Janie's Got a Gun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janie's Got a Gun
Singel av Aerosmith
frå albumet Pump
B-side

Voodoo Medicine Man

Utgjeve 8. november 1989[1]
Sjanger
Lengd
    • 5:38 (album med introen «Water Song»)
    • 5:28 (singel)
    • 4:16 (rein radioversjon)
Selskap Geffen
Låtskrivar(ar) Steven Tyler, Tom Hamilton
Produsent Bruce Fairbairn
Aerosmith-kronologi 
«F.I.N.E.*»
(1989)
Janie's Got a Gun «What It Takes»
(1989)


«Janie's Got a Gun» er ein song av det amerikanske rockebandet Aerosmith, skriven av Steven Tyler og Tom Hamilton. Songen kom ut som den andre singelen frå Pump i 1989, og nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og andreplassen på Billboard Album Rock Tracks-lista i 1990. I Australia nådde songen førsteplassen, og vart den første av to nummer éin-singlar for Aerosmith der. Han vart òg nummer to i Canada, nummer 12 i Sverige og nummer 13 i New Zealand.

Songen skildrar ei ung kvinne som planlegg hemn for overgrep i barndommen. Han vann bandet ein Grammypris for beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal i 1990.[5]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

På albumet blir «Janie's Got a Gun» innleidd av ein 10 sekunds instrumental kalla «Water Song», som laga av instrumentalisten Randy Raine-Reusch, som bruker eit glasorgel, vindgong og brummar for å produsera spesialeffektane som høyrest i starten av songen.[6]

Bakgrunn og låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Tyler kom opp med hovudriffet ved å bruke ei låg toneinnstilling på keyboardet sitt. Hamilton skapte basslinja.[7] Gitarane og trommene vart lagt til seinare og Tyler skreiv teksten.[7] Gitarsoloen til Joe Perry er akkompagnert av hovudriffet og rytmisk klapping. Songen bruker òg Slap Bass-instrumentet frå Korg M1. I eit intervju med Rolling Stone frå 1994 skildra Tyler opphavet til songen:

« Eg skreiv songen i kjellaren min, berre kødda rundt. «Åh, Janie har ein pistol.» Eg fekk gåsehud. Eg sat i månadsvis og venta på at orakelet skulle opna seg. Så bladde eg i Time og såg ein artikkel om 48 timar, minutt for minutt, med drap med handvåpen i USA. Så tenner eg på vinklinga om barnemishandling. Eg hadde høyrt denne kvinna snakka om kor mange barn som blir angripne av mødrene og fedrane sine. Det var faen meg skremmande. Eg kjende, eg må syngja om dette.[8] »

Songaren erklærte: «Eg vart veldig sint for at ingen hylla dei som vart misbrukte av mamma og pappa.»[9] Linja «He jacked a little bitty baby» var opphavleg «He raped a little bitty baby,» men Geffen Records A&R-sjef John Kalodner argumenterte for at bandet burde endra ho, og forklarte at han følte at songen hadde potensial til å bli ein hit og var sikker på at han ikkje ville bli spelt på kommersiell radio med ordet «rape» (valdtekt) i seg.[7] Tyler syng ofte den originale linja når han opptrer live. I tillegg vart linja «...and put a bullet in his brain» endra til «...she left him in the pouring rain» for radioversjonen.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen vart regissert av David Fincher.[10] Janie blir spelt av skodespelaren Kristin Dattilo. Foreldra hennar blir spelte av Nicholas Guest og Lesley Ann Warren.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Listes (1989–1990) Plassering
Australia (ARIA)[11] 1
Canada Top Singles (RPM)[12] 2
New Zealand (RIANZ)[13] 13
Sverige (Sverigetopplistan)[14] 12
UK Singles (Official Charts Company)[15] 76
US Billboard Hot 100[16] 4
US Mainstream Rock (Billboard)[17] 2
US Cash Box Top 100[18] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Australia (ARIA)[19] 19
Canada Top Singles (RPM)[20] 31
US Billboard Hot 100[21] 61

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[22] Platina 70 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «30 Years Ago: Aerosmith Tackle Abuse With 'Janie's Got a Gun'». Ultimate Classic Rock. Henta 15. mai 2023. 
  2. Rivadavia, Eduardo (28. februar 2017). «Aerosmith Albums Ranked». Loudwire. Henta 9. februar 2021. 
  3. 3,0 3,1 Goldsmith, Melissa Ursula Dawn (2019). Listen to Classic Rock! Exploring a Musical Genre. ABC-CLIO. s. 26. ISBN 978-1-4408-6579-4. 
  4. Masley, Ed (8. juni 2015). «25 best Aerosmith singles, from 'Dream On' to 'Crazy'». The Arizona Republic. Henta 16. mars 2021. 
  5. «Vinnere: beste rockesong av en duo eller gruppe med vokal». Grammy.com. Henta 15. mai 2023. 
  6. Raine-Reusch, Randy. «Aeromsith, Yes, Cranberries». asza.com. Henta 15. mai 2023. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Benitez-Ives, Tina (6. mai 2023). «The Heavier Meaning Behind Aerosmith's 1989 Hit 'Janie's Got a Gun'». American Songwriter. Henta 5. mai 2022. 
  8. Fricke, David (3. november 1994). «Talk this way - the Rolling Stone interview with Aerosmith's Steven Tyler». Rolling Stone: 60. 
  9. Billboard 110. Nielsen Business Media, Inc. 15. august 1998. s. A-26. 
  10. Irwin, Corey (8. november 2019). «30 Years Ago: Aerosmith Tackle Abuse With 'Janie's Got a Gun'». Ultimate Classic Rock (på norsk). Henta 8. juli 2021. 
  11. "Australian-charts.com – Aerosmith – Janie's Got a Gun". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  12. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  13. "Charts.org.nz – Aerosmith – Janie's Got a Gun". Top 40 Singles. Hung Medien.
  14. "Swedishcharts.com – Aerosmith – Janie's Got a Gun". Topp 60. Hung Medien.
  15. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  16. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  17. "Aerosmith Chart History (Mainstream Rock)". Billboard.
  18. «U.S. Cash Box Charts» (PDF). popmusichistory. Henta 9. mars 2023. 
  19. «ARIA Top 100 Singles for 1990». ARIA. Henta 26. desember 2020. 
  20. «Top 100 Hit Tracks of 1990». RPM (Library and Archives Canada). Henta 17. april 2018. 
  21. «Billboard Top 100 – 1990». Arkivert frå originalen 6. juli 2009. Henta 15. september 2009. 
  22. «ARIA Charts – Accreditations – 1990 Singles». Australian Recording Industry Association.