I Got a Woman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I Got a Woman
Singel av Ray Charles
frå albumet Ray Charles
A-side «I've Got a Woman»[1][2]
B-side «Come Back Baby»
Utgjeve 1954
Innspelt Atlanta i Georgia, 1954
Sjanger Jump blues, rhythm and blues
Lengd 2:31
Selskap Atlantic 45-1050
Låtskrivar(ar) Ray Charles og Renald Richard
Produsent Jerry Wexler
Ray Charles-kronologi
«Losing Hand» I Got a Woman «This Little Girl of Mine»

(1955)


«I Got a Woman» (opphavleg kalla «I've Got a Woman»)[1][2] er ein song av den amerikanske R&B/soulmmusikaren Ray Charles, gjeven ut på singel i desember 1954 på Atlantic med «Come Back Baby» på B-sida. Begge sidene kom seinare ut på albumet Ray Charles i 1957 (seinare kalla Hallelujah I Love Her So).

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Songen byggjer på «It Must Be Jesus» av Southern Tones, som Ray Charles lytta til på radio då han var på turne med bandet sitt sommaren 1954. Han og eit bandmedlem, trompetisten Renald Richard, skreiv ein song i gospel-snøggleik med ein verdsleg tekst og eit jazzinspirert rhythm and blues-akkompagnement. Songen var ein av prototypane på det som seinare vart kalla «soul» etter Charles gav ut «What'd I Say» nesten fem år seinare.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn seint i 1954 i Atlanta-studioet ved Georgia Tech-radiostasjonen WGST. Det var den første hitten til Charles og han klarta raskt til toppen av &B-lista i januar 1955.[3] Charles fortalte Pop Chronicles at han framførte songen i meir enn eit år før han spelte han inn 18. november 1954.[4] Songen førte til fleire hittar for Charles i perioden då han var på Atlantic. Songen vart seinare rangert på 239. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene, ein av fem Charles-songar på lista.[5] Ray Charles spelte inn songen på ny som «I Gotta Woman» (ABC-Paramount 10649) og denne nådde 79. plassen på Billboard pop-lista i 1965.[6]

The Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Got a Woman
Song av The Beatles
frå albumet Live at the BBC og On Air - Live at the BBC Volume 2
Utgjeve 30. november 1994 (Live at the BBC)

11. november 2013 (On Air - Live at the BBC Volume 2)

Innspelt 16. juli 1963 (Live at the BBC)

31. mars 1964 (On Air - Live at the BBC Volume 2)

Lengd 2:48 (Live at the BBC)

2:36 (On Air - Live at the BBC Volume 2)

Selskap Apple
Låtskrivar(ar) Ray Charles
Produsent Terry Henebery

The Beatles spelte inn to versjonar av songen for BBC-radio. Den første versjonen vart spelt inn 16. juli 1963 på BBC Paris Theatre i London for Pop Go The Beatles. Denne versjonen vart først gjeven ut i 1994 på samlealbumet Live at the BBC.

Den andre versjonen vart spelt inn 31. mars 1964 ved Playhouse Theatre i London for Saturday Club-radioshowet. Denne versjonen vart gjeven ut i 2013 for On Air – Live at the BBC Volume 2 og er kortare enn Live at the BBC-versjonen.[7]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar som nådde pop- eller R&B-lista i USA er versjonane til Jimmy McGriff (#20 pop, #5 R&B, 1962), Freddie Scott (#48 pop, 1963) og Ricky Nelson (#49 pop, 1963).[6]

Songen er òg blitt spelt av andre artistar, som

Bandet Dire Straits nemner songen i sin eigen song, «Walk of Life», frå 1985 på albumet Brothers in Arms 2:44 uti songen.

Kanye West-songen «Gold Digger» inneheld eit sample (og ein interpolasjon under introen) av songen. Refrenget på «I Got a Woman» er sungen gjennom songen av Jamie Foxx, som spelte Charles i biografifilen Ray i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 74. 
  2. 2,0 2,1 Label shot, Atlantic 1050
  3. Dahl, Bill (1954-11-18). «Allmusic.com». Allmusic.com. http://www.allmusic.com/song/t2562634. Henta 28. september 2016. 
  4. «Show 15 - The Soul Reformation: More on the evolution of rhythm and blues. [Part 1] : UNT Digital Library». Digital.library.unt.edu. http://digital.library.unt.edu/ark:/67531/metadc19764/m1/. Henta 28. september 2016. 
  5. «Rolling Stone's 500 Greatest Songs Of All Time». Rolling Stone. April 7, 2011. Henta November 3, 2015. 
  6. 6,0 6,1 Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 847. ISBN 0-89820-155-1. 
  7. 7,0 7,1 «I Got A Woman | The Beatles Bible». https://www.beatlesbible.com/songs/i-got-a-woman/. 

Mal:Ray Charles