Rumensk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fysisk kart over Romania som viser Karpatane

Romania er det tolvte største landet i Europa med eit areal på 238 391 km². Det ligg nordaust på Balkanhalvøya, om lag midt mellom ekvator og Nordpolen, og om lag midt mellom Atlanterhavskysten og Uralfjella. Romania har 3195 km landegrenser og grensar til Moldova i aust, Bulgaria i sør, Serbia i sørvest, Ungarn i vest og Ukraina i nord og aust. Landet har ei 245 km lang kystlinje mot Svartehavet i søraust.

Tradisjonelt er Romania delt inn i fleire historiske regionar som ikkje lenger har nokre administrative funksjonar:

  • Dobrudsja er den austlegaste regionen og strekkjer seg frå Donau i nord til kysten av Svartehavet.
  • Moldavia strekkjer seg frå Aust-Karpatane til elva Prut ved grensa til Moldova og Ukraina.
  • Valakia strekkjer seg sørover frå Dei transilvanske Alpane til grensa mot Bulgaria. Det er vidare delt av elva Olt i områda Oltenia i vest og Muntenia i aust. Donau dannar ei naturleg grense mellom Muntenia og Dobrudsja.
  • Den vestlege og sentrale regionen vert kalla Transilvania. Ho ligg på nord- og vestsida av Karpatane og grensar i aust til Crişana, som grensar til Ungarn i vest og til Banat i sørvest. Desse områda vest for Karpatane inneheld dei største konsentrasjonane av etniske minoritetar i landet, med ungararar, tyskarar og serbarar.

Landegrensene til Romania er relativt nye. Etter den første verdskrigen omfatta landet berre provinsane Valakia, Moldavia og Dobrudsja. Dette området, kalla Regat eller Det gamle kongedømet, kom til då Det osmanske riket forsvann frå området på midten av 1800-talet. Etter den første verdskrigen fekk Romania Transilvania og Banat. Nokre av dette området vart tapt under den andre verdskrigen, men etter forhandlingar kom dei tilbake til Romania.

Då Romania fekk desse områda omfatta landet 85 % av dei rumensktalande folkesetnadane i Aust-Europa, men òg mange etniske ungararar kom under rumensk styre. Det vart mange kranglar om desse områda mellom Romania og Ungarn, sidan begge rekna regionen som ein del av nasjonalarva si. Grensa mellom Romania og Sovjetunionen vart òg fleire gonger diskutert. Bukovina og Bessarabia, som var tidlegare rumenske provinsar med ein stor del rumensktalande innbyggjarar, var ein del av Sovjetunionen frå slutten av den andre verdskrigen og fram til dei vart ein del av Ukraina og Moldova.

Geografiske koordinatar: 46°00′N 25°00′EKoordinatar: 46°00′N 25°00′E

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart over Romania.

Det naturlege landskapet i Romania er nesten likt fordelt på fjellområde (31 %), åsar (33 %) og sletter (36 %). Desse forskjellige landskapsformene dannar eit forholdsvis symmetrisk mønster frå Karpatane, som har høgde på over 2500 meter over havet, til Donaudeltaet, som berre ligg nokre få meter over havet.

Karpatane dannar ein boge gjennom landet som strekkjer seg 1000 km frå midten av landet og dekkjer eit areal på 70 000 km². Desse fjella er låge til mellomhøge og er ikkje breiare enn 100 km. Mange dalar og store elvar kryssar fjella og Karpatane har derfor vore ei mindre hindring for reisande enn andre fjellkjeder i Europa. I tillegg finst det fleire eroderte sletter og platå i dei høgareliggande områda. Det er permanente busetnader her i høgder over 1200 meter over havet.

Dei rumenske Karpatane er delt inn i tre fjellkjeder: Aust-Karpatane, Dei sørlege Karpatane eller Dei transilvanske Alpane og Vest-Karpatane. Kvar av desse fjellkjedene har sine eigne karakteristikkar. Aust-Karpatane består av tre parallelle ryggar som går frå nordvest til søraust. Den vestlegaste ryggen er ei utdøydd vulkankjede med mange kjegler og krater. Denne kjeda har mange store senkingar og i den største ligg byen Braşov. Det ligg viktige gruve- og industrisenter, i tillegg til jordbruksområde, i desse senkingane. Aust-Karpatane er dekt av skog og 32 % av skogområda i landet ligg her. Dei inneheld òg store førekomstar av malm, inkludert gull og sølv, og det mineralrike vatnet har vore opphav til mange kurstader.

Dei sørlege Karpatane inneheld dei høgaste toppane i landet med Moldoveanu (2544 moh) og Negoiu (2535 moh) som dei høgaste. I tillegg ligg det meir enn 150 bresjøar i området. Dei har store grassletter og nokre skogområde, men få store senkingar eller naturressursar under jorda. Regionen er kryssa av eldgamle vegar, mellom anna dei gamle romarvegane som gjekk i området. Det er fleire fjellovergangar og i dalane til Olt, Jiu og Donau er det mange veg- og jernbaneruter gjennom fjella.

Vest-Karaptane er den lågaste av dei tre fjellkjedene og er prega av mange djupe senkingar. Desse har gjennom historia fungert som «portar» og lette vegar gjennom fjella. Den mest kjende av desse er Jernporten i Donau. Vest-Karpatane er den tettast folkesette fjellkjeda og i den nordlegaste delen av fjellkjeda, i Apusenifjella, finn ein dei høgastliggande busetnadane.

På innsida av den store bogen som Karpatane dannar ligg bølgjande sletter og låge åsar på Det transilvanske platået, det største platået i landet. Dette viktige jordbruksområdet inneheld store førekomstar av metan og salt. Sør og aust for Karpatane ligg eit åslendt terreng med høgder frå om lag 400 til 1000 meter over havet. Åslendt landskap finn ein òg lengst vest i landet.

Bortanfor foten av Karpatane og platåa strekkjer slettene seg sørover og vestover. I den sørlege delen av landet ligg den lågare Donausletta, som er delt av elva Olt. Aust for elva ligg Den rumenske sletta og i vest ligg Olteniasletta. Landområdet her er rikt på svartjord og er eit av dei viktigaste jordbruksområda i Romaina. Kunstig vatning er flittig brukt her og myrområda på flodsletta til Donau har vorte drenert og lagt i dike for å få auke jordbruksområda.

Det lågastliggande området i Romania finn ein heilt nord i Dobrudsja i Donaudeltaet. Deltaet er eit trekantforma område med myrer, flytande sivøyar og sandbankar, der Donau munnar ut etter nesten 3000 km og deler seg i tre greiner før ho munnar ut i Svartehavet. Donaudeltaet er eit av dei viktigaste fiskeområda i Svartehavet og sivet vert nytta til produksjon av cellulose. Regionen er òg ein del av eit naturreservat for sjeldne plante- og dyreartar, inkludert fleire typar trekkfuglar.

Hydrografi[endre | endre wikiteksten]

Elvar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Elvar i Romania.

Donau renn 1075 km gjennom Romania (40 % av heile lengda hennar) og renn inn i landet sørvest for Bazias. Ho dannar den sørlege grensa mot Serbia og Bulgaria. Nesten heile Romania drenerer ut i Donau og alle elvane som endar opp i Donau i Romania utgjer nesten 40 % av den totale vassføringa hennar ved munningen. Dei viktigaste sideelvane hennar i Romania er Mureş, Olt, Prut, Siret, Ialomiţa, Someş og Argeş. Elvane i Romania renn hovudsakleg aust, vest og sør for Karpatane. Dei får vatn via regn og snøsmelting, som fører til stor variasjon i vassføringa og stundom til katastrofale flaumar. I aust hamner det meste av vatnet ut i Siret og Prut. I sør renn dei fleste elvane direkte ut i Donau, og i vest vert det meste av vatnet samla opp i Tisza i Ungarn.

Donau er den klart viktigaste elva i Romania, ikkje berre som ei transportåre, men og for produksjon av vasskraft. Eit av dei største vasskraftverka i Europa ligg i Jernporten, der Donau renn gjennom ei av dei største kløftene i Karpatane. Donau er ei viktig transportåre både innad i Romania og for internasjonal handel. Ho kan seglast av elvefartøy gjennom heile Romania og av havgåande skip heilt opp til hamna i Brăila. Det er derimot få industrisenter som ligg ved Donau i Romania, og i tillegg fører myrlende breidder og flaum til vanskelege transportforhold i enkelt område.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Romania har utstrekte fjellområde som i stor grad påverkar klimaet i dei fire årstidene. Bortsett frå dei høgare områda i Karpatane, vil dei fleste områda i Romania nå over 26 °C ein vanleg sommardag, men ein kan ha ein del fukt langs Donaudalen. Den varme tida på året er òg den våtaste, men torevêr har ein oftast i mai og juni. Elles er det lite nedbør å spore, og Romania er eit tørt land sjølv for å vere sentralt i Europa. Bucuresti har ein årleg nedbørsnormal på 592 mm.

Transilvania har ofte litt meir skya vêr sidan dei vestlege vindane stig oppover Karpatane, men seint på sommaren og tidleg på hausten er det gode sjansar for å sjå sola.

Om vinteren kjem det lett snøfall om lag kvar tredje eller fjerde dag over heile landet, men dei høgareliggande områda har oftare snø, som ligg langt ut på våren. Vinterkulden er litt strengare i nordaustlege område av landet, der den iskalde nordaustlege crivatvinden frå Russland er kraftigast og smelteperiodane kjem sjeldnare enn lenger sør. Kyststripa mot Svartehavet er det mildaste og tørraste hjørnet av Romania, men den kalde vinden kan vere sur sjølv om temperaturen held seg over 0 °C. Somrane er derimot solfylte og tempererte, med lite torevêr og utan dei høgaste temperaturane.

Geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

Areal[endre | endre wikiteksten]

  • totalt: 238 391 km²
    • land: 231 231 km²
    • vatn: 7 160 km²

Landegrenser[endre | endre wikiteksten]

  • Maritime krav: Slangeøya
  • tilstøtande sone: 24 naturiske mil (44 km)
  • kontinentalsokkel: 200 m djup eller til djup som kan utnyttast
  • eksklusiv økonomisk sone: 200 nautiske mil (370 km)
  • territorialfarvatn: 12 naturiske mil (22 km)

Naturressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar:

Arealbruk:

  • dyrkbar mark: 41 %
  • permanente avlingar: 3 %
  • permanente enger: 21 %
  • skogområde: 29 %
  • anna: 6 % (1993 est.)

Irrigert land:

  • 31 020 km² (1993 est.)

Naturfarar: Jordskjelv kan råke hardt i sørlege og sørvestlege område. Geologiske former og klima gjer landet utsett for jordras.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Miljøproblem: Jorderosjon, vassforureining, luftforureining i sør på grunn av industri, forgifting av Donaudeltet.

Miljøvernsavtalar:

  • delaktig i avtalar som omfattar: Luftforureining, Antarktisavtalen, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, forbod mot atomprøvespreningingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde. *signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved persistente organiske stoff, Antarktis miljøvernsavtale, Kyotoavtalen

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]