Nomadisk husdyrhald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tuvinsk jente med kamel og sauar utanfor ein jurt i Tyva.
Foto: Dr. Andreas Hugentobler

Nomadisk husdyrhald er ein levemåte der ein held husdyr som ein flyttar mellom ulike område. Dyreeigarane dyrkar ikkje jorda, men driv flokkane sine til nye beite, til dømes vinter- og sommarbeite. Dei tek vare på dyra og gjer nytte av produkt frå dei.

I dag driv ein hovudsakleg med nomadisk husdyrhald i marginale område, til dømes arktiske strøk, fjell, stepper, ørken og halvørken, som har særs tørt eller kaldt klima. Levemåten krev store område og kan føra til konflikt med fastbuande. På den andre sida kan husdyrnomadar også ha gode tilhøve med fastbuande, eller sjølv vera delvis fastbuande.

Tuaregar med geiter og esel i algerisk Sahara.
Foto: Patrick Gruban

Husdyrnomadar kan ha flokkar med éin eller ulike typar dyr. Vanlegvis held ein flokklevande hovdyr (til dømes geiter, hestar, kamelar og storfe). I tillegg kan ein ha hjelpedyr som hund til å gjeta dei.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skytisk mynt med ryttar.

Ein teori som oppstod i opplysingstida var at nomadisk husdyrhald var eit mellomtrinn på utviklinga frå jakt og sanking til fastbuande jordbrukssamfunn. No reknar ein gjerne med at nomadisk husdyrhald oppstod etter at jordbruket oppstod og ein domestiserte dyr. Nomadisk husdyrhald kan derimot gjerne vera ei form for spesialisering som utvikla seg vekk frå spesialiseringa til dei som blei bufaste.

Til tider har nomadiske grupper vokse seg store og mektige, og danna rike som Skytia, Mongolriket, Hunarriket og Det osmanske riket.

Nokre samar driv nomadisk reinsdyrhald.

Område med nomadisk husdyrhald[endre | endre wikiteksten]

Tibetanske nomadar med jakar nær Kailasafjellet.
Foto: Dieter Schuh

(Lista er ikkje fullstendig)

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sherratt, Andrew (1996), «Pastoralism», i Brian M. Fagan, The Oxford Companion to Archaeology, Oxford University Press