Love in an Elevator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Love in an Elevator
Singel av Aerosmith
frå albumet Pump
B-side

Young Lust

Utgjeve 15. august 1989[1][2]
Innspelt April til juni 1989
Studio Little Mountain Sound Studios, Vancouver[3]
Sjanger
Lengd
  • 5:39 (album)
  • 3:38 (singel)
Selskap Geffen
Låtskrivar(ar)
Produsent Bruce Fairbairn[3]
Aerosmith-kronologi 
«Rag Doll»
(1988)
Love in an Elevator «F.I.N.E.*»
(1989)


«Love in an Elevator» er ein song av det amerikanske rockebandet Aerosmith, skriven av Steven Tyler og Joe Perry. Han kom ut i august 1989 som den første singelen frå det tredje albumet deira på Geffen Records, Pump, gjeve ut i september.[1] Singelen nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og gjekk til topps på Hot Mainstream Rock Tracks chart.[8] RIAA sertifiserte singelen til gullplate.[9]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Tyler var songen basert på ei faktisk oppleving der han klinte med ei kvinne i ein heis og dørene opna seg.[10] Tyler sa at «Det kjendest som eit heilt liv å venta på at dørene skulle lukka seg.»[10]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Love in an Elevator», som dei andre spora på Pump, vart spelt inn ein gong i april til juni 1989 i Little Mountain Sound Studios i Vancouver. Songen vart produsert av Bruce Fairbairn og vart lydteknisk utført av Mike Fraser med Ken Lomas som andre lydteknikar, og i tillegg til Aerosmith – Steven Tyler (solovokal), Joe Perry (gitarar, korvokal), Brad Whitford (gitarar, korvokal), Tom Hamilton (bass, korvokal) og Joey Kramer (trommer) - var Bob Dowd (korvokal), Bruce Fairbairn (korvokal) og Catherine Epps (heisoperatør).[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" 45 RPM[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Love in an Elevator»Joe Perry, Steven Tyler 
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Young Lust»Tyler, Perry, Jim Vallance 

CD-singel[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Love in an Elevator» (Edit)Perry, Tyler3:42
2.«Ain't Enough»Perry, Tyler5:03
3.«Young Lust» (LP Version)Tyler, Perry, Jim Vallance4:22

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til «Love in an Elevator» vart regissert av Marty Callner.[11] I byrjinga av videoen går Aerosmith gjennom eit fancy varehus. Ein heisoperatør (spelt av tidlegare Playboy-modell Brandi Brandt) spør Tyler suggestivt om han «går ned». Tyler hoppar inn i heisen før bandet byrjar å spela songen på scena (med fleire klipp til scener i varehuset).[12][13] [14]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Sangen vart nominert til ein Grammypris i 1990 for beste hardrocksong, men tapte mot Living Colour.

På konsert[endre | endre wikiteksten]

Songen har konsekvent vore ein fast del av settlista til bandet på nesten alle turnear dei har spelt sidan songen vart gitt ut. Det er ein fanfavoritt og er godt kjent blant mainstream-publikummet.

Tyler endrar ofte teksten på konsertane til noko meir kontroversielt og banneprega; på ein versjon av songen på livealbumet A Little South of Sanity, henta frå turneane til bandet på 1990-talet, kan lyttarane høyra Tyler seia «jackin' in the elevator» og «lick your funky ass» (eller «fucking ass») i staden for «kiss your sassafras».

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Australia (ARIA)[15] 33
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[16] 28
Canada Top Singles (RPM)[17] 13
Nederland (Mega Single Top 100)[18] 14
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[19] 9
New Zealand (RIANZ)[20] 14
Polish Singles Chart[21] 15
UK Singles (Official Charts Company)[22] 13
US Billboard Hot 100[23] 5
US Mainstream Rock (Billboard)[24] 1

Årsliste[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[25] 99
U.S. Billboard Hot 100[26] 81

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[27] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Strong, Martin (2002) [First published in 1994]. The Great Rock Discography (Sixth utg.). Storbritannia: Canongate Books. ISBN 1-84195-312-1. 
  2. «Aerosmith - Singles». hitparade.ch. Henta 15. mai 2023. «Click on individual song pages for dates.» 
  3. 3,0 3,1 3,2 Big Ones (CD insert). Aerosmith. Geffen Records. 1994. GEFD-24716. 
  4. Rivadavia, Eduardo (28. februar 2017). «Aerosmith Albums Ranked». Loudwire. Henta 9. februar 2021. 
  5. Popoff, Martin (2014). The big book of hair metal : the illustrated oral history of heavy metal's debauched decade. Minneapolis, MN. s. 174. ISBN 978-0-7603-4546-7. OCLC 858901054. 
  6. Rolli, Bryan (1. juli 2021). «Top 30 Glam Metal Albums». Ultimate Classic Rock (på engelsk). Henta 1. juli 2021. 
  7. 7,0 7,1 Goldsmith, Melissa Ursula Dawn (2019). Listen to Classic Rock! Exploring a Musical Genre. ABC-CLIO. s. 26. ISBN 978-1-4408-6579-4. 
  8. «Aerosmith - Billboard Singles». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 15. mai 2023. 
  9. «Gold & Platinum». RIAA. Henta 15. mai 2023. 
  10. 10,0 10,1 «The 20 Songs That Can Represent The Career Of Aerosmith». Society of Rock. 8. juli 2020. Henta 23. mai 2022. 
  11. «Aerosmith - Love In An Elevator (1989)». IMVDb. Henta 2. januar 2021. 
  12. Brown, Pete (11. juni 2019). «Love in an Elevator». Medium. Henta 2. januar 2021. 
  13. «Contemplating Love in an Elevator». Columbus Calling. 25. juni 2013. Henta 2. januar 2021. 
  14. «Kjærlighet i en heis». Columbus Calling. 25. juni 2013. Henta 2. januar 2021. 
  15. "Australian-charts.com – Aerosmith – Love in an Elevator". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  16. "Ultratop.be – Aerosmith – Love in an Elevator" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  17. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  18. "Dutchcharts.nl – Aerosmith – Love in an Elevator" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  19. "Nederlandse Top 40 – week 40, 1989" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  20. "Charts.org.nz – Aerosmith – Love in an Elevator". Top 40 Singles. Hung Medien.
  21. «Polish Singles Chart». Lp3.polskieradio.pl. 23. desember 1989. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 9. september 2012. 
  22. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  23. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  24. "Aerosmith Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 11. mai 2023.
  25. «Top 100-Jaaroverzicht van 1989». Nederlandsk Topp 40. Henta 22. april 2020. 
  26. «Billboard Top 100 - 1989». Arkivert frå originalen 25. januar 2010. Henta 9. februar 2010. 
  27. «American single salstrofé – Aerosmith – Love in an Elevator». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH