Songen Draw the Line

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Draw the Line
Singel av Aerosmith
frå albumet Draw the Line
B-side

Bright Light Fright

Utgjeve 6. oktober 1977
Innspelt 1977
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 3:24
Selskap Columbia
Tekstforfattar Steven Tyler
Låtskrivar(ar) Steven Tyler, Joe Perry
Produsent Jack Douglas
Aerosmith-kronologi 
«Back in the Saddle»
(1977)
Draw the Line «Kings and Queens»
(1978)


«Draw the Line» er ein song av amerikanske hardrockband Aerosmith. Han var skriven av Steven Tyler og Joe Perry, og kom ut i 1977 som den første singelen (og tittelsporet) frå albumet Draw the Line. Han nådde 42. plassen Billboard Hot 100. Songen kom ut på albumet deira Greatest Hits.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Låten inneheld mange av dei typiske tinga Aerosmith er kjende for, inkludert den sterke rytmiske etterslaget toø Tom Hamilton og Joey Kramer, saman med samspelet mellom gitaristane Joe Perry og Brad Whitford. Songen roar seg ned før han byggjer seg opp til eit klimaks med det karakteristiske skriket til Steven Tyler.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

På scenen er likevel hovudfokuset på gitaristen Joe Perry, som speler ein lengre gitarsolo før klimaksen til songen, og fordi han på songen nyttar ei open stemming på gitaren, kan han utføre ulike triks. Mellom anna legg han gitaren på golvet og slår på han med skjorta, og trommeslagaren Joey Kramer slår ein rytme over strengene med trommestikkene. Songen dukkar opp som eit skjult spor på Live! Bootleg.

På nyare turnear har han òg vore kjend for å bruka ein Theremin i ein lengre solo i songen, ofte liknande slik Jimmy Page gjorde i stordomstida til Led Zeppelin. Bandet følgjer ofte opp med ein kort snutt av Led Zeppelin-songen «Whole Lotta Love» før dei vender tilbake til songen.

B-sida[endre | endre wikiteksten]

«Bright Light Fright», sunge av Joe Perry, òg frå Draw The Line-albumet dukkar opp som B-sida på dei fleste versjonane av singelen. Ein seinare Columbia «Hall Of Fame»-singel parar «Draw The Line» med «Chip Away the Stone», ein frittståande singel frå 1978 som ikkje vart gitt ut på LP før Gems i 1988.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Thrash metal-bandet Testament spelte inn ein versjon av «Draw the Line» til ein samleplate, noko som gjorde han til den andre Aerosmith-låten dei har covra, den første var «Nobody's Fault».

Jeff Keith, Tommy Skeoch, Tony Levin og Eric Singer spelte inn songen til hyllestalbumetet Not the Same Old Song and Dance (Eagle Records, 1999).

Ein stereo-remix finst på Pandora's Box og samleplata O, Yeah! Ultimate Aerosmith Hits.

Pearl Jam framførte ein versjon av songen for første gong på showet sitt 5. august 2016 på Fenway Park i Boston.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]