Namibørkenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dune 7, den høgaste sanddyna i verda (ca. 383 m) i Namibørkenen i Namibia
Sandynelandskapet i Namibørkenen. Merk korleis dynene går i ein nordvest-søraust-retning. Desse toppane vert danna på tvers av vindretninga.
Solnedgang ved eit naturreservat i Namibørkenen.

Namibørkenen er ein ørken i Namibia og ein del av nasjonalparken Namib-Naukluft, som er ein av dei største i Afrika. Namnet «Namib» kjem frå namaspråket. Ørkenen dekkjer eit område på om lag 50 000 km², og strekkjer seg 1 600 km langs kysten av Atlanterhavet i Nambia, som er kalla opp etter ørkenen. Frå aust mot vest strekkjer ørkenen seg 50 til 150 km. Namibørkenen strekkjer seg òg inn i sørvestlege område av Angola.

Området er rekna for å vere den eldste ørkenen i verda, og har vore uttørka eller delvis uttørka dei siste 80 millionar åra. Området er tørt på grunn av den kalde Benguelastraumen, som går langs kysten av Sørvest-Afrika. Den kjølige havoverflata kjøler ned lufta over slik at ho søkk, og dermed motverkar skydanning og nedbør. Området har mindre enn 10 mm nedbør i året, og er nesten heilt aude.

Ein har derimot fleire uvanlege plante- og dyreartar i ørkenen. Ein av desse er Welwitschia mirabilis, ein av dei mest uvanlege artane. Welwitschia er ein slag busk, men har berre to lange reim-forma lauv, som han har gjennom heile levetida. Desse lauva kan verte fleire meter lange, og er krokete og vridde på grunn av ørkenvinden. Pælerota til busken utviklar seg til ei flat, konkav skive gjennom levealderen. Welwitschia er kjend for å kunne overleve i dei ekstremt tørre forholda i Nambiørkenen, og for stundom tilført fukt frå havtåke.

Sjølv om ørkenen stort sett er utilgjengeleg og ikkje folkesett, finst det enkelte busetnader ved Sesriem, nær Sossusvlei og ei stor gruppe sanddyner som er opp mot 340 meter høge og dei høgaste sanddynene i verda. Det komplekse og regelmessige sanddynemønsteret har trekt til seg geologar i lange tider, men dei er framleis lite forstått.

Vekselverknaden mellom den fuktige havlufta via sørlege vindar og den tørre lufta frå ørkenen skapar ofte tåke og kraftige straumar, noko som ofte har ført til at skip har mista retninga og forlist. I lag med Skjelettkysten lenger nord, er området kjend for mange skipsforlis. Nokre av skipa ligg opp til 50 meter inn på land, sidan ørkenen sakte kryp vestover i havet.

Namibørkenen er eit viktig område for utvinning av wolfram, salt og diamantar.

Ein kan nå ørken med småfly frå Windhoek (hovudstaden i Namibia, om lag 480 km aust for midten av ørkenen), Swakopmund og Walvis Bay i den nordlege enden av ørkenen, eller på land via grusvegar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]