Vidar Helgesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vidar Helgesen
none  Vidar HelgesenFoto: Line Håland Aaltvedt / Noreg sin delegasjon til EU
Vidar Helgesen
Foto: Line Håland Aaltvedt / Noreg sin delegasjon til EU
Fødd 21. november 1968 (48 år)

Bodø

Parti Høgre
Yrke Diplomat
1. verv Norsk klima- og miljøminister
 - periode 16. desember 2015–
 - regjering Solberg
 - føregjengar Tine Sundtoft
2. verv Norsk EØS- og EU-minister
 - periode 16. oktober 2013–16. desember 2015
 - regjering Solberg
 - føregjengar Ministerpost oppretta
 - etterfylgjar Elisabeth Aspaker
3. verv Statsråd ved Statsministerens kontor
 - periode 16. oktober 2013–16. desember 2015
 - regjering Solberg
 - føregjengar Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
 - etterfylgjar Elisabeth Aspaker
4. verv Statssekretær i Utanriksdepartementet
 - periode 2001–2005
 - regjering Bondevik II

Vidar Helgesen (fødd 21. november 1968 i Bodø) er ein norsk diplomat og politikar (H) og norsk klima- og miljøminister i regjeringa Solberg frå 2015. Frå 16. oktober 2013 til 2015 var han statsråd og stabssjef ved Statsministerens kontor i regjeringa Solberg med ansvar for EØS-saker og Noregs tilhøve til EU.[1]

Han var medlem av sentralstyra i Noregs Gymnasiastsamband 1987–1989 og Unge Høgre 1989–1991, og leia Operasjon Dagsverk 1987–1988. Ein periode var han og nestleiar i Oslo Unge Høgre. I 1994 leia han Høgre sin kampanje før folkerøystinga om EU i 1994. Helgesen var redaktør for boka Partiet, makten og staten frå 1995 og redaksjonssekretær i Tidens tegn 1996–1998.

Helgesen er særleg opptatt av menneskerettar, flyktningproblematikk, fredsmekling, forsoningsprosessar samt FN-politikk. Han var spesialrådgjevar i det internasjonale Røde Kors i Genève 1998–2001 og statssekretær i Utanriksdepartementet 2001–2005 samt generalsekretær i International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA) i Stockholm 2005–2013.

Helgesen har anar frå Gildeskål kommune i Nordland, vart født i Bodø, og voks opp på Nøtterøy i Vestfold.[2][3] Han er cand.jur. frå Universitetet i Oslo frå 1998, og praktiserte som advokatfullmektig i Wiersholm, Mellbye & Bech i Oslo i 2001. I 1999 vart han opptatt til Utanriksdepartementets aspirantkurs.[4] Han har publisert fleire artiklar om folkerett og fredsmekling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisielt fra statsråd 16. oktober 2013 kl. 12.00. Statsministerens kontor. Vitja 16. oktober 2013.
  2. «Fiskerne vil ikke ha Aspaker som minister». NRK Nordland. 15. oktober 2013. Henta 15. oktober 2013. 
  3. «Vestfold-kort i regjeringskabalen». Tønsbergs Blad. 3. oktober 2013. Henta 15. oktober 2013. 
  4. UD (8. juli 1999) «Aspiranter til utenrikstjenesten 1999» – Aftenposten, s. 20.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vidar Helgesen