You See Me Crying

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You See Me Crying
Singel av Aerosmith
frå albumet Toys in the Attic
B-side

Toys in the Attic

Språk engelsk
Utgjeve 11. november 1975
Innspelt 1975
Sjanger Softrock, powerballade
Lengd
  • 3:00 (singel)
    • 5:12 (album)
Selskap Columbia
Tekstforfattar Steven Tyler
Låtskrivar(ar) Steven Tyler, Don Solomon
Produsent Jack Douglas
Aerosmith-kronologi 
«Walk This Way»
(1975)
You See Me Crying «Dream On» (nyutgjeving)
(1976)


«You See Me Crying» er ein powerballade av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Han kom ut i 1975 som det siste sporet på gjennombrotsalbumet deira, Toys in the Attic. Ein kortare miks av songen vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i november 1975, men gjekk ikkje inn på hitlista.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein kompleks pianoballade og vart tungt orkestrert. Aerosmith og produsenten Jack Douglas henta inn eit symfoniorkester til songen, som vart dirigert av Mike Mainieri. Sjølve songen vart skriven av vokalisten Steven Tyler og den eksterne samarbeidspartnaren Don Solomon. Nokre av bandmedlemmene vart frustrerte over songen, som tok lang tid å fullføra, på grunn av dei mange komplekse tromme- og gitarpartia. På grunn av det komplekse arrangementet med piano og orkester speler Aerosmith sjeldan songen live.[1]

Plateselskapet til bandet, Columbia Records, var likevel svært imponert over songen og innspelingsprosessen. Bruce Lundvall, dåverande president i Columbia, kom inn på innspelinga av Toys då bandet jobba med songen og noterte: «De har noko utruleg på gang her. Eg kom nettopp frå ei Herbie Hancock-innspeling og dette er mykje kjekkare».[2]

Brad Whitford spelte sologitar på songen, i staden for den vanlege sologitaristen deira Joe Perry.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Cash Box kalla songen «ein rockeballade som garantert vil gi knutar på platespelaren» og at «heavy metal-entusiastar vil setja pris på den storstilte produksjonen då Aerosmith høyrast ut som fem store symfoniorkester som alle speler ulike songar.»[3] Ultimate Classic Rock-kritikaren Chad Childers rangerte han som den tiande beste songen til Aerosmith på 1970-talet, og sa at Tyler viser «ei evne for rockballader som ville tena han godt i dei kommande tiåra.»[1]

Framføringsnotat[endre | endre wikiteksten]

Den endelege versjonen av songen vart teken frå opptak 12, 14 og 15, og singelversjonen av songen vart redigert ned til 3:00.[4]

Han har berre vorte framført live éin gong, 26. juni 2009, i Jones Beach Theater i Wantagh i New York under Aerosmith/ZZ Top-turneen.

Medan Aerosmith planla Back in the Saddle-turneen og spelte inn albumet Done with Mirrors i løpet av 1984, spelte DJ Mark Parenteau frå Boston songen. Tyler likte songen så godt at han foreslo at gruppa hans skulle spela inn ein coverversjon, berre for å bli fortald av Perry: «Det er oss, din kødd.» Tyler leid av minneproblem på den tida på grunn av tung narkotikabruk.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Childers, Chad (10. september 2012). «Topp 10 Aerosmith-sanger fra 70-tallet». Ultimate Classic Rock. Henta 5. mai 2023. 
  2. Douglas, S. og Aerosmith: Walk This Way: The Autobiography of Aerosmith, s. 234. Avon, 1997, ISBN 0-380-97594-7
  3. «CashBox Singles Reviews» (PDF). Cash Box. 22. november 1975. s. 34. Henta 4. mai 2023. 
  4. Toys in the Attic, 1993, Remastered Liner Notes
  5. Bienstock, Richard (2011). Aerosmith: The Ultimate Illustrated History of the Boston Bad Boys. Voyageur Press. s. 119. ISBN 978-0-7603-4106-3.