F.I.N.E.*

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
F.I.N.E.*
Singel av Aerosmith
frå albumet Pump
Utgjeve 1989
Innspelt 1989
Sjanger Hardrock[1]
Lengd 4:09
Selskap Geffen
Tekstforfattar Steven Tyler
Låtskrivar(ar) Joe Perry
Steven Tyler
Desmond Child[2]
Produsent Bruce Fairbairn
Aerosmith-kronologi 
«Love in an Elevator»
(1989)
F.I.N.E.* «Janie's Got a Gun»
(1989)


«F.I.N.E.*» er ein song av rockebandet Aerosmith. Han vart skriven av songaren Steven Tyler og sologitaristen Joe Perry. Tittelen er eit akronym for «Fucked Up, Insecure, Neurotic, and Emotional», som det står i plateomslaget. Songen, som varer i fire minutt og ni sekund, er det andre sporet på albumet til bandet Pump frå 1989. Han vart gitt ut som ein promoteringssingel for radio i 1989, og nådde 14. plassenen på Mainstream Rock Tracks-lista.

Songinformasjon[endre | endre wikiteksten]

«F.I.N.E.» er ein optimistisk hardrock-låt, som liknar på «Young Lust» både tekstleg og musikalsk. Den frekke teksten fokuserer på ungdomsangst og liderlegheit, og versa har linja «I'm ready» etter kvar linje, noko som indikerer seksuell opphissing, eller å vera «klar» for sex. Tekstlinjer med glimt i auke er mykje nytta, inkluderte «she's got the Cracker Jack, now all I want's the prize», «I got the right key baby, but the wrong keyhole», «I shove my tongue right between your cheeks», osb. Refrenget gjentek ordet «Alright», etterfølgd av ein person som meiner at forteljaren er i orden, inkludert «your daddy», «your mama», «my old lady», «my little sister», «my brother», «even Tipper» (ein referanse til Tipper Gore som leidde Parents Music Resource Center sensurkampanje på denne tida), og «Joe Perry» (ein referanse til gitaristen i Aerosmith).

Songen bruker ein «laus vers/stramt refreng-struktur», der versa bruker ein pentatonisk melodi som nokre gonger kolliderer med akkordane som utgjer harmonien, medan i refrenget er melodien og harmonien tettare koordinert og ikkje-akkordtonane blir løyste opp.[3]

Dei einaste omtalane av omgrepet «F.I.N.E.» er i linja «my brand new baby looks so F-I-N-E fine» og i ei bru mot slutten av songen, der Tyler syng «Everything about you is so F-I-N-E fine». Seinare på albumet Pump, i «What It Takes», er linja, «Girl, before I met you I was F-I-N-E fine».

F.I.N.E. var ein av dei potensielle titlane som kom til i ein idédugnad for albumet som vart Pump, men vart blokkert av Geffen A&R-mann John Kalodner. Viss ein ser nøye på lastebilane på framsida, kan ein sjå ordet FINE på sida av dei.

Songen oppstod frå litt jamming mellom Tyler og Perry.[4] Tyler sa at «Eg sette meg ned ved trommisen og slo denne rytmen som kom ut av gitarpartiet til Perry. Den eine inspirerte den andre.»[4] Ifølgje Perry henta Kalodner inn Childs for å jobba med mellomspelet på ein annan låt som enda opp med å ikkje bli brukt på albumet. Men bandet trong eit mellomspel til «F.I.N.E.» og det forkasta mellomspelet fungerte i denne songen.[5]

Aerosmith-biografen Martin Power skildra songen som «den beste augneblinken til Aerosmith sidan Rocks-songen 'Lick and a Promise'. »[4] Han seier at det «ikkje så mykje rockar som spontant brenn» med oppstabla gitarar, øydelagde trommer og eit groove som er unikt for Aerosmith, medan Tyler «rir på den musikalske bølgja» med vokalprestasjonen sin.[4] Power skildra den siste linja som eit «killer poeng»: «I hear that you're so tight you loving squeaks/And I'm ready, so ready.»[4]

Tydinga av akronymet[endre | endre wikiteksten]

I plateomslaget blir det sagt at F.I.N.E. står for «Fucked up, Insecure, Neurotic and Emotional,» som Tyler skildra som den «konstante tilstanden sin.»[6] Akronymet vart popularisert av Aerosmith-songen for klinisk bruk.[7]

Dette kan ha ein assosiasjon til rehabiliteringsprogram som Anonyme Alkoholikere og Anonyme Narkomane. Mange slike program bruker dette uttrykket for å skildre kjensla av at livet ditt er ute av kontroll.

Akronymet er òg diskutert i filmane The Italian Job og Scream 2 og i serien Happy Valley (sesong 1 episode 4).

Liv Tyler refererer òg til dette som eit nikk til far sin på slutten av filmen Super med Rainn Wilson i hovudrolla. Under scena hennar med rehabiliteringsgruppa seier ho «fucked up, insecure, neurotic, and emotional.».

I andre medium[endre | endre wikiteksten]

Songen er med i Rock 'n' Roller Coaster Starring Aerosmith i berg-og-dal-banevogna med nummerskiltet «BUHBYE» i Walt Disney World, som òg inneheld «Young Lust» og ein omarbeidd versjon av «Love in an Elevator» som har fått tittelen «Love in a Rollercoaster».

F.I.N.E. var òg namnet på eit hardrockband frå Portland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rivadavia, Eduardo (12. september 2014). «Aerosmith's 'Pump' Songs, Ranked Worst to Best». Ultimate Classic Rock (på engelsk). Henta 6. mars 2023. «No bells, no whistles, just honest-to-goodness hardrock» 
  2. «F.I.N.E. by Aerosmith Songfacts». Songfacts. Henta 31. mars 2018. 
  3. Spicer, Mark (2017). Rock Music. Taylor & Francis. s. 220. ISBN 9781351550697. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Power, Martin (1997). The Complete Guide to the Music of Aerosmith. Omnibus Press. s. 93. ISBN 0711955980. 
  5. Perry, Joe; Ritz, David (2015). Rocks: My Life in and Out of Aerosmith. Simon & Schuster. s. 247. ISBN 9781476714592. 
  6. Bienstock, Richard (2020). Aerosmith, 50th Anniversary Updated Edition: The Ultimate Illustrated History of the Bad Boys from Boston. Voyageur Press. s. 140, 142. ISBN 9780760369364. 
  7. Frank, Britt (2022). The Science of Stuck: Breaking Through Inertia to Find Your Path Forward. Penguin. s. 176. ISBN 9780593419458.