Harald Schumacher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Schumacher
Übergabe DFB-Pokal an Botschafter Toni Schumacher und Janus Fröhlich-6556.jpg
Harald Schumacher i 2013
Personleg informasjon
Fullt namn Harald Anton Schumacher
Fødselsdato 6. mars 1954 (65 år)
Fødestad Düren i Vest-Tyskland
Høgd 186 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1972-1987 Köln 422 (0)
1987-1988 Schalke 04 33 (0)
1988-1991 Fenerbahçe 65 (0)
1991-1992 Bayern München 8 (0)
1995-1996 Borussia Dortmund 1 (0)
Totalt 529 (0)
Landslag
1979-1986 Vest-Tyskland 76 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Harald Anton Schumacher (fødd 6. mars 1954), like kjend som Toni Schumacher, er ei tysk tidlegare fotballmålvakt frå Düren. Han vann EM-gull 1980 og to VM-sølv med Vest-Tyskland i åra 1982 og 1986. Med FC Köln sikra han seg tre nasjonale cuptitlar og i 1978 seriegullet i Bundesliga. Schumacher er særleg kjend og berykta for ei utrusing han gjorde i VM-semifinalen 1982 mot Frankrike. I det den franske spelaren Patrick Battiston skulle ta seg forbi Schumacher, vart han meia ned av Schumacher og måtte deretter berast av bana med ein alvorleg skade.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Schumacher var Köln-spelar frå 1972 til 1987. Han opplevde sin fyrste triumf då laget vann den tyske fotballcupe. Året etter var han med å vinne både Bundesliga og den tyske cupfinalen. Fem år seinare fekk han den tredje cuppokalen med Köln. Våren 1986 vakta han målet då Köln var sjanselause mot Real Madrid i finalespelet i UEFA-cupen. Etter ein sesong i Schalke 04 flytta han sommaren 1988 over til tyrkiske Fenerbahçe i Istanbul. I 1991 vende han tilbake til Tyskland, og var i 1991/92-sesongen reservemålvakt i Bayern München.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Schumacher fekk sin landslagsdebut i Reykjavik mot Island i mai 1979. Frå april 1980 til hausten 1986 var han det soleklåre fyrstevalet i Vest-Tyskland sitt mål. Han stod i mål for Vest-Tyskland både i EM-finalen 1980 som enda med siger 2-1 over Belgia og i VM-finalen 1982, der Italia vann 3-1. Også i fotball-EM 1984 vakta han målet for eit vesttysk mannskap som ikkje lukkast kvalifisere seg til semifinaleplass. Schmacher var ein sentral aktør då Vest-Tyskland tok seg til endå ein VM-finale i Mexico i 1986, der Argentina med mellom andre Diego Maradona på laget sende vesttyskarane heim med sølvmedaljar etter tap 1-3. Schumacher spelte 76 landskampar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]