Purpurlyng
| Purpurlyng | |
Purpurlyng | |
| Status | |
| Status i verda: Status i Noreg: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Lyngordenen Ericales |
| Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
| Slekt: | Klokkelyngslekta Erica |
| Art: | Purpurlyng E. cinerea |
| Vitskapleg namn | |
| Erica cinerea | |
Purpurlyng (Erica cinerea) er ein dvergbusk i klokkelyngslekta i lyngfamilien.
Planten blir 15–75 cm høg. Årsskota er hårete, medan resten av planten er glatt. Dei smale blada sit i kransar på tre, noko som skil arten frå slektningen klokkelyng. Dei klokkeforma blomane er purpurfarga og sit i klasar. Han veks i hei og open skog på tørr og sur jord.[1]
I Vest-Europa er purpurlyng ein typisk art for dei atlantiske kystlyngheiene. Han veks frå Portugal nordover til Dei britiske øyane og Noreg. I nord er utbreiinga avgrensa til område med lite frost, og han veks i motsetnad til klokkelyng verken i Danmark eller Sverige. I sør går han derimot lenger aust enn klokkelyng, heilt til Liguria i Italia. I middelhavsområdet er han hovudsakleg ein fjellplante.[2][3][4]
I Noreg veks purpurlyng på Vestlandet i ytre kyst- og fjordstrøk frå Ryfylke til Haram i Møre og Romsdal. Han krev litt sommarvarme og manglar på dei mest forblåste øyane. I Norsk raudliste for artar er arten rekna som nær truga på grunn av gjengroing, utbygging og skogplanting.[5]
To nærståande former var tidlegare rekna som varietetar, men har no fått status som eigne artar. Dette er Erica numidica i Algerie og Erica maderensis frå Madeira.[4]


Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. ISBN 82-512-0355-4.
- ↑ O. Gjærevoll. Plantegeografi (2/ utg.). Tapir. s. 114. ISBN 82-519-1104-4.
- ↑ M. Blamey; C. Grey-Wilson. Wild Flowers of the Mediterranean (2. utg.). London: A & C Black. s. 166. ISBN 0-7136-7015-0.
- 1 2 A.M. Romo; A. Boratyński. «A new combination in Erica (Ericaceae)». Collectanea Botanica (Barcelona) 29: 95–98. ISSN 0010-0730. doi:10.3989/collectbot.2010.v29.009.
- ↑ «Karplanter. Vurdering av purpurlyng Erica cinerea som NT for Norge». Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 29. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Purpurlyng» frå Wikipedia på bokmål, den 20. august 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Purpurlyng hos Artsdatabanken
- (en) Purpurlyng i Catalogue of Life
- (en) Purpurlyng i Encyclopedia of Life
- (en) Purpurlyng i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Purpurlyng hos Dyntaxa
- (en) Purpurlyng hos ITIS
- (en) Purpurlyng hos NCBI
- (en) Purpurlyng hos Plants of the World Online
- (en) Purpurlyng hos The International Plant Names Index
- (en) Purpurlyng hos Tropicos
- (en) Kategori:Erica cinerea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons