Toni Nieminen
Toni Nieminen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 31. mai 1975 (46 år) Lahtis |
Idrett | skihopping |
Tok del i |
Vinter-OL 1992, Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Laghopp |
Toni Nieminen (fødd 31. mai 1975) er ein tidlegare finsk skihoppar.
I 1992 blei hoppsesongen fullstendig dominert av Nieminen, då han berre var 16 år. Som ein av dei fyrste V-stilhopparane vann han hoppveka, tok to gullmedaljar under OL i Albertville og vann òg verdscupen samanlagt.
Seinare greidde Nieminen aldri å leva opp til slike resultat. Vektproblem på grunn av framleis vekst, og den øvrige verdseliten si overgang til V-stil er to av forklaringane.
Han skreiv idrettshistorie 17. mars 1994, då han i slovenske Planica (Letalnica-bakken) gjennomførte det fyrste, ståande skihoppet i historia på over 200 meter. Tidlegare same dag hadde Andreas Goldberger strekt seg til 202 meter, men han greidde ikkje å halda seg oppreist etter nedslaget.
Nieminen la opp som skihoppar etter 2002-OL, etter å ha oppnådd ein 16. plass.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Toni Nieminen» frå Wikipedia på bokmål, den 14. desember 2008.