Hron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hron
elv
Radvaň BB.JPG
Land Flag of Slovakia.svg Slovakia
Nedslagsfelt 5 453 km²
Lengd 298 km
Middelvassføring 53,7 /s
Kjelde Låge Tatra
Munning Donau
Wikimedia Commons: Hron

Hron (tysk Gran, ungarsk Garam, latinsk Granus) er ei 298 km lang sideelv til Donau og den nest lengste elva i Slovakia. Ho spring ut frå Låge Tatra (nedanfor Kráľova hoľa) og gjennom sentrale og sørlege område av Slovakia, før ho munnar ut i Donau nær Štúrovo og Esztergom. Av store byar langs elva finn ein Brezno, Banská Bystrica, Sliač, Zvolen, Žiar nad Hronom, Žarnovica, Nová Baňa, Tlmače, Levice, Želiezovce og Štúrovo.

Nedslagsfeltet til elva dekkjer om lag 11% av heile Slovakia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på elva vart først nemnd i 170 e.Kr., då den romerske keisaren Marcus Aurelius skreiv Meditasjonar ved Hron (latinsk Granova).[1] Det første namnet som dukka opp i mellomalderen var Gron (1075).[1] Frå 1600-talet og fram til 1930-åra vart elva nytta til tømmerfløyting.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Krško, Jaromír (June, 2003). «Názvy potokov v Banskej Bystrici a okolí». Bystrický Permon 1 (2): 8.