Maria Quisling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Quisling

Vidkun Quisling og Maria Quisling
Foto: Riksarkivet (ukjent dato)
Fødenamn Marija Vasiljevna Pasetsjnikova

(russisk skrift Мария Васильевна Пасечникова)[1][2][3][4]

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Noreg
Fødd 10. oktober 1900
Kharkov
Død

17. januar 1980 (79 år)
Oslo

Utdanning Økonomi
Yrke politikar
Språk russisk
Politisk parti Nasjonal Samling
Ektefelle Vidkun Quisling
Maria Quisling på Commons

Maria Quisling (fødd Marija Vasilijevna Pasetsjnikova10. oktober 190017. januar 1980) var ektefellen til Vidkun Quisling, leiaren i Nasjonal Samling (NS) som samarbeida med den tyske okkupasjonsmyndigheita under andre verdskrigen i Noreg.

Maria Quisling var fødd i Kharkov i Ukraina. Ho døydde i Oslo.[5]

Tidleg liv og ekteskapet med Vidkun Quisling[endre | endre wikiteksten]

Før ekteskapet[endre | endre wikiteksten]

Marija Vasiljevna vart mest sannsynleg fødd i Kharkov mellom oktober og november 1900.[4] Det finst lite informasjon om familien hennar, men ho har sjølv sagt at faren hennar var embetsmann.[6]

Ho tok økonomiutdanning ved Kharkov Nasjonale Økonomiinstitutt.[4] Ho møtte Vidkun Quisling då han arbeida saman med Fridtjof Nansen på eit nødhjelpsprogram i Sovjetunionen.[4] Dei møtte kvarandre i Kharkov i 1923, og gifta seg same år, sjølv om Vidkun hadde gifta seg med Alexandra Voronin tidlegare. Historikaren Hans Fredrik Dahl trur at Maria visste om dette ekteskapet, men aksepterte Vidkun si forklaring om at han gifta seg med Alexandra berre for å hjelpe ho ut av Russland.[7]

Ifølgje Quisling, vart dei gift ved den norske legasjonen i Moskva 10. september 1923[8], men nokre historikare seier at dette er feil sidan Noreg ikkje hadde anerkjend den nye sovjetiske regjeringa før 1924, og dermed ville ikkje representanten i Moskva ha rettane til å stå for eit giftarmål. Det kan vere at paret hadde eit borgarleg ekteskap i Kharkov, men dette finst det ingen dokumentasjon om. Det finst heller ikkje dokumentasjon om Vidkun hadde eit formelt skilsmål frå Alexandra.[9][10] Historikaren Hans Fredrik Dahl meiner at eit ekteskap mellom paret vart utført i Kharkov den dagen, men han er usikker på kva slags.[11] Same dagen som ekteskapet fann stad fekk Quisling eit nansenpass.[12]

Etter ekteskapet[endre | endre wikiteksten]

Maria Quisling forlét seinare Russland aleine og kom fram i Paris seint i 1923, der ho møtte både Vidkun og Alexandra, som hadde reist saman.[12] Dei tre budde saman ein kort periode ved Hotel Studia i Latinarkvarteret,[13][14] og reiste deretter til Wien og ein del andre stader frå november til januar 1924.

I juni 1924 reiste Maria, Alexandra og Vidkun til Noreg og Maria vart introdusert for Vidkun sin familie. Ho oppheldt seg der ei tid saman med foreldra hans, og begynte å lære seg norsk. Alexandra, som Vidkun året før hadde introdusert til familien som kona si, vart no referert til som eit «barn» som han tok seg av. Alexandra forlét Noreg for godt seinare den sommaren.[14] Quisling drog tilbake til Frankrike i 1926 der ho møtte Alexandra igjen i selskap med nokre andre russiske innvandrarar.[15] Ho budde i Normandie og i Paris under denne tida.[16]

Etter at Vidkun vart peika ut som legasjonssekretær i Moskva, blei Maria med dit i november 1928. Paret budde der saman i ei periode med lingvisten Olaf Broch og kona hans, og seinare med diplomaten Per Prebensen og kona hans Ragnhild.[17]

Mellom 1928 og 1929 kjøpte paret fleire måleri og antikvitetar, i tillegg til sølvtøy og møblar.[18] Vidkun brukte arvepengane han hadde fått frå mora si for å kjøpe desse varene. Ifølgje Maria kom mora hennar fram i Moskva med pengar som var farsarven hennar, men forfattaren Arve Juritzen har sett spørsmålsteikn ved om mora hennar faktisk var i Moskva det året. På denne tida var ho fattig og levde av økonomisk støtte frå Vidkun.[19][20]

I desember 1929 busette paret seg fast i Oslo, der Vidkun hadde kjøpt ei leilegheit i Erling Skjalgssons gate 26 på Frogner.[21] Mesteparten av dei 200 måleria som dei hadde kjøpt hamna i safar, sidan Vidkun ikkje klarte å selje dei for prisane han forventa. Han trudde at måleria vart måla av kjende målarar, men mesteparten viste seg å vere kopiar.[18]

Involvering i Nasjonal Samling og Quisling-regimet[endre | endre wikiteksten]

Villa Grande i 1945
Biblioteket i Villa Grande

Da Nasjonal Samling (NS) vart grunnlagt i 1933 vart Maria Quisling registrert som medlem av Vidkun. Ho var ikkje veldig involvert i starten og hadde ikkje noka politisk rolle.[22] Da Tyskland invaderte Noreg, blei Vidkun leiaeren av det pro-nazistiske regimet.

I desember 1941 flytta paret inn i Villa Grande, som Vidkun gav namnet «Gimle». Bygginga av bygget tok til i 1917, men det stod uferdig lenge. Bygget vart bygd ferdig då den dåverande regjeringa bestemte at paret kunne bu der. Maria Quisling møblerte villaen sjølv, og møblane inkluderte mykje av det paret hadde kjøpt i Moskva.[23] Ho tilsette også tenarar, dei var for det meste tolvåringar. Ho handla ofte hos Steen & Strøm og Glasmagasinet. På denne tida var det ikkje ein klar linje mellom pengane til paret, og pengane som høyrde til staten.[24] Det vart halde fleire selskap i Villa Grande, blant anna i 1942 då Vidkun vart peika ut som ministerpresident. Under desse selskapa var Maria Quisling vert.[25]

Da okkuperinga av Noreg tok slutt, og Vidkun vart arrestert 8. mai, fortsette Maria Quisling å bu i Villa Grande inntil 15. mai. Da fekk ho ordre om å forlate villaen. Etter det flytta ho inn med Frederik Prytz si enke.[26]

Seinae liv[endre | endre wikiteksten]

Vidkun og Maria Quisling vart gravlagde ved Gjerpen kyrkjegard

Arrestering[endre | endre wikiteksten]

Etter at Prytz si enke flytta frå Oslo hadde Quisling ikkje lenger ein stad å bu. Regjeringa gav ho to rom i Villa Maihaugen på Vinderen i Oslo, i villaen budde det tidlegare ein som hadde vore arrestert for å samarbeida med den tyske okkupasjonsmakta. Fleire andre ektefellar til andre NS-medlemmar fekk òg rom der. Fleire folk, både naboar og pressa, viste sterke negative reaksjonar rundt dette.[27]

29. august 1945 gav Dagbladet ut ei avis med overskrifta «Hvorfor er Fru. Quisling ikke i fengsel?»[28] I artikkelen skreiv journalisten at ingen andre hadde støtta tyskarane og nazistane som ho, og at ho fekk alle slags fordelar fordi ektefellen hennar hadde makta. Han meinte også at det var feil å behandle ho mildare enn nokon andre.[29]

I februar 1946 vart Quisling tatt med til avhøyr ved Victoria terrasse.[30] Ho vart spurd om bakgrunnen sin, aktivitetane sine i Nasjonal Samling, og livet sitt under okkupasjonen. I mars ransaka politiet heimen hennar, og 31. mai 1946 vart ho arrestert.[31] Ho vart dømd for å ha vore medlem i Nasjonal Samling, ha representert regimet under okkupasjonstida og for å ha oppmuntra Vidkun til å bruke pengar frå staten til privat bruk.[32]

17. juni 1946 møtte ho opp i retten til forhøyr, der ho forklarte seg sjølv og nekta skyld. Saken fekk mykje merksemd.[33]

Ho vart sleppt fri 18. juni 1946 sidan retten ikkje fann tilstrekkeleg grunnlag for å fengsle henne. Etterforskinga fortsette, men 8. april 1948 fekk Quisling vite at alle anklagane mot ho vart droppa.[34]

Etter Quislings død[endre | endre wikiteksten]

Etter at Vidkun Quisling i landssvikoppgjeret hausten 1945 vart dømd til døden og avretta for handlingane sine under krigen, levde Maria resten av livet sitt i ei leilegheit i Erling Skjalgssons gate på Frogner i Oslo. Leilegheita hadde vore hennar og Vidkun Quisling sin heim før krigen, men hadde vorte teken i beslag av myndigheitene nokre år etter krigen. Også paret sine eigedelar vart beslaglagde, men i 1952 fekk Quisling tilbake det ho hevda å ha brakt inn i buet. Etter at ho døydde, sidan ho og Vidkun hadde ingen barn,[35] vart eigedelane selde på auksjon og verdiane sette i «Maria Quislings legat» som vart forvalta av Kirkens Bymisjon.

Leivningane etter Vidkun Quisling[endre | endre wikiteksten]

Maria Quisling bad om å få urna med oska etter Vidkun i 1946, men førespurnaden hennar vart avslegen. Ho spurde igjen to gongar i 1956 etter at lensmannen i Oslo hadde fått tillating frå regjeringa til å oska i Oslofjorden, men begge førespurnadane vart avslegne. Ho gjorde ein førespurnad i 1959 som vart godteken, og ho tok med seg urna heim juni same år. Maria Quisling, Vidkun si kusine Margarethe Langaard og ein prest med namnet Asle Enger heldt ein liten seremoni i Quisling sin heim. 31. juni same år vart urna gravlagd i gravplassen til Quisling-familien på Gjerpen kyrkjegard. Seremonien vart halden hemmeleg og det vart ikkje laga ein inskripsjon på urna med Vidkun sitt namn.[36]

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Seinare i livet leid Maria Quisling av fleire helseproblem, som førte til at ho var ofte på besøk hos både legar og psykologar. Ho leid blant anna av reumatisme, dårleg rygg, augeproblem og depresjon.[37] I dei seinare åra viste ho òg teikn på demens, og vart dermed lagt inn på Ullevål sjukehus. I 1978 flytta ho til ein gamleheim ved Uranienborg der ho levde fram til ho døydde 17. januar 1980.[38] Ho vart gravlagd med resten av Quisling-familien ved Gjerpen kyrkjegard.

I 1976 skreiv ho i testamentet sitt at pengane som vart igjen etter henne skulle gå til å finansiere eit legat, Vidkun og Maria Quislings legat[39], som seinare fekk namnet Maria Quislings legat. Dette legatet gir pengar til eldre som har store økonomiske problem.[40] Legatet har rundt 2,4 millionar kroner, og pengane blir gitt ut etter forespørsel via søknad kvar jul.[40]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Читать "Из Харькова в Европу с мужем-предателем" - Юрьева Александра Андреевна - Страница 2 - ЛитМир». www.litmir.co. Arkivert frå originalen 17. november 2015. Henta 20. oktober 2015. 
  2. «ЗАМУЖЕМ ЗА ФЮРЕРОМ». www.sovsekretno.ru. Arkivert frå originalen 17. november 2015. Henta 21. oktober 2015. 
  3. «Замужем за норвежским фюрером». www.istpravda.ru. Arkivert frå originalen 9. oktober 2015. Henta 21. oktober 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Dahl (1991), s.93
  5. Hans Fredrik Dahl (1991). En fører blir til. Oslo: Aschehoug. s. 91. ISBN 8257409049. 
  6. Dahl (1991), s.105
  7. Dahl (1991), s.94
  8. Dahl (1991), s. 95
  9. Dahl (1991), s.94–96
  10. Høiland (1988),s. 94–96
  11. Dahl (1991), s.94–95
  12. 12,0 12,1 Dahl (1991), s. 96
  13. Dahl (1991), s.99
  14. 14,0 14,1 Dahl (1991), s. 104
  15. Dahl (1991), s.112
  16. Dahl (1991), s.131
  17. Dahl (1991), s.132–133
  18. 18,0 18,1 Juritzen (2008), s.154–155
  19. Juritzen (2008), s.285–289
  20. Dahl (1991), s.38–39
  21. Dahl (1991), s. 139
  22. Juritzen (2008), s. 181 og 188
  23. Juritzen (2008), s.202 og 205
  24. Juritzen (2008), s.214–216
  25. Juritzen (2008), s.209–210
  26. Juritzen (2008), s.232–233
  27. Juritzen (2008), s.259
  28. Juritzen (2008), s.267
  29. Juritzen (2008), s.269
  30. Juritzen (2008), s.267
  31. Juritzen (2008), s.270–271
  32. Juritzen (2008), s.274
  33. Juritzen (2008), s.273–274
  34. Juritzen (2008), s.275–276
  35. «Vidkun Quisling – Store norske leksikon». Store norske leksikon. Henta 20. oktober 2015. 
  36. Juritzen (2008), s. 294–295
  37. Juritzen (2008), s. 297–298
  38. Juritzen (2008), s. 304
  39. Dahl (1999), s.418
  40. 40,0 40,1 «En slant til jul fra fru Quisling». Aftenposten. Arkivert frå originalen 15. april 2015. Henta 20. oktober 2015. 
Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]