Operasjon Dagsverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Operasjon Dagsverk (fork. OD) er ein elevstyrt haldningskampanje og innsamlingsaksjon arrangert av Elevorganisasjonen. Aksjonen er spesielt retta mot ungdomstrinnet i grunnskolen og den vidaregåande skolen. Folkehøgskolar kan òg delta på Operasjon Dagsverk.

Elevar som deltek i prosjektet gjev ein dag av utdanninga si for å jobba og tena pengar til utdanningsstøtte for ungdom i Asia, Afrika eller Latin-Amerika. Ein kan arbeida hjå firma eller heime, eller samla inn pengar på andre måtar. Dei innsamla midla, som årleg ligg noko under 30 millionar kroner, blir utbetalt litt etter litt over fleire år. Prosjekta som blir støtta blir delvis valde av Elevtinget og delvis i ei uravstemning blant elevane på skolane som er påmelde.

Aksjonsdagen er den siste torsdagen i oktober kvart år (i 2007 den 25. oktober), og han kjem etter ein informasjonskampanje kalla Internasjonal Uke (IU) som vanlegvis går over to veker.

Aksjonen støtta i 2006 prosjekt i Nepal. Tittelen var «Kamp for skuddsikre skolar» og retta seg mot barn som er rammet av borgarkrigen i landet. Samarbeidsorganisasjon for året var Redd Barna. Aksjonen for 2007 er i samarbeid med Utviklingsfondet, og retta mot dei tre mellomamerikanske landa Honduras, Nicaragua og Guatemala.

Tidlegare OD-prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Her følgjer eit oversyn over tidlegare prosjekt[1]

År Prosjekt Prosjektleiar Heimfylket til prosjektleiaren
1964 Algerie Lars Alldén Oslo
1967 Peru Eirik Reinert Vestfold
1968 Ceylon og Sri Lanka ? ?
1969 Zambia Arne Disch
1970 Zambia Lars Løvold Oslo
1971 Buinea Bissau og Angola Erik Horn
1972 Portugisiske koloniar ? ?
1973 Bangladesh Lars Marius Valstad Oslo
1974 Tanzania Ola Bendiks Siverts Hordaland
1975 Botswana Arne Tovik (tidl. Arne Olsen) Telemark
1976 Sudan Steinar Brenden Telemark
1977 Brasil Jens Brede Oslo
1978 Kambodsjanske flyktningar i Thailand Knut Are Seierstad
1979 Jamaica Erna Solberg Hordaland
1980 Eritreiske flyktningar i Sudan Beate Stirø Buskerud
1981 Afghanistan Siri Caspersen Akershus
1982 Zimbabwe Karl-Christian Agerup Oslo
1983 Nicaragua Merete Fjeld Brattested Oslo
1984 Bolivia og Ecuador Marianne Røyseland Hordaland
1985 Namibia Marianne Røyseland Hordaland
1986 Afghanistan Geir Axelsen Oslo
1987 Eritrea Vidar Helgesen Oslo
1988 Det sørlege Afrika Vidar Helgesen Oslo
1989 Peru Malin Stensønes
1990 Undervisning til fridom Lars Selmar Alsaker Hordaland
1991 Brasil og Chile Unni Mortensen Akershus
1992 Costa Rica, Ecuador, Bolivia og Brasil Åshild Karevold Nord-Trøndelag
1993 Kambodsja Monica Furustøl Rogaland
1994 Sør-Afrika Ingeborg Brenne Reigstad Hedmark
1995 Brasil Kåre Dag Mangersnes Hordaland
1996 Afghanistan Nina Drange Rogaland
1997 Brasil Knut Olav Krohn Lakså Sør-Trøndelag
1998 Tanzania, Zanzibar, Malawi og Uganda Bergdís Joelsdóttír
1999 Jenter i heile verda Unni Berge Sogn og Fjordane
2000 Sør-Afrika Zimbabwe, Bolivia og Nicaragua Vegard Hole Oslo
2001 Indonesia, Papua Ny Guinea og Malaysia Bjarne Stavang Kristoffersen Finnmark
2002 Sierra Leone Idunn Myklebust Sør-Trøndelag
2003 Sri Lanka Sunniva Pettersen Eidsvoll Hedmark
2004 Sør-Afrika Andreas Delsett Nordland
2005 Brasil Kristin Rannem Nord-Trøndelag
2006 Nepal Stian Skaalbones Nordland
2007 Honduras, Nicaragua, Guatemala Eirik Gran Finnmark
2008 Shonglap i Bangladesh Arne Andreas Opheim Hedmark
2009 Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda Ingvild Austgulen Nordland
2010 Slumområde i Brasil Simon Oliver Ommundsen Hordaland
2011 Rwanda Fredrikke Marie Trana Østfold
2012 Nepal Steffen Mio Kristiansen Akershus
2013 Guatemala, Honduras og Mexico Embla Husby Jørgensen Oslo
2014 Etiopia og Malawi Martin Gukild Østfold
2015 Argentina, Chile og Peru Hanna Hågensen Aasen Hedmark
2016 Colombia Olav Bjelland Brekke[2] Vestfold
2017 Nigeria Sandra Skiaker Akershus
2018 Palestina Frida Jøraholmen Andresen Østfold
2019 Kongo Jens Øygarden Ingebrigtsen Troms

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: OD: Tidlegare prosjekt
  2. "Gratulerer til Olav Brekke som nyvalgt leder for Operasjon Dagsverk 2016! @Br0lav" @avmedforungdom

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]