Kings and Queens av Aerosmith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kings and Queens
Singel av Aerosmith
frå albumet Draw the Line
B-side

Critical Mass

Språk engelsk
Utgjeve 21. februar 1978[1]
Innspelt Juni og oktober 1977
Studio
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd
    • 4:55 (album)
    • 3:47 (singel)
Selskap Columbia
Komponist Jack Douglas, Tom Hamilton, Joey Kramer, Steven Tyler, Brad Whitford
Tekstforfattar Steven Tyler, Jack Douglas, Tom Hamilton, Joey Kramer, Brad Whitford
Låtskrivar(ar)
Produsent Jack Douglas, Aerosmith[1]
Aerosmith-kronologi 
«Draw the Line»
(1977)
Kings and Queens «Get It Up»
(1978)


«Kings and Queens» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Han vart skriven av Steven Tyler, Brad Whitford, Tom Hamilton, Joey Kramer og Jack Douglas, produsenten deira, som hjelpte dei å skrive mange av songane på Draw the Line. Douglas spelte òg mandolin i songen. Songen dukka først opp på albumet Draw the Line i desember 1977[2] og vart gitt ut som singel 21. februar 1978.[1] Songen vart òg brukt som B-side til Aerosmith-versjonen av The Beatles-songen «Come Together», gitt ut for å promotera filmen Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og filmmusikkalbumet.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Steven Tyler sa om «Kings and Queens» i platenotata til Pandora's Box:[2]

« Denne handla berre om kor mange menneske som døydde av heilage krigar på grunn av trua eller ikkje-trua deira. Med denne var hjernen min tilbake hos riddarane av det runde bordet.. »

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Cash Box sa at han har «ein stor produksjon, drivande beat og cymbalarbeid, stram vokal, gitarar og eit piano-bass mellomspel.»[3] Record World sa at «refleksjonane til Steve Tyler over europeisk historie gir ein fornøyeleg hardrock-singel.»[4]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Canada (RPM100 Top Singles)[5] 76
US Billboard Hot 100[6] 70

På konsert[endre | endre wikiteksten]

Songen var eit fast innslag på Aerosmith-konsertar på slutten av 1970- og byrjinga av 1980-talet, og var med på albumet Classics Live!. Denne versjonen vart òg inkludert på Pandora's Box. Bandet tok songen tilbake på settlista under konsertar i Providence i Rhode Island og Anaheim i California i 2005 og 2006 på Rockin' the Joint-turneen, og i São Paulo i Brasil og Sölvesborg i Sverige i 2010 på Cocked, Locked, Ready to Rock-turneen. Han vart spelt under Jones Beach-konserten i 2014.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart inkludert på albuma Aerosmith's Greatest Hits i 1980 og Greatest Hits 1973-1988 i 2004, men vart mykje redigert, med mange av gitarpartia fjerna. Denne redigerte versjonen høyrest nokre gonger på radio, sjølv om mange rockestasjonar speler den fulle versjonen.

«Kings and Queens» er ein masterlåt i spelet Guitar Hero: Aerosmith og kan låsast opp ved å slå den siste songen, «Train Kept A-rollin».

Glenn Hughes spelte inn ein versjon av songen i 2011

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Aerosmith's Greatest Hits (CD liner). Aerosmith. United States: Columbia Records. 1993 [1980]. CK 57367. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Pandora's Box (CD liner). Aerosmith. United States: Columbia Records. 2002 [1991]. C3K 86567. 
  3. «CashBox Singles Reviews» (PDF). Cash Box. 4. mars 1978. s. 13. Henta 26. desember 2021. 
  4. «Ukens hits» (PDF). Record World: 1. 4. mars 1978. Henta 12. mai 2023. 
  5. «RPM - Item Display : Top Singles - Volume 29, No. 5, 29. april 1978». Library and Archives Canada. 31. mars 2004. Arkivert frå originalen (.Php) 20. oktober 2012. Henta 12. mai 2023. 
  6. «Aerosmith - Billboard Singles». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 12. mai 2023.