt eige kandidatur til leiarvervet på årsmøtet i Venstre. Motkandidaten, den sitjande leiaren Odd Einar Dørum trekte sitt kandidatur, og Sponheim vart veld til leiar i Venstre.

Det har gått klårt fram at Sponheim til tider har vore ein omstridd leiar i eige parti, og det har vorte stilt motkandidatar mot han fleire gonger (mellom anna Trine Skei Grande, som ikkje ønskte å stå som kandidat, og no seinast nestleiaren i partiet, Olaf Thommessen, som heller ikkje ønskte å stille). Men etter det gode valresultatet til Venstre i 2005 var Sponheim sin posisjon i partiet sterkare enn nokonsinne. Etter det dårlege resultatet i valet 2009 har Sponheim bestemt seg for å gå av som partileiar. Seinare same år vart han styreleiar i Norsk Tipping.

I 2004 opna Slottet for at statsrådar kan bli tildelt St. Olavs Orden etter 4 års tenestetid. Lars Sponheim vart då utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Tillitsverv[endre | endre wikiteksten]

Politiske verv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]