Ukrainsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ukrainsk geografi
Europe location UKR.png
Plassering
Land Ukraina
Koordinatar 49°00′N 32°00′E
Totale landegrenser 4 558 km
Grenseland Kviterussland 891 km
Ungarn 103 km
Moldova 939 km
Polen 428 km
Romania (sør) 169 km
Romania (vest) 362 km
Russland 1 576 km
Slovakia 90 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

603 700 km²
603 700 km²
0 km²
Kystlinje 2 782 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Hoverla 2 061 moh
Svartehavet 0 moh
Lengste elv Dnepr
Maritime krav
Kontinentalsokkel 200 m eller til djup som kan utnyttast
Økonomisk sone 200 nm
Territorialfarvatn 12 nm
Arealbruk
Dyrkbar mark 58%
Permanente avlingar 2%
Permanente beitemarker 13%
Skogområde 18%
Anna 9% (1993 est.)
Irrigert land 26 050 km² (1993 est.)
Naturressursar
jern, kol, mangan, naturgass, olje, salt, svovel, grafitt, titan, magnesium, kaolinitt, nikkel, kvikksølv, tømmer, dyrka mark
Naturfarar
ingen
Miljøproblem
mangel på drikkevatn, luft- og vassforureining, avskoging, radioaktiv forureining i nordaust etter Tsjernobylulukka.
Up-map.png

Ukraina er det nest største landet i Europa. Dei forskjellige regionane har variert geografi og varierer frå høgland til lågland.

Geografisk plassering[endre | endre wikiteksten]

Ukraina har ei strategisk plassering i Aust-Europa, og grensar til Svartehavet i sør, Polen, Slovakia og Ungarn i vest, Kviterussland i nord, Moldova og Romania i sørvest og Russland i aust.

Den nordlege delen av Karpatane strekkjer seg inn i vestlege delar av Ukraina. Det høgaste fjellet er Hoverla, på 2061 meter over havet. Det meste av Ukraina er derimot dekt av steppe-liknande området like nord for Svartehavet. Ukraina er nesten delt i to av elva Dnepr, som renn frå nord til sør i Ukraina. Ho munnar ut i Svartehavet, like vest for Krimhalvøya og nær munningane til Bug og Dnestr. Grensa mot Russland er den lengste til landet og går gjennom Azovhavet.

Geografiske koordinatar: 49°00′N 32°00′E

Land[endre | endre wikiteksten]

Biom kring Svartehavet. Merk at berre sør for KrimfjellaKrimhalvøya finn ein subtropiske området, som sørkysten av Svartehavet.

Det totale arealet til Ukraina er 603 700 km². Ukraina har totalt 4558 km med landegrenser. Mot kvart land er lengda på grensa : Kviterussland 891 km, Ungarn 103 km, Moldova 939 km, Polen 428 km, Romania 169 km i sør og 362 km i vest, Russland 1576 km og Slovakia 90 km. Ukraina har òg ei 3783 km lang kystlinje.

Det meste av Ukraina består av frodige sletter (eller stepper) og platå. Arealbruket er slik at 58 % av landet vert rekna som dyrkbar mark, 2 % vert nytta til permanente avlingar, 13 % til permanente beitemarker, 18 % er skog og 9 % anna.

Fjell finn ein hovudsakleg berre i vest og heilt sør i Ukraina på Krimhalvøya og near Azovhavet. I vest ligg Karpatane, medan Krimhalvøya har Krimfjella og somme erodert fjell frå Donetsryggen aust, nær Azovhavet. Det høgaste fjellet i Ukraina er Hora Hoverla på 2061 meter over havet.

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Ukraina består av flate sletter med ei gjennomsnittleg høgd på kring 175 meter over havet. Slettene er omgjeve av fjell i vest og heilt i sør. Dei store slettene i sørvest er ein del av Den austeuropeiske sletta. Slettene har fleire høgland og lågland. Høglanda er karakteriserte av grunnfjell frå prekambrium frå det ukrainske skjoldet.

Dei forskjellige høglanda i Ukraina er mellom andre Volyn-Podillia-høglandet og Nær-Dnepr-høglandet (på høgrebreidda av Dnepr) i vest, dei sørvestlege greinene av Det sentralrussiske høglandet, som går langs grensa til Russland i aust og Donetsryggen og Nær-Azov-høglandet nær Azovhavet. Dei store låglanda er Det polissiske låglandet i nord, Svartehavskysten i sør og Dneprlåglandet på venstrebreidda av Dnepr i nord.

Hydrografi[endre | endre wikiteksten]

Ukraina grensar til Svartehavet og Azovhavet. 90% av elvane i landet vert drenerte til desse to havområda. Nokre få elvar endar opp i Austersjøen . Det er sju store elvar i Ukraina: Desna, Dnepr, Dnestr, Donau, Pripjat, Donets og Søndre Buh.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Ukraina har for det meste eit temperert kontinentalklima og temperaturforhold som gjev gode vekstvilkår for korn. Sjølv i Kiev, som ligg heilt i nord, har ein normal maksimumstemperatur på 22 °C eller høgare gjennom heile sommaren. Ukraina får vanlegvis nok regn- og torebyer om sommaren til at jordbruket får nok vatn, men tørke kan av og til vere eit problem. Sola er sjeldan langt borte om sommaren, og både våren og hausten får ein del sol med færre byger enn på sommarstid. I november set vinteren inn, og snødekket ligg vanlegvis på bakken i månadsvis. Ein kan ha kortare mildvêrsperiodar med temperaturar over 0 °C, men òg kuldeperiodar med temperaturar godt under -20 °C.

Krim, som strekkjer seg ut i Svartehavet i sør, er om lag 5 °C varmare om vinteren, men òg her kan ein ha lange periodar med snø. Sommaren er òg litt varmare her enn i Kiev, og kysten heilt sør, inkludert Jalta, har eit tilnærma middelhavsklima. Her er det meir kjølig enn kaldt om vinteren, men med litt meir nedbør enn resten av Krimhalvøya. Snø er derimot sjeldan. Om sommaren kan vêret vere nokså trykkande, og temperaturane held seg stort sett mellom 20 °C og 27 °C gjennom døgeret.

Dei sørvestlege områda av Ukraina, med blant anna Odessa, ligg i le for Karpatane i vest og har forholdsvis tørre forhold. Vestavinden kan her avløyse den iskalde nordaustlege vinden frå Russland om vinteren, og temperaturane kan variere ein god del frå dag til dag.

Nedbøren avtar generelt fra nord til sør, og er høgast i Karpatane, der han kan kome over 1500 mm per år. Lågaste er nedbøren i låglandet ned mot Svartehavet, der han i gjennomsnitt er under 300 mm per år. Den ukrainske svartehavskysten frys om vinteren, og Ukraina har derfor ikkje permanent isfrie hamner.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste naturressursane i Ukraina er mellom andre jernmalm, kol, mangan, naturgass, olje, salt, svovel, grafitt, titan, magnesium, kaolin, nikkel, kvikksølv, tømmer og dyrkbar mark.

Miljøspørsmål[endre | endre wikiteksten]

Ukraina har nokre miljøspørsmål. Somme området manglar nok drikkevatn. Luft- og vassforureining påverkar det meste av landet, samt avskoging. I norduast finn ein radioaktiv forureining etter Tsjernobylulukka i 1986.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ukrainsk geografi