Songen Let the Music Do the Talking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Let the Music Do the Talking
Singel av Aerosmith
frå albumet Done with Mirrors
B-side

Gypsy Boots

Utgjeve Oktober 1985
Innspelt 1985
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 3:44
Selskap Geffen
Låtskrivar(ar) Joe Perry
Produsent Ted Templeman
Aerosmith-kronologi 
«Lightning Strikes»
(1982)
Let the Music Do the Talking «Shela»
(1985)


«Let the Music Do the Talking» er ein song spelt inn av The Joe Perry Project i 1980 og sidan spelt inn av Aerosmith i 1985. Songen er skriven av Joe Perry.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Etter at gitaristen Joe Perry forlét Aerosmith i 1979, danna han eit nytt band, The Joe Perry Project der Ralph Morman var vokalist. Det første albumet til bandet Let the Music Do the Talking vart gitt ut i 1980.

I 1984 vart Perry og Brad Whitford med i Aerosmith igjen. Aerosmith spelte inn albumet Dona with Mirrors i 1985. Vokalisten Steven Tyler og dei andre bandmedlemmene likte Perrys «Let the Music Do the Talking» og bestemde seg for å inkludera han på det nye albumet. Songen vart spelt inn på nytt med for det meste ny tekst sungen av Tyler, og speletida vart redusert med omtrent eit minutt. Songen vart gitt ut som singel kort tid før albumutgivinga, og nådde ein 18. plassen på Mainstream Rock Tracks-lista.[1]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga ein musikkvideo for Aerosmith-versjonen i 1985, der bandet opptredde live på Orpheum Theatre i Boston medan dei vart filma ulovleg av nokre tenåringsfans. Tryggingsvaktene på staden i kvite skjorter som blir viste i videoen, var faktisk dørvakter som tidlegare på kvelden vart rekrutterte frå den no nedlagde nattklubben The Channel i Boston. Videoen vart regissert av Jerry Kramer.

På konsert[endre | endre wikiteksten]

Songen var eit fast innslag for Aerosmith i 1987-88-turneen til støtte for Permanent Vacation, og bandet har jamleg rotert songen inn i settlista sidan den gong.

Ein versjon av «Let the Music Do the Talking» vart òg inkludert på konsertalbumet Classics Live II, gitt ut i 1987

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard: 2. november 1985