Hopp til innhald

Nikolaj Gumiljov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Gumiljov

Fødenamn Николай Степанович Гумилёв
Pseudonym Анатолий Грант
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken
Fødd 3. april 1886, 15. april 1886
Kronsjtadt
Død

26. august 1921, 25. august 1921 (35 år)
St. Petersburg

Yrke lyrikar, skribent, offiser, omsetjar, litteraturkritikar, Africanist, oppdagar, duellant
Sjanger prosa, skodespel, forteljande lyrikk, vers
Medlem av Q1209525
Ektefelle Anna Akhmatova, Anna Engelhardt
Born Lev Gumiljov
Nikolaj Gumiljov på Commons

Nikolaj Stepanovitj Gumiljov (fødd 15. april 1886 i Kronsjtadt, daud 26. august 1921 i Petrograd) var ein russisk poet, kritikar, omsetjar og grunnleggjar av akmeismen.

Gumiljov studerte litteraturhistorie i St. Petersburg og Paris. Under studieåra sine blei han påverka av Valerij Brjusov og Konstantin Balmont. Dei første av dikta hans var forma av russisk symbolisme. I 1911 grunnla han saman med mellom anna Osip Mandelstam og Anna Akhmatova laget Poetgildet, som seinare utvikla seg til akmeismen. Ideane hans påverka Anna Akhmatova – som han var gift med frå 1910 til 1918 – og Georgij Ivanov med fleire.

Idealet til Gumiljov var klarheit, i motsetnad til symbolisme. Viktige motiv for poesien hans er Afrika, som han vitja fleire gonger på ekspedisjonar. Gumiljov var overtydd monarkist og motarbeidde bolsjevikstyret sine inngrep i litteraturutviklinga. Nikolaj Gumiljov blei avretta etter å ha blitt dømd for å ta del i ei sammansverging i samband med Kronstadtopprøret.

Barndom og ungdom

[endre | endre wikiteksten]

Nikolaj Gumiljov var fødd inn i ein adeleg familie i Kronstadt, som den andre sonen til skipslegen Stepan Jakovlevitj Gúmilev (1836–1910) og Anna Ivanovna, fødd Lvova (1854–1942).

Nikolaj Gumiljov var eit sjukeleg barn, han leid av stadig hovudverk og var kjenslevar for lyd. Hausten 1894 byrja han på skulen i Tsarskoje Selo, men gjekk der berre i nokre månader, før han på grunn av sjukdom tok til å studera heime. Hausten 1895 flytte familien til Petersburg, der Nikolaj året etter byrja ved skulen til Gurevitj. I 1900 fekk den eldre broren hans Dmitrij (1884–1922) tuberkulose, og familien reiste til Tbilisi i Kaukasia. Der byrja Nikolaj først i fjerde klasse for andre gongen, men fekk etter eit halvår byrja på den høgare lærestaden i Tbilisi. I 1902 fekk han gjeve ut sitt første dikt i avisa Tifliskij listok.[1]

I 1903 vende tilbake familien til Tsarskoje Selo og Nikolaj byrja i sjuande klasse. Han var ikkje eit skuletalent, og dumpa nesten, men fekk fortsetja på skulen ettersom rektoren visste at han skreiv dikt – året før skolavslutningen finansierte foreldra utgjevinga av den første diktsamlinga hans Put konkvistadorov (Путь конквистадоров). Etter eksamen våren 1906 reiste han til Sorbonne for å studera vidare.

Utanlandsopphald

[endre | endre wikiteksten]
Fotografi frå 1906
Foto i Paris 1906

Frå 1906 budde Gumiljov i Paris. Han gjekk på førelesingar om fransk litteratur på Sorbonne, studerte måleri og reiste mykje. Han vitja Italia og i Frankrike gav han ut det litterære tidsskriftet Sirius (som Anna Akhmatova debuterte i), men som berre kom ut med 3 nummer. Han gjekk på utstillingar, lærte seg å kjenna franske og russiske forfattar og brevveksla intensivt med kritikaren Valerij Brjusov, som han sende dikt, artiklar og forteljingar han hadde skrive til. På Sorbonne blei Gumiljov kjend med den unge poeten Jelisaveta Ivanovna Dmitrijeva (Елизаве́та Ива́новна Дми́триева). Denne korte kjennskapen spelte nokre år seinare ei stor rolle i livet til Gumiljov.

Brjusov presenterte Gumiljov for kjende poetar og forfattarar som Dmitrij Merezjkovskij, Zinaida Gippius og Andrej Belyj med fleire, men dei var nedlatande mot den unge, gåverike mannen. 1908 «hemna» han seg gjennom å senda dei diktet sitt «Androgyn» (russisk Андрогин) anonymt, som fekk ei svært velvillig mottaking, og Merezjkovskij og Gippius ville då læra å kjenna forfattaren.[2]

I april 1907 vende Nikolaj Gumiljov tilbake til Russland for å mønstra i militæret. Då traff han òg læraren sin Brjusov og kjærasten Anna Gorenko (Akhmatova). I juli drog han frå Sevastopol på den første reisa si i Levanten og vende tilbake til Paris i slutten av juli.

1908 gav Gumiljov ut diktsamlinga 'Romantiske farger' (Романтические цветы). For pengane han fekk for den, og med noko bistand frå foreldra sine, gav han seg ut på den andre reisa si, først til Sinop og deretter til Istanbul. Etter Tyrkia vitja Gumiljov Hellas, så reiste han til Egypt, der han vitja Ezbikie. I Kairo tok pengane hans uventa slutt og han var nøydd til å venda tilbake til Sankt Petersburg.

Nikolaj Gumiljov var ikkje bere poet, men òg ein europeisk utforskar av Afrika. Han utførte nokre ekspedisjonar til austlege og nordaustre Afrika, og tok med heim ei stor samling til det antropologiske og etnografiske museet i Sankt Petersburg.

Første ekspedisjonen til Abyssinia

[endre | endre wikiteksten]

Allereie som barn hadde Gumiljov vore fascinert av Afrika, han var inspirert av de russiske frivillige offiserane i Abyssinia (seinare gjentok han til og med ruta til Alexander Bulatovitj, og delvis ruta til Nikolaj Leontjev. Likevel kom avgjerda om å reisa tli Afrika uventa. 14. desember 1909 kom han først til Odessa, og reiste derfrå til Djibouti, og sidan vidare til Abyssinia. Gjennom korrespondansen til Gumiljov veit ein at han var på veg til Addis Abeba, vitja Dire Dawa og Harar i Etiopia, og også deltok på jakter.[3] I artikkelen «Er Menelik død?» skildrar Gumiljov inngåande og med innsikt alle tronstridigane kring Negus negesti, den etiopiske keisaren Menelik II.[4]

Mellom reisene

[endre | endre wikiteksten]
Nikolaj Gumiljov og Anna Akhmatova med sonen Lev Gumiljov.

Gumiljov vitja Vjatjeslav Ivanov sitt kjende litterære og filosofiske selskap Tårnet og foreininga Forkjemparane for det skjønnlitterære ordet, der han gjorde fleiree nye litterære kjennskapar. Dei tre åra mellom ekspedisjonane var innhaldsrike for Nikolaj Gumiljovv.

I 1909 gav Gumiljov saman med Sergej Makovskij ut det illustrerte tidsskriftet Apollon om kunst, musikk, teater og litteratur. Der byrja Gumiljov kritikarbanen sin og skreiv sitt kjende 'Brev om russisk poesi'.

Våren 1909 såg Gumiljov att Jelisaveta Dmitrijeva, og dei starta eit kjærleiksforhold. Gumiljov fridde til henne, men Dmitrijeva føretrekte ein annan poet, Maksimilian Aleksandrovitj Volosjin, som var ein redaksjonskollega av Gumiljov i tidsskriftet Apollon. Hausten same året, då pseudonymet Tsjerubina de Garbiak (Черуби́на де Габриа́к) hadde vorte avsløra som eit påfunn av Volosjin og Dmitrijeva, uttalte seg Gumiljov lite smigrande om Dimitrijeva som poet, og Volosjin utfordra han då offentleg til duell. Fleire aviser skreiv om duellen, som fann stad 22. november 1909. Begge duellantane overlevde – Volosjin skaut to gonger, men pistolen klikka begge gongane. Gumiljov skaut i lufta.[5]

I 1910 kom Gumiljov si diktsamling 'Perler' (Жемчуга) ut. Ho inneheldt òg den tidlegare utgjevne 'Romantiske farger'. Samlinga fekk rosande omtale av Brjosov, Vjatjeslav Ivanov, Innokentij Annenskij og andre kritikarar.

Den 25. april 1910 gifta Nikolaj Gumiljov seg til slutt, etter tre år med nøling. Han og Anna Andrejevna Gorenko (Akhmatova) blei vigde i Nikolajevkyrkja i Kiev.

I 1911 var Gumiljev med på å skipa Poetgildet. Andre medlemmer var mellom anna Anna Akhmatova, Osip Mandelstam, Vladimir Narbut, Sergej Gorodetskij, Maria Skobtsova (seinare heilage Maria av Paris) og Mikhail Zenkevitsj.

På denne tida gjekk symbolismen gjennom ei krise som dei unge diktarane freista å overvinna. Dei forkynte at poesi var eit handverk, og delte opp alle poetar i meistrar og sveinar. I Gildet blei Gorodetskij og Gumiljov rekna som meistrar. I førstninga hadde Gildet inga tydeleg retning.

I 1912 kunngjorde Gumiljov at det hadde oppstått ei ny kunstnarisk strøyming, akmeismen, som medlemmane i Poetgildet tilhøyrde. Akmeismen forkynte materialitet, objektiviteten til forma og motivet, og presisjonen til orda. Kunngjeringa av den nye retninga vekte heftige reaksjonar, dei fleste negative. Same året starta akmeisterna eit eige forlag og tidsskrift.

Gumiljov byrja studera gammalfransk poesi ved Sankt Petersburgs universitet.

Same året kom poesisamlinga 'Framande himmel' (Чужое небо) ut, som inneheld diktet 'Oppdaginga av Amerika' (Открытие Америки).

1. oktober 1912 fekk Anna og Nikolaj Gumiljov sonen Lev Nikolajevitj Gumiljov.

Den andre ekspedisjonen til Abyssinia

[endre | endre wikiteksten]

Den andre ekspedisjonen fann stad i 1913. Denne var betre organisert og var i samarbeid med Vitskapsakademiet. Først ville Gumiljov kryssa ørkenområdet Danakil, studera dei dårleg kjende folka der og freista å sivilisera dei, men Akademiet tilbakeviste denne ruta som altfor dyr, og Gumiljov blei nøydd til å føreslå ei ny rute.

Systersonen til Gumiljov, Nikolaj Svertjkov, følgde med han til Afrika som fotograf. Dei drog frå Sankt Petersburg 7. april og kom to dagar seinare fram til Odessa, som dei segla frå til Istanbul. I Tyrkia blei Gumiljov kjend med den tyrkiske konsulen Mozar-bej, og dei drog vidare saman til Egypt, og derfrå til Djibouti. Dei skulle ha reist lengre inn i landet med jernbane, men etter 260 km stoppa toget ettersom regnet hadde skylla vekk sporet. Dei fleste av passasjerane vende tilbake, men Gumiljov, Svertjkov og Mozar-bej tagg til seg ein dresin av jernbanearbeidarane og drog med den 80 km langs den skadde banen. Då dei kom fram til Dire-Daya engasjerte Gumiljov ein tolk og dei drog vidare med ein karavane til Harar.[6]

Haile Selassie I

Der kjøpte Gumiljov med noko møde muldyr, og blei kjend med den dåvarande guvernøren i Harar, Ras Tafari, den seinare keisar Haile Selassie I. Gumiljov donerte ein kasse vermouth til den komande keisaren og fotograferte han, kona og syster hans.

Frå Harar gjekk vegen gjennom lite utforska trakter til Sjeik-Hussein sin by. Dei måtte ta seg over elva Jabu der dei blei angripne av krokodillar og Nikolaj Svertjkov nesten blei eten. Dei fekk snart proviantmangel og måtte jakta etter mat. Vel framme fekk dei ei varm mottaking av høvdingen og den andelege leiaren Aba-Muda. Gumiljov fekk sjå grava til den heilage Sjeik-Hussein og ei grotte som ingen syndarar kunne ta seg ut av. Nikolaj Gumiljov gjekk inn i grotta og vende tilbake i godt behald. Etter at dei hadde skrive ned ein hagiografi for Sjeik-Hussein drog ekspedisjonen til byen Ginir. Der fullførte dei samlingane sine og fylte på med vatn før dei fortsette vestver langs den vanskeleg vegen til byen Matakua.

Den vidare lagnaden til ekspedisjonen er ukjend. Gumiljov si afrikanske dagbok blir avbroten med ordet «Vegen...» den 26 juli. Gumiljov vende tilbake til Sankt Petersburg og Tsarskoje Selo i andre halvdel av september 1913.[7]

Første verdskrigen

[endre | endre wikiteksten]

fyrste verdskrigen byrja i august 1914 melde Nikolaj Gumiljov seg som frivillig. Bror hans Dmitrij Gumiljov blei innkalla og såra i strid og døydde i 1922. Nesten alle dei framståande poetane på den tida skreiv patriotiske dikt eller krigsdikt, men berre to av dei deltok som frivillige i krigen: Nikolaj Gumiljov og Benedikt Konstantinovitj Livsjits.

I september og oktober 1914 blei dei frivillige utdanna og trena, og allereie i november blei regimentet til Gumiljov sendt til sørlege Polen. 19. november hadde det den første kampen sin. For dei nattlege rekognoseringane sine før kampane blei Gumiljov løna med Sankt georgskrossen av fjerde grad og blei utnemnd til underoffiser i januar 1915. Etter månader med uavbrotne kampar blei han sjuk og fekk høg feber i byrjinga av mars, og blei transportert med hestskyss til næraste jernbanestasjon. Derfrå blei han send til sjukehuset i Petrograd, der han blei pleia før han vende tilbake til fronten i slutten av mai same året.[8] Gumiljov deltok då nesten dagleg på rekognosseringspatruljane før kampane i Volhynia. Der hadde han dei hardaste krigserfaringane sine og fekk sankt georgskrossen av andre grad. 6. juni byrja fienden sitt store motåtak. Gumiljov sitt regiment lykkast i å halda posisjonen sin og dessutan ta nokre maskingevær, som Gumiljov bar eit av. For dette blei han løna med Sankt Georgskrossen av tredje grad. I september vende tilbake han til Russland, og først i mars 1916 blei han innkalla til eit anna regiment. I mellomtida vigde han seg til den litterære aktiviteten sin.[9]

I april 1916 vende tilbake Gumiljov til regimentet sitt som då var i Daugavpils. I mai blei han evakuert til Petrograd etter å ha blitt ramma av lungeinflammasjon, og på råd frå legane sine reiste han deretter til Jalta for å kurera seg på sørlegare breiddegrader. I juli vende han tilbake til fronten, og etter eit kort avbrot for studiar ved krigshøgskolen var han i skyttargravene heilt til januar 1917.[10] I mai blei han flytta til Thessalonikifronten og drog til det russiske ekspedisjonskorpset i Paris, via Sverige, Noreg og England.[10] Gumiljov var nesten ein månad i London, og der blei han blant anna kjend med poeten William Butler Yeats og forfattaren G.K. Chesterton.[11]

Då Gumiljov kom til Paris 1. juli 1917 tenestegjorde han som adjutant hjå kommissæren for den provisoriske regjeringa i Russland. Der blei han ven med kunstnarane Mikhail Larionov og Natalia Gontsjarova,[15] og forelska seg i franskrussiske Jelena Karolovna du Bouchet, dottera til ein kjend kirurg. Nikolaj Gumiljov tileigna henne diktsamlinga si 'K Sinej zvezdje' (К Синей звезде, 'Til den djupblå stjerna').[12]

Gumiljov blei overført til 3. brigade, der samanbrotet til hæren var merkbar. 1. og 2. brigade gjorde opprør 16 september, men det vart blei slått ned, og Gumiljov var med på å undertrykka det. Fleire soldatar blei deretter deporterte til Petrograd i ein særskild brigade.[13] Gumiljov fekk ulike tilbod, mellom anna om å bli flytta til den persiske fronten, den mesopotamiska fronten, tenestegjera i London eller bli verande og tenestegjera i Paris.[14] Men Nikolaj Gumiljov ønskte å venda heim til Russland, og bestemte seg for å dra tilbake til Petrograd, sjølv om mange rådde han imot det. For tryggleiks skulda let han nesten alle eigedelane sine, inklusive notatbøkene, vera hjå vener i Paris eller i London som han passerte på heimvegen. Han forlet Paris 21. januar 1918 og London 10. april same år.[13]

I Sovjetrussland

[endre | endre wikiteksten]

Då Nikolaj Gumiljov kom tiblake til Petrograd i mai 1918 blei mange overraske ettersom dei frå intelligentsiaen som kunne i staden flykta vestover frå bolsjevikregimet, kaoset og svolten. Anna Akhmatova møtte maken sin med melding om at ho ville ha skilsmisse for å gifta om seg med venen hans Vladimir Sjilejko. Gumiljov hadde ikkje noko imot dette, og dei skilde seg offisielt 5. august. Deretter fridde Gumiljov til Anna Engelhardt, dotter av historikaren og litteraturvitaren Nikolaj Engelhardt. 14. april 1919 fekk dei dottera Jelena Nikolajevna Gumiljova[20]

I 1918 kom Gumiljov si diktsamling 'Kostjor; (Костёр, Leirbål) ut, det afrikanske diktet «Mik» (Мик) og teaterstykket 'Ditsja Allatsja' (Дитя Аллаха, 'Allahs barn').

Frå haustterminen 1918 og til og med 1920 forelas Gumiljov om poesihistorie og -teori på eit nyetablert institutt for det levande ordet (russisk Институт живого слова).

27 februar 1919 blie Gumiljov invitert med i rådet for forlaget «Litteraturen i heile verda». I mars same året gav forlaget ut Nikolaj Gumiljov og Kornei Tjukovskij sitt skrift Printsipij tsjudozjestvennogo perevoda (Принципы художественного перевода, 'Prinsipp for skjønnlitterær omsetjing'), der Tjukovskij skriv om å omsetja prosa og Gumiljov om å omsetja lyrikk.[15]

I 1920 blei petrogradavdelinga av det Allrussiske poetforbundet grunnlagd, og Gumiljov blei eit aktivt medlem. I februar 1921 blei han vald til leiar der.[16] Same året gav han ut to diktsamlingar. Den første, Sjatjor (Шатёр, 'Teltet'), var inspirert av inntrykka frå reisene i Afrika, og var tenkt som første delen i ei storslagen «lærebok om geografi i poesi». I denne hadde Gumiljov planlagd å skildra på rim heile den folkesette verda. Den andre diktsamlinga Ognennyj stolp (Огненный столп, 'Den flammande pilaren') blir gjerne rekna som det fremste diktverket hans.

Nikolaj Gumiljov skjulte aldri dei religiøse og politiske overtydingane sine. Han gjekk i kyrkja og krossa seg, og sa kva han meinte. Under ein poesiaftan, då han fekk eit spørsmål frå publikum om den politiske overtydinga si, svara han «eg er overtydd monarkist».[17]

Arrestering og arkebusering

[endre | endre wikiteksten]
Nikolaj Gumiljov. Foto frå rannsakningsakten. 1921.

3. august 1921 blei Nikolaj Gumiljov arrestert som mistenkt for deltaking i Tagantsevsammansverjinga. Venene hans Mikhail Leonidovitsj Lozinskij og Nikolaj Avdejevitj Otsup freista å redda han, men Nikolaj Gumiljov blei likevel raskt dømd til døden.

24. august bestemte Tsjekaen seg for å arkebusera dei tilfangetakne deltakarane i Tagantsevsammansverjinga, i alt 61 personar. Dette blei først gjort kjend 1. september, der det kom fram at dommen allereie var blitt iverksett. Gumiljov og og 56 andre dømde blei arkebuserte natta til 26. august, noko ein først kunne fastslå i 2014.[18][a]

Avrettings- og gravleggingsplassen hans er framleis ukjend. Følgjande alternativ har vorte diskuterte:

  • Berngardovka (Бернга́рдовка), elvedalen til Lubj i Vsevolozjsk. Det går ei bru over elva Lubja, på stranda står fem minnekrossar.
  • Kaiområdet "Lisij Nos" (Лисий Нос, Revsnuta), bakfor krutmagasinet. Ein aude plass i nærleiken av jernbanestasjonen Razdelnaja (no Lisij Nos) som tidlegare var blitt nytta som avrettingsplass ved militærrettsdommar.
  • Anna Akhmatova trudde at avrettingsplatsen låg aust for byen, i Porotsjovdistriktet.
  • Kovaljovskij les (Ковалёвский лес, Kovalejskijskogen), i området kring Rzjevskij poligon (Ржевский полигон), ved krumminga til elva Lubja.

Først i 1992 blei Nikolaj Gumiljov rehabilitert posthumt.[19]

Det finst også ulike versjonar om kva som skjedde 1921.

Det finst minst tre versjonar av om Gumiljov var delaktig i Tagantsev si samansverjing:

  • Gumiljov deltok i samansverjinga – den offisielle sovjetiske versjonen 1921–1987, støtta av nokre kjende emigrantpoetar og mange biografar, til dømes Sjubinskij.[20]
  • Gumiljov deltok ikkje i samansverjinga, han visste bare om henne utan å rapportera henne – ein versjon frå 1960-talet, og den som blei generelt spreidd i Sovjetunionen under perestrojkaen (1987–1991) og òg no for tida.[21]
  • Det fanst inga samansverjing, ho var berre oppdikta av Tsjekaen i samband med Kronstadtopprøret – ein av fleire nyare versjonar.[22]
Minnesmerke over Nikolaj Gumiljov i Koktebel.

Foreldre:

  • far: Stepan Jakovlevitj Gumiljov (28. juli 1836–6. februar 1910)
  • mor: Anna Ivanovna, fødd Ljvova (4 juni 1854–24. desember 1942)
    • Nikolaj Gumiljov
    • Første kone: Anna Akhmatova (Anna Andrejevna Gorenko), (23 juni 1889–5 mars 1966)
      • Sonen deira Lev Nikolajevitsj Gumiljov (1. oktober 1912–15. juni 1992). Barnlaus.
    • Andre kone: Anna Nikolajevna Engelhardt (1895–april 1942)
      • Dottera deira Jelena Gumiljova (14. april 1919, Petrograd, – 25. juli 1942, Leningrad). Anna Engelhardt og Jelena Gumiljova døydde av svolt under kringsetjinga av Leningrad.
    • Elskarinne: Olga Nikolajevna Vysotskaja (18. desember 1885, Moskva–18. januar 1966, Tiraspol.
      • Sonen deira Orest Nikolajevitj Vysotskij (26. oktober 1913, Moskva – 1. september 1992). Dei to døtrene og sonen hans Nikolaj var dei einaste ætlingane til Gumiljov.
  1. Tidlegare hadde ein trudd at Nikolaj Gumiljov blei avretta anten 24. august, då dommen fall, eller 25. august, ettersom dommar ofte blei iverksette dagen etter.
  1. Vera Luknitskajas biografi om Nikolaj Gumiljov
  2. Jevgenij Stepanov: Krönika
  3. Brongulejev 1995, s. 154–157.
  4. Är Menelik död? (russisk Умер ли Менелик?) Henta 31. desember 2016
  5. Brongulejev 1995, s. 145–151.
  6. Brongulejev 1995, s. 281–301.
  7. Brongulejev 1995, s. 301–338.
  8. Polusjin 2015, s. 431–471 och 702.
  9. Polusjin 2015, s. 702–703.
  10. 10,0 10,1 Polusjin 2015, s. 498–511.
  11. Gumiljovs brev. Henta 19. januar 2017
  12. Polusjin 2015, s. 535–536.
  13. 13,0 13,1 Polusjin 2015, s. 538–541.
  14. Polusjin 2015, s. 544–549.
  15. Länk till den inskannade originalutgåvan 1919. Henta 23. januar 2017
  16. Polusjin 2015, s. 705.
  17. Л. Ильюнина. «Я — убеждённый монархист». К дню памяти поэта Николая Гумилёва…L. Iljonina. Jag är övertygad monarkist. Till poeten Nikolaj Gumiljovs minnesdag. Henta 11. februar 2017. (på russisk)
  18. «Historiker i Sankt Petersburg har fastställt Nikolaj Gumiljovs dödsdatum». Gazeta.ru (på russisk). 27 oktober 2014. Henta 2 september 2015. 
  19. «Смерть Н. С. Гумилёва как литературный факт». Arkivert frå originalen 22. august 2011. Henta 10. oktober 2010. 
  20. Irina Odojevtseva. Na beregach Nevy (på ryska: Ирина Одоевцева. На берегах Невы På Nevas stränder)
  21. Terechov G. A. Vozvrastjajas k delu Gumiljova (på ryska: Терехов Г. А. Возвращаясь к делу Гумилёва)
  22. Vosstanije v Kronsjtadte: za vlast Sovjetov i svobodu torgovli (på ryska: Восстание в Кронштадте: за власть Советов и свободу торговли Upproret i Kronstadt: för Sovjeternas makt och handelsfrihet) Läst 12 februari 2017


  • Alexejeva T. S. Achmatova i Gumiljev. S ljobimym ne rasstavajtes. M.: Eksmo, 2013. 342 sidor. ISBN 978-5-699-61680-0 (publicerad text på Internet)
  • Annenkov J. Nikolaj Gumiljov. Dnevnik moich vstretj. Tsikl tragedij. L.: Isskustvo, 1991.
  • Annenkov J. Nikolaj Gumiljov. Dnevnik moich vstretj. Tsikl tragedij". Pod obstj. red. prof. R. Gerra. M.: Vagrus, 2005. Sid. 97–115.
  • Brongulejev, Vadim Vasiljevitj: Posredine stranstvija zemnogo: Dokumentalnaja povest o zjizni i tvortjestve Nikolaja Gumiljova Gody: 1886–1913, Mysl, Moskva 1995 (ryska). ISBN 5-244-00614-2. 
  • Davidson A. B. Mir Nikolaja Gumiljova, poeta, pytsjestvennika, voina. M.: Rysskoje slovo, 2008.
  • Gusev A., Podberezin B. Nikolaj Gumiljov: vyzov cydbe. Riga: Jumi, 2014. ISBN 978-9984-30-240-9.
  • Pertjenok V. Spisok rasstreljannych. Feldman d. Delo Gumiljova. Novyj mir. 1990. Nr. 4.
  • Petrov M. V. V dopolnenije k delu N. S. Gumiljova. Novyj mir. 1990. Nr. 5.
  • Polusjin, Vladimir: Nikolaj Gumiljov. Zjizn rasstreljannogo poeta, Molodaja gvardija, Moskva 2015 (ryska). ISBN 978-5-235-03767-0. 
  • Samyj neprotjitannyj poet. Zametki Anny Achmatovoj o Nikolaje Gumiljove. Nojyj mir. 1990. Nr. 5.
  • Sjubinskij V. I. Zjizn Nikolaja Nikolaja Gumiljova. Ast: corpus. M.: 2014.
  • Vysotskij O. Nikolaj Gumiljov glazami syna. Molodaja gvardija, 2004.
  • Zjizn Nikolaja Gumiljova: Vospominanija sovremennikaov. SPB: Izd. Mezjdynarodnogo fonda istorii nauki, 1991.
  • Zobnin J. Nikolaj Gumiljov Pro et contra. SPB: RCHGI, 2000
  • Zobnin J. Nikolaj Gumiljov – poet Pravoslavija. SPB, 1999.