Mario-rollespel
| Mario-rollespel | |||
| Sjanger | Rollespel | ||
|---|---|---|---|
| Utviklar(ar) | Square Soft, Intelligent Systems, AlphaDream | ||
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Plattformer | SNES, N64, GCN, Wii, Wii U GBA, NDS, 3DS | ||
Mario-serien har inspirert ei rekkje av rollespel med Mario til å bli utvikla til fleire av spelkonsollane frå Nintendo. Alle spela har Mario som hovudperson, som ofte får følgje av ein eller fleire eksisterande figurar frå Mario-spela eller originale figurar introduserte i kvart spel.
Det første spelet som introduserte rollespel-element i Mario-serien var Super Mario RPG, som var utvikla av Square og utgjeve i 1996 til Super Nintendo Entertainment System. Spelet har ikkje nokon direkte oppfølgjar. To seinare spelseriar, Paper Mario og Mario & Luigi, har bygd vidare på konvensjonar etablert i originalen. Paper Mario-spela vart utvikla av Intelligent Systems og er kjende for sin særprega visuelle stilart. Mario & Luigi-spela vart utvikla av AlphaDream, og er alle vorte utelukkande utgjevne på handhaldne konsollar.
Super Mario RPG
[endre | endre wikiteksten]Paper Mario-serien
[endre | endre wikiteksten]- Paper Mario - Nintendo 64 (2000)
- Paper Mario: The Thousand-Year Door - Nintendo GameCube (2004)
- Super Paper Mario - Wii (2007)
- Paper Mario: Sticker Star - Nintendo 3DS (2012)
- Paper Mario: Color Splash - Wii U (2016)