Pump av Aerosmith
Pump Studioalbum av Aerosmith | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. september 1989[1] | |
Innspelt | January–June 1989 | |
Studio | Little Mountain Sound, Vancouver, Canada | |
Sjanger | ||
Lengd | 47:44 | |
Selskap | Geffen | |
Produsent | Bruce Fairbairn | |
Aerosmith-kronologi | ||
---|---|---|
Permanent Vacation (1987) |
Pump | Get a Grip (1993)
|
Singlar frå Pump | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [4] |
Christgau's Record Guide | B+[5] |
The Daily Vault | A[6] |
Q | [7] |
Rolling Stone | [8] |
Spin | (positiv)[9] |
Pump er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Aerosmith. Det kom ut 12. september 1989 på Geffen Records. Albumet nådde femteplassen på den amerikanske albumlista,[10] og selde til 7x platina hos RIAA i 1995.[1]
Albumet inneheld hitsinglane «Love in an Elevator», «The Other Side», «What It Takes», «Janie's Got a Gun», som alle gjekk inn på topp 40 på Hot 100 i USA. Det har òg eit sertifisert sal på sju millionar eksemplar i USA til dags dato, og er delt med etterfølgjaren Get a Grip som Aerosmiths nest mest selde studioalbum i USA (Toys in the Attic leiar med ni millionar). Det produserte ei rekkje suksessar og «førstegangar» for bandet, inkludert deira første Grammy Award («Janie's Got a Gun»).[8] «Love in an Elevator» vart den første Aerosmith-låten som nådde førsteplassen på Mainstream Rock Tracks-lista. Albumet vart det fjerde bestseljande albumet i 1990.[11]
I Storbritannia var det det andre Aerosmith-albumet som selde til sølvplate (60 000 selde einingar) av British Phonographic Industry, og oppnådde dette i september 1989.
Pump var det andre av tre Aerosmith-album som vart spelt inn etter kvarandre med produsent Bruce Fairbairn og lydteknikarane Mike Fraser og Ken Lomas i Little Mountain Sound Studios.
Ein videodokumentar om innspelinga, The Making of Pump, vart gitt ut i 1990.
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]I desember 1988 kom Aerosmith saman på Rik Tinory Productions i Cohasset i Massachusetts for å øva og komponera nye songar, då bandmedlemmene trudde at sidan studioet låg isolert til, ville det hjelpa kreativiteten deira. Dei skreiv over 19 songar, fordelt på ei «A-liste» med songar som vart rekna som moglege hittar, som «Love in an Elevator» og «What It Takes», og ei «B-liste» med songar som enno ikkje var utvikla, som «Voodoo Medicine Man». Produsenten Bruce Fairbairn fokuserte på å få så mange knaggar i låtane som mogleg.[12]
Nokre songar som vart foreslått til albumet, men aldri gitt ut i si opphavlege form, inkluderer «Girl's Got Somethin'», «Is Anybody Out There», «Guilty Kilt», «Rubber Bandit», «Sniffin'» og «Sedona Sunrise». Mange songar hadde òg alternative titlar, til dømes heitte «Voodoo Medicine Man» opphavleg «Buried Alive» og «News for Ya Baby». Dei fleste av desse songane kan sjåast på bilete av ei tavle i studioet og i opptak frå The Making of Pump.
I januar 1989 drog bandet til Vancouver for igjen å spela inn musikk i Fairbairn sitt Little Mountain Sound, der produsenten hadde styrt Bon Jovi sitt Slippery When Wet og New Jersey. «Eg høyrer ikkje eingong på Bon Jovi,» protesterte Steven Tyler, «så me sa ikkje: 'Å, shit, dei hadde eit flott album', og drog opp dit.»[13]
Intensjonen med albumet var å utforska ein råskap som hadde vorte glatta over for eit kommersielt lydbilete i Permanent Vacation.[14] Joe Perry uttalte at «Då me skulle gjera dette albumet, visste me kva me ville, me ville fjerne litt feitt me kjende på vårt førre. Me sa ikkje 'Me treng ein narkotikasong eller ein barnemishandlingssong,' men når dei passa, brukte me dei. Sånn er Aerosmith: me er ikkje bundne av nokre reglar.» Denne flukta frå reglane førte til dei instrumentale mellomspela mellom songane.[15] Mellomspela vart gjorde i samarbeid med musikaren Randy Raine-Reusch, som vart henta til studioet etter at Perry og Tyler besøkte huset hans for å leita etter uvanlege instrument å bruka.[16] Mange av tekstane har seksuelle tema, noko Tyler tilskreiv at han «tok igjen den tapte tida» han brukte på å bruka narkotika i staden for å ha sex på 1970-talet.[14]
På ein MTV-spesial i 1989 med tittelen «Aerosmith Sunday» forklarte Brad Whitford albumtittelen med «No som har slutta med dop, er med alle så gira.»[17]
Steven Tyler angra på at han ikkje hadde lagt tekstane i albumheftet, noko som skjedde fordi Geffen var redd for at Parents Music Resource Center ville protestera over tekstinnhaldet med mange sex- og narkotikareferansar.[18] For å bøta på denne utelatinga vart tekstane inkluderte i turnéprogrammet. Albumomslaget har eit svart-kvitt bilete av ein mindre International K Series-lastebil på toppen av ein større International KB Series-lastebil, begge med lasteplanet fjerna. International-merkinga i krom på panseret er erstatta med bokstavane «F.I.N.E.», ei forkorting for «Fucked Up, Insecure, Neurotic, and Emotional», som det står i notata i omslaget.
Søksmål
[endre | endre wikiteksten]Aerosmith hamna i ei rettssak etter at eit lite rockeband ved namn Pump saksøkte managementsselskapet til Aerosmith for krenking av eit varemerke.[19] Aerosmith vann saka.[17] Aerosmith hamna òg i juridiske problem då låtskrivarteamet Holland-Dozier-Holland trua med å saksøkja bandet fordi hovudmelodien i Aerosmith-songen «The Other Side» likna på melodien i songen «Standing in the Shadows of Love». Som ein del av forliket gjekk Aerosmith med på å leggja til «Holland-Dozier-Holland» i låtskrivarkredittane for «The Other Side».
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Albumet fekk stort sett positiv mottaking, og har i ettertid vorte kalla «eit høgdepunkt i glam metal-æraen».[20]
«I ei tid då unge kanonar frå Mötley Crüe til Poison gjorde sitt beste for å ta over heavy metal-krona frå folk som Def Leppard og Bon Jovi,» noterte Q, «måtte det ein gjeng med gamle, forvirra veteranar som Aerosmith til for å komma opp med årets beste metal-album.»[21]
«Aerosmith er framleis den regjerande kongen av hardrocken,» skreiv Rolling Stone. «Men Pump – verkeleg subtil – har meir å by på enn garderobelatter, som den gode gamle, kjappe knasinga (rundt Toys in the Attic) i 'Young Lust', den frekke klask og kilinga i 'My Girl' og kjøkkenvask-lyden i 'Janie's Got A Gun'.»[22]
«Herrane Tyler og Perry,» noterte Hi-fi News & Record Review, «har rydda opp, støvsoge nasebora, lagt til noka fleire utvalde grønsaker til torskestykka sine og komme opp med noko særs imponerande.»[23]
Magasinet Spin plasserte albumet på 279. plassen på lista si over «Dei 300 beste albuma dei siste 30 åra», og sa «Aerosmith får ingen respekt for å finna det perfekte punktet mellom skamløysa og 80-tals slesk-metall og det sjølvmedvitne blunket til 90-talets proto-ironiske MTV-kultur».[24]
Loudwire rangerte albumet på fjerdeplass i rangeringa si av Aerosmith studioalbum, og sa: «'Pump', som multiplatina føregangaren Permanent Vacation, kom utan blygsel 80-talets hår-metal-trendane i møte med blanke megaproduksjonar som 'Love in an Elevator' og den Grammy-vinnande 'Janie's Got a Gun', men det gjorde òg ein prisverdig jobb med å gjenoppliva den gamle Aerosmith-stilen på massevis av fantastiske låtar».[25]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Young Lust» | Steven Tyler, Joe Perry, Jim Vallance | 4:19 |
2. | «F.I.N.E.*» | Tyler, Perry, Desmond Child | 4:08 |
3. | «Going Down/Love in an Elevator» | Tyler, Perry | 5:38 |
4. | «Monkey on My Back» | Tyler, Perry | 3:56 |
5. | «Water Song/Janie's Got a Gun» | Tyler, Tom Hamilton | 5:40 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Dulcimer Stomp/The Other Side» | Tyler, Vallance, Brian Holland, Lamont Dozier, Eddie Holland[26][27] | 4:56 |
2. | «My Girl» | Tyler, Perry | 3:10 |
3. | «Don't Get Mad, Get Even» | Tyler, Perry | 4:48 |
4. | «Hoodoo/Voodoo Medicine Man» | Tyler, Brad Whitford | 4:41 |
5. | «What It Takes» (inkluderer eit instrumentalt løynd spor komponert og framført av Randy Raine-Reusch) | Tyler, Perry, Child | 6:28 |
Total lengd: | 47:44 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Ain't Enough» | Tyler, Perry | 4:57 |
Total lengd: | 52:46 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Aerosmith
- Steven Tyler – solovokal, gitar, klaverinstrument, munnspel
- Joe Perry – gitar: andre solo på «Love in an Elevator», slidegitar på «Monkey on My Back», korvokal
- Brad Whitford – gitar: sologitar på «Voodoo Medicine Man» og første solo på «Love in an Elevator»
- Tom Hamilton – bassgitar, korvokal på «Love in an Elevator»
- Joey Kramer – trommer
Andre medverkande
- Bob Dowd – korvokal på «Love in an Elevator»
- Catherine Epps – talt intro (Elevator Operator) på «Love in an Elevator»
- Bruce Fairbairn – trompet, korvokal på «Love in an Elevator»
- The Margarita Horns (Bruce Fairbairn, Henry Christian, Ian Putz, Tom Keenlyside) – massingblåseinstrument, saksofon
- John Webster – klaverinstrument
- Randy Raine-Reusch – musikalske mellomspel (glassharmonium på «Water Song», appalachisk dulcimer på «Dulcimer Stomp», didgeridoo på «Don't Get Mad, Get Even» og thailandsk khaen på «Hoodoo»)
Produksjon
- Produsent: Bruce Fairbairn
- Lydteknikarar: Michael Fraser, Ken Lomas
- Miksing: Mike Fraser
- Mastering: Greg Fulginiti
- Mastering oversyn: David Donnelly
- Kunstnarisk leiar: Kim Champagne, Gabrielle Raumberger
- Logo design: Andy Engel
- Fotografi: Norman Seeff
- Tatovering: Mark Ryden
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Tiårsliste[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[45] | 2× Platina | 140 000^ |
Canada (Music Canada)[46] | 7× Platina | 700 000^ |
Tyskland (BVMI)[47] | Gull | 250 000^ |
New Zealand (RMNZ)[48] | Platina | 15 000^ |
Storbritannia (BPI)[49] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[50] | 7× Platina | 7 000 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pump (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Pump - RIAA: Gull & Platinum». RIAA. Henta 15. mai 2023.
- ↑ Brackett, Nathan; Hoard, Christian David (2004). The New Rolling Stone Album Guide. Simon and Schuster. s. 8. ISBN 978-0-7432-0169-8.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «Aerosmith - Singles». hitparade.ch. Henta 15. mai 2023. «Click on individual song pages for dates.»
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. Review på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (1990). «A». Christgau's Record Guide: The '80s. Pantheon Books. ISBN 0-679-73015-X. Henta 15. mai 2023 – via robertchristgau.com.
- ↑ Narvaez, Alfredo (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Pump». dailyvault.com. Henta 14. mai 2023.
- ↑ Q Magazine 04/01/2001
- ↑ 8,0 8,1 Neely, Kim (19. oktober 1989). «Pump». Rolling Stone.
- ↑ Blashiff, Pat (November 1989). «Reviews: Aerosmith - Pump». Spin (SPIN Media LLC) 5.
- ↑ «Billboard 200». Billboard. Henta 15. mai 2023.
- ↑ «Billboard.com - Year End Charts - Year-end Albums - The Billboard 200». Billboard. Arkivert frå originalen 1. april 2013.
- ↑ The Making of Pump. Sony Music. 1990.
- ↑ Rolling Stone' 1989 retrospektiv, nøyaktig dato ukjent
- ↑ 14,0 14,1 Bienstock, Richard (15. september 2011). Aerosmith. Voyageur Press. ISBN 9781610597692 – via Google Books.
- ↑ Hinckley, David (19. januar 1990). «Aerosmith's All 'Pumped' Up». New York Daily News.
- ↑ «Randy Raine-Reusch - Aerosmith, Cranberries, Yes». www.asza.com.
- ↑ 17,0 17,1 Pump, Inc. v. Collins Management, 746 F. Supp. 1159 (D. Mass. 1990)
- ↑ «SPIN». SPIN Media LLC. 14. desember 1990 – via Google Books.
- ↑ Stim, Richard (2006). Music Law: How to Run Your Band's Business. Berkeley, California: Nolo. s. 208. ISBN 1-4133-0517-2.
- ↑ Rolli, Bryan (1. juli 2021). «Topp 30 Glam Metal-album». Ultimate Classic Rock. Henta 1. juli 2021.
- ↑ Q', januar 1990
- ↑ Rolling Stone', 14.-28. desember 1989
- ↑ Hi-fi News & Record Review, november 1989
- ↑ «De 300 beste albumene fra de siste 30 årene (1985-2014)». Spin. 11. mai 2015. Henta 21. juni 2021.
- ↑ Rivadavia, Eduardo (28. februar 2017). «Aerosmith Albums Ranked». Loudwire. Henta 9. februar 2021.
- ↑ «BMI Songwriting Credits: Other Side - Aerosmith».
- ↑ «ACE Repertory». www.ascap.com.
- ↑ "Aerosmith – Pump". Australiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "Top RPM Albums: Nummer 6624". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 8. mai 2023.
- ↑ "Aerosmith – Pump". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
- ↑ Pennanen, Timo (2021). «Aerosmith». Sisältää hitin - 2. laitos Levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla 1.1.1960–30.6.2021 (PDF) (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 10.
- ↑ "Offiziellecharts.de – Aerosmith – Pump" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
- ↑ «Classifiche». Musica e Dischi (på italiensk). Henta 14. mai 2023. Set «Tipo» på «Album». Then, in the «Titolo» field, search «Pump».
- ↑ «エアロスミスのアルバム売上ランキング». ORICON NEWS. Henta 15. mai 2023.
- ↑ "Aerosmith – Pump". Charts.org.nz. Hung Medien.
- ↑ "Aerosmith – Pump". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "Aerosmith – Pump". Swedishcharts.com. Hung Medien.
- ↑ "Aerosmith – Pump". Swisscharts.com. Hung Medien.
- ↑ "19890917 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
- ↑ "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard 200 for Aerosmith. Prometheus Global Media.
- ↑ «ARIA Top 100 Albums for 1990». Australian Recording Industry Association. Henta 15. mai 2023.
- ↑ «Top Selling Albums of 1990». Recorded Music NZ. Henta 15. mai 2023.
- ↑ «Top Billboard 200 Albums – Year-End 1990». Billboard. Arkivert frå originalen 23. januar 2015. Henta 15. mai 2023.
- ↑ Geoff Mayfield (25. desember 1999). 1999 The Year in Music Totally '90s: Diary of a Decade - The listing of Top Pop Albums of the '90s & Hot 100 Singles of the '90s. Billboard. Henta 15. oktober 2010.
- ↑ NO certyear WAS PROVIDED for AUSTRALIAN CERTIFICATION.
- ↑ «Canadian album salstrofé – Aerosmith – Pump». Music Canada.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Aerosmith; 'Pump')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ «New Zealand album salstrofé – Aerosmith – Pump». Recording Industry Association of New Zealand.
- ↑ «British album salstrofé – Aerosmith – Pump». British Phonographic Industry. Enter Pump in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – Aerosmith – Pump». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH