Louis-Ferdinand Céline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louis-Ferdinand Céline

Pseudonym Louis-Ferdinand Céline
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 27. mai 1894
Courbevoie
Død

1. juli 1961 (67 år)
Meudon

Yrke medisinsk forfattar, romanforfattar, skribent, militær
Sjanger essay, roman, pamflett, skodespel, libretto
Straff Indignité nationale
Far Fernand Destouches
Ektefelle Édith Follet, Lucette Destouches, Elizabeth Craig
Signatur
Louis-Ferdinand Céline på Commons

Louis Ferdinand Auguste Destouches (27. mai 18941. juli 1961), kjend under forfattarnamnet Louis-Ferdinand Céline, var ein fransk romanforfattar og lege. Namnet «Céline» var førenamnet til bestemor hans. Han er rekna som ein av dei mest innverknadsrike forfattarane på midten av 1900-talet[1] for å ha utvikla ein ny skrivestil som moderniserte litteraturen i Frankrike og verda elles, særleg Henry Miller og Norman Mailer var prega. Céline førte daglegspråket, l'argot, inn i ei skriftleg form, med skjellsorda til gata og forbanningar i skildringane sine av den absurde tilstand til ei fiendtleg verd.

Romanene Reisen til nattens ende (1932) og Død på kredit (1936) var oppgjer med sjølvtilfredsheita i det borgarlege samfunnet, basert på hans eigne erfaringar som soldat og fattiglege i Paris. Romanane har ei ekstremrealistisk form, fjernt frå den akademiske franske tradisjonen, med rått gatespråk og utan hemningar i å framstilla det ekle eller tabubelagde.[2]

Céline hamna etterkvart på den antiintellektuelle høgresida. Han skreiv tre antisemittiske pamflettar på slutten av 1930-talet, støtta Hitler og det nasjonalsosialistiske Tyskland, og fekk ein dødsdom i rettsoppgjeret etter krigen, men slapp unna ettersom han var i Danmark. I Frankrike blei han dømd in absentia for «nasjonalt uverdig framferd», men fekk amnesti og kom fyrst tilbake til heimlandet i 1951, framleis uforsona med samfunnet.[3]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Louis Ferdinand Auguste Destouches blei fødd i 1894 som det einaste barnet til Fernand Destouches og Marguerite-Louise-Céline Guilloux ved Courbevoie, like utanfor Paris i departementet Seine (i dag Hauts-de-Seine). Familien kom opphavleg frå Bretagne. Far hans var ein lågare funksjonær i eit forsikringsfirma og mor hans dreiv med kniplingar.[4] I 1905 fekk han certificat d'études og arbeidde deretter som lærling og bod i ulike jobbar.[4] Mellom 1908 og 1910 sende foreldra hans han til Tyskland og England eit års tid i kvart land for at han skulle få seg språkopplæring med tanke på framtidig arbeid.[4] Frå han forlét skulen fram til han var atten år hadde Céline ulike jobbar, men forlét eller mista dei etter kort tid. Mellom anna arbeidde han i gullsmedforretningar. Samtidig kjøpte han skulebøker og studerte på eiga hand. Han bestemte seg etterkvart for å bli lege.[5]

Første verdskrigen og Afrika[endre | endre wikiteksten]

I 1912, i det Céline omtalte som eit opprør mot foreldra, gjekk han inn i den franske hæren, to år før utbrotet av den fyrste verdskrigen. Dette var ei tid i Frankrike, i kjølvatnet av Agadirkrisa i 1911, der fransk nasjonalisme nådde feberhøgder, og som særleg påverka oppfatningane i skulane og blant studentane i Paris.[6]

I 1912 byrja Céline ein 3-årig periode i 12 kyrasérregiment som var stasjonert i Rambouillet.[4] I byrjinga var han ulykkeleg og tenkte på å desertera, men han tilpassa seg, og blei med tida forfremja til sersjant.[5] Utbrotet av krigen sende eininga hans i kamp. 25. oktober 1914 melde Céline seg frivillig til å levera ein beskjed under tung tysk eldgjeving. I nærleiken av Ypres blei han såra i høgre arm, og for dette blei han tildelt médaille militaire i november. Eit år seinare figurerte han i vekemagasinet l'Illustré National.[7]

I mars 1915 blei han send til London for å arbeida ved det franske passkontoret. I London gifta han seg med Suzanne Nebout, men skilde seg frå henne året etter.[4] I september var såret hans i armen så alvorleg at han blei erklært fysisk ueigna for militære plikter, og dimittert. Han vende tilbake til Frankrike, der han hadde fleire mellombelse jobbar. I 1916 blei han sendt til Afrika som representant for skogselskapet Sangha-Oubangui. Han blei sendt til Britisk Kamerun, og kom tilbake til Frankrike i 1917.[4] Lite er kjent om denne reisa, bortsett frå at ho ikkje var vellukka.[5] Tilbake i Frankrike fekk han arbeid i Rockefeller-stiftinga, og som ein del av ei gruppe fekk han i oppgåve å reisa til Bretagne for å driva opplæring i korleis ein kunne unngå tuberkulose og ha betre hygiene.[5]

Som lege[endre | endre wikiteksten]

I juni 1919 drog Céline til Bordeaux og fullførte andre del av baccalauréat. Gjennom arbeidet sitt med instituttet hadde han komme i kontakt med monsieur Follet, direktøren for den medisinske skulen i Rennes. 11. august 1919 gifta han seg med dottera til Follet, Édith Follet. Ved hjelp av innverknad frå svigerfaren blei Céline akseptert ved universitet. 15. juni 1920 fødde kona ei dotter, Colette Destouches. I løpet av denne tida studerte Céline intenst, og skaffa seg sertifikat i fysikk, kjemi og naturvitskap. I 1923, tre år etter at han hadde byrja ved det medisinske programmet ved Rennes, hadde Céline gjort bortimot alt det han trong for å fullføra den medisinske grada si. Doktoravhandlinga hans, Livet og verket til Ignaz Semmelweis var annleis enn dei fleste medisinske doktoravhandlingar, det var eit diktarverk, fullført i 1924. Ignaz Semmelweis sitt bidrag «var umåteleg og det stod, i følgje med Céline, i direkte proporsjon til livselendet hans.» Doktoravhandlinga fekk lesaren til å sperra opp auga frå første side: han byrja med ei visjonær skildring av den franske revolusjonen og dens blodige uhyggje, noko som avkrefta at Céline var utelukkande ein medisinar.[5][8] I 1924 byrja Céline å arbeida som praktikant ved ein fødeklinikk i Paris.

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

I 1925 forlét Céline familien sin, og kom aldri tilbake. Han fekk arbeid for det nyoppretta Folkeforbundet, og drog til Sveits, England, Britisk Kamerun, Canada, USA og Cuba. I løpet av denne tida byrja han å skriva på eit skodespel, L'Eglise (1933; ‘Kyrkja’). I 1926 besøkte han USA og blei send til Detroit for å studera tilhøva til arbeidarane ved Ford Automotive. Effektane på arbeidarane ved samlebanda fekk han til å kjenna avsky. Artikkelen hans beskreiv fabrikken som eit sanseåtak på arbeidarane, og korleis dette angrepet bokstaveleg talt hadde gjort dei til ein del av maskina. Han vende tilbake til denne opplevinga i romanen Reisen til nattens ende.

I 1928 vende Céline tilbake til medisinen ved å etablera ein privat praksis i Montmartre i nordenden av Paris. Han spesialiserte seg i obstetrikk.[9] I 1931 avslutta han praksisen for å ta seg arbeid ved eit apotek. Samtidig arbeidde han med dei litterære skriftene sine.

Det best kjende verket hans er Voyage au bout de la nuit (1932), omsett til norsk som Reisen til nattens ende. Ho braut med dei fleste litterære konvensjonane i samtida ved å bruka rytmen i språket og ordtilfang frå det munnlege språket, og samtidig ord som normalt ikkje stod ei fransk ordliste. Bruken hans av slang og gatespråk var langt meir gjennomført, og tidvis langt meir vanskeleg enn forsøka til tidlegare forfattarar (som Émile Zola). I den graden Céline hadde eit (umedvite) litterær slektskap med tidlegare forfattarar, var det kanskje François Villon. Han kan plasserast blant dei store døds- og visjonsdiktarane som Franz Kafka, og som elles har få representantar i fransk åndsliv. Det grove, direkte språket kan føra tankane til renessansediktaren François Rabelais. I samtida til Céline er det kanskje berre vanvitsdiktaren Antonin Artaud som står han nær. I etterkrigstida er kanskje Samuel Beckett den næraste arvtakaren.[10]

I 1936 gav Céline ut den andre romanen sin, Mort à crédit, i norsk omsetjing Død på kreditt (1938). Denne byrjar der Reise til nattens ende tok slutt. Eg-forteljaren sluttar som lege for å via seg til skrivinga. Deretter går han bakover i tid til den fyste barndommen sin, og skildrar hendingane då fyrste verdskrigen braut ut, forteljaren vervar seg, og tidspunktet der Reise til nattens ende byrja. Romanen gjev ein nyskapande, kaotisk og uheroisk visjon av menneskeleg liding. I Død på kreditt har Céline i ytterlegare grad stramma til den munnlege stilen. Boka står fram som ein lang, spontan talestraum bygd opp av hovudsetningar, brote av korte eksplosive utbrot, og som ei langt meir utilgjengeleg bok enn den føre. Eidane, forbanningane og andre utbrot i henne finst knapt i nokon samtidig fransk ordbok, men samtidig verkar inga setning overflødig, men er prega av presisjon.[11] Jean-Paul Sartre var ein av dei som offentleg prisa Céline i denne perioden.

I 1935 hadde britiske litteraturkritikaren William Empson skrive at Céline verka å vera «ein mann moden for fascisme».[12] To år seinare byrja Céline å gje ut ei rekkje pamflettar som fremja sterke antisemittiske synspunkt: Bagatelles pour un massacre (‘Fjas for ein massakre’, 1937), L'École des cadavres (‘Skule for lik’, (1938) og Les Beaux draps (‘Den reine messa’, 1941). Den siste kom ut i Frankrike under den tyske okkupasjonen. Alle dei tre pamflettane er prega av giftig og hatsk antisemittisme, rasisme og skinnheilagdom. Bagatelles pour un massacre var ein endelaus tirade om jødane og den påståtte innverknaden deira på det franske samfunnet. Også dei to andre pamflettane rasa mot jødane.[13]

Før krigen hadde Céline kjempa for ein allianse mellom Frankrike og Tyskland.[14] I L'École des cadavres samanlikna han Hitler med den franske kommunistleiaren Maurice Thorez: «Kven er den sanne vennen av folket? Fascismen er. Kven har gjort mest for arbeidaren. Sovjetunionen eller Hitler? Hitler har... Kven har gjort mest for den vesle forretningsmannen? Ikkje Thorez, men Hitler!»[15]

Céline kunne også uttrykkja seg kritisk til Hitler og av det han kalla «arisk tullprat».[16][17] I februar 1944, medan Céline var til middag ved den tyske ambassaden i Paris med vennene sine Jacques Benoist-Méchin, Pierre Drieu La Rochelle og Gen Paul, forsikra han den tyske ambassadøren Otto Abetz om at Hitler var død og erstatta av «ein jødisk dobbeltgjengar».[18]

Flukta til Danmark[endre | endre wikiteksten]

Etter at Tyskland leid nederlag flykta Céline frå Frankrike i 1945. Han flykta gjennom eit krigsherja Europa til Danmark, som tok imot han ved å gje han ei fengselscelle. Med tanke på kor sentralt reisemotivet står i forfattarskapen hans, er det påfallande korleis hans eige liv speglar romanane hans. Juleaftan 1945 gjekk det føre seg ei dramatisk jakt over hustaka i København. Dansk politi prøvde å få fatt på den franske flyktningen, og til sist blei han teken. Han blei plassert ved Vestre Fengsel, der han blei sitjande i halvtanna år. I juni 1947 blei han lauslaten, og fekk flytta inn i eit sommarhus ved Korsør. Her heldt han til fram til 1951.[19]

Teksten han skreiv under opphaldet sitt i Danmark, D'un château l'autre (‘Frå det eine slottet til det andre’, gitt ut i 1957), er han direkte sjølvbiografisk og fortel om vandringa hans med kona Lucette, kompisen Le Vigan og katten Bébert gjennom eit oppløyst, sundslite Tyskland, om opphaldet på slottet Sigmaringen der Vichyregjeringa til Philippe Pétain hadde søkt tilflukt, vidare om den utmattande vandringa til den danske grensa, og det andre opphald hans på eit «slott», Vestre Fengsel.[20]

I Frankrike blei Céline kalla kollaboratør, og blei dømd in absentia i 1950 og erklærte som indignité nationale, «ei nasjonal skam». Han fekk til sist amnesti og kunne venda tilbake til Frankrike i 1951.

Etter at han kom tilbake klaga han over det øydelagde omdømmet sitt, men han bad aldri om orsaking for dei antisemittiske skriftene sine. I staden kom han med ytterlegare utsegner i tråd med Holocaust-fornekting der han hevda at «den kvite arisk-kristne sivilisasjon» hadde stansa med Stalingrad og at han tidleg i livet hadde innsett at jødar var «utbyttarar».[21]

Céline busette seg i Meudon like utanfor Paris der han fekk besøk frå fleire venner og kunstnarar, blant dei den kjende skodespelaren og motemodellen Arletty. Blant den amerikanske Beat-generasjonen var han godt kjend. Både William S. Burroughs og Allen Ginsberg – som var jøde – vitja han i den overgrodde leilegheita hans utanfor Paris på 1950-talet. Han heldt fram som lege, og dei få pasientane som kom, møtte han kledd i ei lang fotsid kappe, omgitt av ei rekkje hundar, fuglar og kattar. Céline døydde i 1961 av sprokken aneurisme. Han blei gravlagd på ein liten kyrkjegard ved Bas Meudon (ein del av Meudon i departementet Hauts-de-Seine). Huset hans brann ned natta til 23. mai 1968, og manuskript, innbu og minne gjekk tapt, men papegøyen hans Toto overleved i eit tilstøytande fuglehus.

Arva etter Céline er bevart, meir eller mindre i forfattarskapane til namn som Samuel Beckett, Jean-Paul Sartre, Queneau og Jean Genet mellom anna. Jean-marie Gustave Le Clézio, Alain Robbe-Grillet og Roland Barthes har uttrykt beundring for han. I USA har forfattarar som Charles Bukowski, Henry Miller, Jack Kerouac, Joseph Heller, Kurt Vonnegut, Jr., William S. Burroughs, Edward Abbey, Jim Morrison og Ken Kesey trekt vekslar på prosaen hans.[22] Bukowski skreiv «først av alt, les Céline; den største forfattaren på 2 000 år».[23] Céline påverka også Irvine Welsh, Günter Grass og Raymond Federman.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Carnet du Cuirassier Destouches, 1913
  • Des vagues (novelle), 1917
  • La Vie et l'œuvre de Philippe Ignace Semmelweis, doktoravhandling, 1924
  • La Quinine en thérapeutique, 1925, utgitt under forfattarnamnet «Docteur Louis Destouches»
  • Reise til nattens ende (Voyage au bout de la nuit), 1932 (E-bok fra NB)
  • L'Église, 1933
  • Hommage à Émile Zola, tale frå 1933 gjeven ut i 1936
  • Død på kreditt (Mort à crédit), 1936 (E-bok fra NB)
  • Mea Culpa, 1936
  • Bagatelles pour un massacre, 1937; pamflett
  • L'École des cadavres, 1938 pamflett
  • Les Beaux Draps, 1941 pamflett
  • Guignol's Band, 1944
  • Réponses aux accusations formulées contre moi par la justice française au titre de trahison et reproduites par la Police Judiciaire danoise au cours de mes interrogatoires, pendant mon incarcération 1945–1946 à Copenhague, 6. november 1946. Forsvar mot anklagene om landsforræderi frå dei franske styresmaktene.
  • Casse-pipe, 1949
  • Féerie pour une autre fois, 1952
  • Normance, 1954; oppfølgjar til Féerie pour une autre fois
  • Entretiens avec le Professeur Y, 1955
  • D'un château l'autre, 1957
  • Nord, 1960
  • Le Pont de Londres − Guignol's band II, utgitt anonymt i 1964
  • Rigodon, fullført i 1961, men utgitt posthumt i 1969

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Reisen til nattens ende» Arkivert 24. september 2015 på Wayback Machine., Gyldendal Norsk Forlag. Sitat: «...en av de største, men også mest omstridte forfattere i fransk litteratur. Han blir også regnet som en av de mest innflytelsesrike forfatterne på 1900-tallet...»
  2. Haarberg, Jon et al (2007): Verdenslitteratur. Den vestlige tradisjonen, Oslo: Universitetsforlaget, s. 449
  3. «Fredrik Wandrup intervjuet om Reisen til nattens ende», Bokklubben.no
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 O'Connell, David (1976): Twayne's World Author Series: Louis Ferdinand-Céline. Twayne Publishers. ISBN 0-8057-6256-6. s. 14
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 McCarthy, Patrick (1975): Céline: A Biography. Viking Press. ISBN 0140045341.
  6. Cottington, David (1998): Cubism in the Shadow of War: The Avant-garde and Politics in Paris, 1905–1914, New Haven and London: Yale University Press, s. 33–37
  7. l'Illustré National, november 1915, s. 16
  8. Beyer, Edvard et al (1974): Verdens litteraturhistorie, bind 11 Mellomkrigstiden, Oslo, s. 327
  9. O'Connell, David (1976): Twayne's World Author Series: Louis Ferdinand-Céline. Twayne Publishers. ISBN 0-8057-6256-6. s. 15
  10. Beyer, Edvard et al (1974): Verdens litteraturhistorie, bind 11 Mellomkrigstiden, Oslo, s. 332-333
  11. Beyer, Edvard et al (1974): Verdens litteraturhistorie, bind 11 Mellomkrigstiden, Oslo, s. 331
  12. Empson, William (1935): Some Versions of the Pastoral, Chatto & Windus, s. 11
  13. Fraser, Nicholas (26 november 2002): The Voice of Modern Hatred: Tracing the Rise of Neo-Fascism in Europe. Woodstock, NY: Overlook Press, The. ISBN 978-1-58567-332-2. s. 36
  14. Atkins, Stephen E. (2009): Holocaust Denial As an International Movement, ABC-CLIO, s. 87.
  15. Axelrod, Mark (2004): Borges' Travel, Hemingway's Garage: Secret Histories. University of Alabama Press. s. 101.
  16. O'Connell, David (1976): Twayne's World Author Series: Louis Ferdinand-Céline. s. 32
  17. Luce, Stanford (1986): Innledningen til Céline: Conversations with Professor Y, s. xii
  18. Benoist-Méchin, Jacques (1911): À l’épreuve du temps. Souvenirs, Perrin
  19. Beyer, Edvard et al (1974): Verdens litteraturhistorie, bind 11 Mellomkrigstiden, Oslo, s. 325
  20. Beyer, Edvard et al (1974): Verdens litteraturhistorie, bind 11 Mellomkrigstiden, Oslo, s. 334
  21. Céline, Louis-Ferdinand: Castle to Castle. New York: Delacorte Press. s. v, xii.
  22. O'Connell s. 148
  23. Bukowski, Charles (1969): Notes of a Dirty Old Man. San Francisco: City Light Books. s. 69.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Louis-Ferdinand Céline