Luigi's Mansion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luigi's Mansion
Utviklar(ar) Nintendo EAD
Utgjevar(ar) Nintendo
Sjanger Action-eventyrspel
Spelmodus Einspelar
Utgjeving JP 14. september 2001
NA 18. november 2001
EU 3. mai 2002
AUS 17. mai 2002
Medium 1 Optisk GameCube-plate
Stødde einingar GameCube-kontroll
Aldersgrense PEGI: 3+
ELSPA: 3+
ESRB: E
OFLC: G

Luigi's Mansion (ルイージマンション) er eit action-eventyrspel utvikla av Nintendo for spelekonsollen Nintendo GameCube. Det vart gjeve ut samtidig som GameCube-konsollen vart lansert i alle territoria; i Japan 14. september 2001, i Nord-Amerika 18. november 2001, i Europa 3. mai 2002 og i Australia 17. mai 2002. Spelet handlar om Luigi som leiter etter Mario i ein heimsøkt herregard.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Luigi's Mansion finn stad i ein stor herregard der det er fleire typar spøkjelse. For å kunne hamla opp med dei må Luigi bruka ein støvsugar (en: Poltergust 3000), som både kan suge inn spøkjelse og skattar. Når Luigi skal fanga spøkjelse må han først lamma dei med lommelykta si. Dette synar hjartet til spøkjelset, og gjev Luigi ein sjanse til å suga det inn i støvsugaren. Når hjartemålaren til spøkjelset når null vil det bli fanga. Litt ut i spelet finn Luigi tre medaljongar som lèt han spraye eld, vatn og is or støvsugaren. Desse elementa trengst for å fanga spøkjelse av visse slag.