Rába

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raab er óg det tyske namnet på den ungarske byen Győr
Rába
elv
none
Land Flag of Austria.svg Austerrike, Flag of Hungary.svg Ungarn
Renn gjennom Győr
Kjelde Passaileralpane
 - høgd 1 150 moh
Munning Donau
 - høgd 118 moh
Lengd 250 km
Nedslagsfelt 18 km²
Vassføring
 - middel 1 020 /s
Wikimedia Commons: Rába

Rába (tysk Raab) er ei elv som renn gjennom søraustlege område av Austerrike og vestlege område av Ungarn, og ho er ei av sideelvene til Donau. Ho har sitt utspring i Austerrike, nokre kilometer aust for Bruck an der Mur. Elva renn gjennom delstatane Steiermark og Burgenland i Austerrike, og Vas og Győr-Moson-Sopron i Ungarn. Ho renn inn i ei sideelv til Donau (Mosoni-Duna) i nordvestlege område av Ungarn, i byen Győr. Andre landsbyar og byar langs Rába er mellom anna Gleisdorf, Feldbach (i Austerrike), og Szentgotthárd og Körmend (i Ungarn).

Dei 5-6000 slovenarane som bur i dei nordlegaste områda av Ungarn vert kalla Raba-slovenarar sidan dei bur nær elva. Dei fleste av dei bur i Szentgotthárd (Monošter på slovensk) og landsbyar sør for byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]