Mary Douglas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Douglas
FøddMargaret Mary
25. mars 1921
Sanremo
Død16. mai 2007
London
NasjonalitetStorbritannia
OmrådeSosialantropologi, antropologi, sosiologi
Yrkeskribent, universitetslærar, antropolog, sosiolog, sosialantropolog
InstitusjonarNorthwestern University
University College London
Colonial Office
Universitetet i Paris
University of Illinois
University of Chicago
New York University
Columbia University
Yale University
Russell Sage Foundation
Alma materSt Anne's College
Woldingham School
University of Oxford
University of Oxford
University of Oxford
DoktorgradsrettleiarE.E. Evans-Pritchard
EktefelleJames Alexandre Thomas Douglas
MedlemBritish Academy
American Academy of Arts and Sciences
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Academia Europaea

Mary Douglas (25. mars 192116. mai 2007 som Margaret Mary Tew) var ein britisk antropolog, kjend for arbeid innanfor menneskekultur og symbolisme, som er hovudområdet i sosialantropologi. Douglas vart sett på som ein tilhengjar av Émile Durkheim[1] og ei talskvinne for strukturalistisk analyse, med ei sterk interesse for komparativ religion.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mary Douglas var fødd i Sanremo i Italia, til Gilbert og Phyllis (fødd Twomey) Tew. Faren hennar, Gilbert Tew, var medlem av den indiske siviltenesta som tenestegjorde i Burma, også morfaren hennar, Daniel Twomey, var sjefsdomar for hovudretten i Nedre Burma. Mora hennar var ein truande katolikk, og Mary og den yngre systera hennar, Patricia, vart oppdrege i denne trua. Etter at mora døydde vart systrene oppdrege av besteforeldra på morssida og gjekk på ein romersk-katolsk skule i Roehampton. Mary byrja dinest å studera ved St. Anne's College i Oxford frå 1939 til 1943; der ho vart inspirert og påverka av E.E. Evans-Pritchard.[3]

Douglas arbeida ved eit britisk kolonialkontor, der ho møtte mange sosialantropologar.[4] I 1946 drog ho tilbake til Oxford for å taka eit «konverteringskurs» i antropologi og registrerte seg for doktorgraden sin i antropologi i 1949. Frå 1949 til 1951 gjorde ho eit feltarbeid med Lele-folket i det som då var Belgisk Kongo;[5] dette tok henne til landsbylivet i regionen mellom Kasaielva og Loangeelva, der Lele budde på kanten av det som tidlegare hadde vore Kuba-riket. Ein borgarkrig hindra henne likevel i å fullføra feltarbeidet sitt. Trass vanskane, greidde ho å laga sin fyrste publikasjon, The Lele of the Kasai, gjeven ut i 1963.

I 1951 fullførte ho doktorgraden sin, same året som ho gifta seg med James Douglas. I likskap med Mary, var han òg katolikk. Han hadde vorte fødd inn i ein kolonifamilie i Shimla, medan faren tenestegjorde i den indiske hæren. Saman hadde dei tre born.[6] Ho underviste ved University College London, der ho var i 25 år, og vart professor i sosialantropologi.

Douglas vart for fullt kjend då ho gav ut den mest kjende boka hennar, Purity and Danger (norsk Rent og urent) i 1966.

Ho skreiv The World of Goods i 1978 med ein økonometrist, Baron Isherwood, som vart sett på som eit banebrytande arbeid innanfor økonomisk antropologi.

Ho underviste og arbeida i Sambandsstatane i 11 år. Der gav ho mellom anna ut arbeid om risikoanalyse og miljø, forbruks- og velferdsøkonomi og mat og ritual. Etter fire år som forskingsprofessor i kulturstudiar ved Russell Sage Foundation i New York frå 1977 til 1981, gjekk ho over til Northwestern University som Avalon professor i humaniora der ho fekk i oppdrag om å samla studiane teologi og antropologi, dinest arbeida ho tre år ved Princeton University. Douglas tok imot ein æresdoktorgrad frå det humanistiske fakultet ved Universitet i Uppsala i 1986.[7] I 1988 returnerte ho til Storbritannia.

I 1989 vart ho stipendiat ved British Academy. Tre år seinare, i 1992, fekk ho den britiske imperieordenen (CBE), og vart utnemnd til Dame Commander of the Order of the British Empire (DBE) i Queen's New Year's Honours List publisert den 30. desember 2006.[8] Mary Douglas døydde den 16. mai 2007, i London, i ein alder av 86 år, som fylgje av kreft. Ektefellen hennar døydde i 2004.

I 2002 vart ei tolv binds utgåve av verka hennar Collected works gjeven ut av Routledge.[9]

Antropologiske bidrag[endre | endre wikiteksten]

The Lele of the Kasai (1963)[endre | endre wikiteksten]

Douglas sin fyrste publikasjon, The Lele of the Kasai, fokuserte på eit matrilineært samfunn, Lele-folket, i Kasai (no Kasaï-Occidental). Dette matrilineære samfunnet var prega av ei sterk oppgåvefordeling, polyandriske ekteskapsreglar, egalitarisme, autonomi og anarkisme; ei sosial verda som var heilt ymse frå hennar eigen og som sette seg opp mot læren til Evans-Pritchard. Ho braut frå ei funksjonalistisk tilnærming ved sine analysar av produksjon og fordeling av rikdom blant klanar, ei detaljert skildring av matrilineær organisasjon og rolla til aristokratiske klanar i maktstrukturen, og ekteskapet si rolle i alliansestrategiane mellom klanane og praksis og tilsyn med hekseri. Det intense empiriske arbeidet til Douglas gav henne eit innblikk i den konkrete praksisen til Lele-folket som var i strid med dei teoriane utvikla av institusjonane.[10] I løpet av forskinga hennar fastslo Douglas viktigheita av høvet mellom den sosiale strukturen og dei symbolske representasjonane av verdiane som vert ført vidare i samfunnet.

Purity and Danger (1966)[endre | endre wikiteksten]

Boka Purity and Danger (norsk Rent og urent) er ein analyse av konseptet om rituell reinleik og forureining i ulike samfunn, og er ein sentral tekst i sosialantropologi. Douglas freista å konstruera eit generelt omgrep om korleis rituell reinleik vart etablert. Teksten er kjend for sitt lidenskaplege forsvar av både ritual og reinleik i ei tid då førestillingar om urenleikar vart handsama med forakt.[11] Til skilnad frå Claude Lévi-Strauss, som nytta ei strukturalistisk tilnærming, freista Douglas å demonstrera korleis folk sine klassifikasjonar spelte ei rolle i å seia kva som vart sett på som unormalt og korleis ein handsama dette. Douglas insisterte på viktigheita av å forstå omgrepet forureining og rituell reinleik ved å samanlikna eins eigne forståingar og ritual med «primitive» ritual.

Reinleik i europeiske og «primitive» samfunn[endre | endre wikiteksten]

Douglas meinte «primitive» samfunn var klassifisert som dei som ikkje kjende seg i eit skilje mellom det å vera rein og det å vera urein. For vestlege samfunn finst det eit klårt skilje mellom kva som er skitent og kva som vert sett på som heilag. Difor,[12]

« Sacred rules are thus merely rules hedging divinity off, and uncleanness is the two-way danger of contact with divinity. »

Purity and Danger s. 8

For primitive samfunn er hugskota om tabu og heilagdom personifisert av førestillingane om venlege eller uvenlege guddomar; det finst ein separasjon for di gjenstandar, menneske eller stadar er assosiert med anten gode eller dålege guddomar. For at denne ureinleiken skal overførast, må det henda kontakt; å vera i fysisk kontakt med ein gjenstand som vert sett på som urein, gjer det mogeleg for ei overføring av ureinleik til kroppen. Ein forskjell å gjera med kristendomen, til dømes, der ureinleiken ikkje ville gått over på kroppen sjølv, men anden. For å forstå andre samfunn si forståing av tabu og heilagdom understreka Douglas at ein måtte forstå sin eigen fyrst.[13]

Definisjonen av «ureint»[endre | endre wikiteksten]

Douglas braut ned ei vanleg eurosentrisk misforståing om at ritual for reinleik vart utvikla med hygiene som mål. Det å unngå å eta svinekjøt i islam vert ofte forklåra på bakgrunn av hygiene. Douglas meinte det fanst eit klårt skilje mellom det å erkjenna sidefordelane ved rituelle handlingar og det å vurdera dei som ein heilskap og ei tilstrekkeleg forklåring på rituelle handlingar.[14] Vidare erkjende Douglas at det fanst ein sterk likskap mellom europeiske ritual og primitive ritual i prinsippet, og utelét dei ymse grunnlaga som skilde europeiske ritual basert på hygiene og primitive ritual basert på symbolikk: europeiske reinleiksritual søkjer å drepa bakteriar, medan primitive ritual av reinleik søkjer å avverga andar. Douglas meinte likevel at det ikkje var nok å avgrensa differensieringa mellom europeiske ritual og primitive ritual til berre hygieniske fordelar. Ho hevda den moderne oppfatninga av skit var synonymt med kunnskap om bakteriar;[14]

« It is difficult to think of dirt except in the context of pathogenicity. »

Purity and Danger s. 36

Dersom ein fjernar førestillingane om bakteriar og hygiene frå omgrepet skit, står ein berre att med symbolikken til skit;[14]

« Dirt is the by-product of a systematic ordering and classification of matter. »

Purity and Danger s. 36

Skit er med andre ord feilplasserte gjenstandar («Dirt as matter out of place»), som er element som ikkje passar inn i ei form for systematikk, konkluderte Douglas.[15]

Skit som uorden i den symbolske strukturen[endre | endre wikiteksten]

Douglas heldt dinest fram med å etablera førestillinga om at menneske hadde ein tendens til å strukturera objekt og situasjonar rundt dei i skjema og velorganiserte system.[16] Dess eldre folk vart, dess meir sjølvtillit og erfaringar etablerte ein i strukturane sine. Ideelt sett var det slik at dess meir konsistent ei oppleving var innanfor ein struktur, dess meir tillit ville eit menneske ha til denne opplevinga. Som eit resultat, når eit menneske møtte fakta eller tendensar som forstyrra strukturen, ville dei i stor grad ignorera desse. Det som vart sett på som ureint var gjenstandar eller fenomen som ikkje samsvara med den eksisterande sosiale eller symbolske strukturen.[17] Douglas assosierte skit som ei form for forstyrring av orden, og som difor måtte ekskluderast for å halda fram med integriteten i systemet sitt, og samfunnet elles.

«The Abomination of Leviticus»[endre | endre wikiteksten]

Mary Douglas er òg kjend for tolkinga hennar av Leviticus, i kapittelet «The Abomination of Leviticus» i boka Purity and Danger. Her analyserte ho kosthaldslovene i Moseboka gjennom eit strukturalistisk og symbolistisk synspunkt, og for rolla hennar i å skapa den kulturelle teorien om risiko. I «The Abomination of Leviticus» skreiv ho at kosthaldslovene ikkje var ernæringsbasert, men snarare sosiale grenser jamfør kategorisering. Douglas meinte det samfunnet rekna som reint og ureint var ein måte for dei å strukturera menneskelege erfaringar. Inst inne – det som tyder noko – var å nytta tema som reinleik, separasjon og ureinleikar for å skapa orden og struktur til uorganiserte opplevingar. I Leviticus, når ein kategoriserer kva for nokre dyr ein har lov til å eta, er grisar forbode. Sjølv om dei klauvdyr – slik som kyr og greiter – et dei ikkje gras og lagar ikkje mjølk, noko som gjer grisar til anomali jamfør strukturen i verda. Grisar vert difor ekskludert frå strukturen, og kategorisert som eit ureint dyr.[18]

Natural Symbols (1970)[endre | endre wikiteksten]

I boka Natural Symbols introduserte Douglas omgrepa «gruppe» som definerer kvar klårt eit individ sin sosiale posisjon er innanfor eller utanfor ei avgrensa sosial gruppe, og «nett» som definerer kvar klårt eit individ si sosiale rolle er innanfor eit nettverk av sosiale privilegium, krav og plikter.[19] Gruppe-nett-mønsteret vart forbetra og omplassert for å leggja grunnlaget for kulturteori.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Peoples of the Lake Nyasa Region (1950: under namnet Mary Tew)
  • The Lele of the Kasai (1963)
  • Purity and Danger: An Analysis of Concepts of Pollution and Taboo (1966) (norsk Rent og urent. ISBN 9788253018751)
  • «Pollution», i International Encyclopedia of the Social Sciences, redigert av David L. Sills og Robert K. Merton (New York, Macmillan Co. and the Free Press, 1968)
  • Natural Symbols: Explorations in Cosmology (1970) (John Desmond Bernal Prize i 1995)
  • Implicit Meanings: Essays in Anthropology (1975)[20]
  • The World of Goods: towards an anthropology of consumption (1979) med Baron Isherwood
  • Evans-Pritchard (Fontana Modern Masters, 1980)
  • Risk and Culture (1980) med Aaron Wildavsky
  • In the Active Voice (1982)
  • How Institutions Think (1986)
  • Missing persons: a critique of the social sciences (1988) med Steven Ney
  • Risk and Blame: Essays in Cultural Theory (London: Routledge, 1992)
  • In the Wilderness: The Doctrine of Defilement in the Book of Numbers (1993)
  • Thought styles: Critical essays on good taste (1996)
  • Leviticus as Literature (1999)
  • Jacob's Tears: The Priestly Work of Reconciliation (2004)
  • Thinking in Circles (2007)
  • Douglas, Mary. Very Personal Method: Anthropological Writings Drawn From Life. Redigert og forfatta av Richard Fardon. (2013) ISBN 978-1446254684

Redaksjonelt arbeid[endre | endre wikiteksten]

  • Rules and Meanings. The Anthropology of Everyday Knowledge: Selected Readings. (Penguin Books, 1973)
  • Constructive Drinking: Perspectives on Drink from Anthropology. (1987)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mary Douglas», Oxford bibliographies (på engelsk), doi:10.1093/OBO/9780199766567-0075, henta 5. januar 2023 
  2. Fardon, Richard (2018).
  3. «Douglas [née Tew], Dame (Margaret) Mary (1921–2007), social anthropologist». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. 2004. doi:10.1093/ref:odnb/98779. 
  4. Fardon, Richard (17. mai 2007). «Dame Mary Douglas». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 10. desember 2016. 
  5. «Douglas, Mary, 1921-2007 | Archival and Manuscript Collections», findingaids.library.northwestern.edu, henta 15. januar 2023 
  6. Fardon, Richard (17. mai 2007). «Dame Mary Douglas». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 10. desember 2016. 
  7. Piehl, Jakob, «Honorary Doctors of the Faculty of Humanities - Uppsala University, Sweden», www.uu.se (på engelsk), henta 5. januar 2023 
  8. «Academy of Europe: Douglas Mary», www.ae-info.org, henta 5. januar 2023 
  9. Douglas M., Collected works (12 vols.) 2002, London: Routledge (3168 sider), ISBN 9780415283977
  10. Soriano, François Buton & Eric (9. juli 2018). «Mary Douglas, A Taste for Hierarchy». Books & Ideas (på engelsk). 
  11. Petersen, Anders Klostergaard (2008). «Purity, Sacrifice, and the Temple: Symbolism and Supersessionism in the Study of Ancient Judaism». Journal for the Study of Judaism 39 (1): 113–115. ISSN 0047-2212. doi:10.1163/157006308x258050. 
  12. Douglas, Professor Mary, author. (29. august 2003). Purity and Danger : an Analysis of Concepts of Pollution and Taboo. s. 8. ISBN 978-1-134-43823-5. 
  13. Douglas, Professor Mary, author. (29. august 2003). Purity and Danger : an Analysis of Concepts of Pollution and Taboo. ISBN 978-1-134-43823-5. 
  14. 14,0 14,1 14,2 Douglas, Mary. (29. august 2003). Purity and Danger : an Analysis of Concepts of Pollution and Taboo. s. 36. ISBN 978-1-134-43823-5. 
  15. Douglas, Mary. Purity and Danger: An Analysis of the Concepts of Pollution and Taboo. (PDF). s. 36. 
  16. Boskovic, Aleksandar (2016). «A very personal anthropology of Mary Douglas». Anthropological Notebooks 22: 119–123. 
  17. Duschinsky, Robbie (Desember 2013). «The politics of purity». Thesis Eleven 119 (1): 63–77. ISSN 0725-5136. doi:10.1177/0725513613511321. 
  18. Lemos, T.M. (2009). «The Universal and the Particular: Mary Douglas and the Politics of Impurity». The Journal of Religion 89 (2): 236–251. JSTOR 10.1086/596070. doi:10.1086/596070. 
  19. «Diagram of Theory: Douglas and Wildavsky's Grid/Group Typology of Worldviews». Dustin S. Stoltz. Henta 10. desember 2016. 
  20. The essay "Jokes" was reprinted in Rethinking Popular Culture: Contemporary Perspectives in Cultural Studies, edited by Chandra Mukerji and Michael Schudson (1991), s. 291-310.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]