Hopp til innhald

Esztergom

47°47′8″N 18°44′25″E / 47.78556°N 18.74028°E / 47.78556; 18.74028

Esztergom
by
Den historiske bydelen Víziváros i Esztergom
Flagg
Våpenskjold
Land  Ungarn
Statistisk region Sentral-Transdanubia
Fylke Komárom-Esztergom
Distrikt Esztergom
Areal 10 010 km²
Folketal 28 612 (2022[1])
Grunnlagd Rundt 972
Postnummer 2500
Retningsnummer 33
Kart
Esztergom
47°47′08″N 18°44′25″E / 47.785555555556°N 18.740277777778°E / 47.785555555556; 18.740277777778
Wikimedia Commons: Esztergom

Esztergom[a] er ein by med fylkesrettar[2] og hovudsete i distriktet med same namn i fylket Komárom-Esztergom i regionen Sentral-Transdanubia i Ungarn.[3]

Esztergom ligg nord i Ungarn ved elva Donau og har om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg 50 km nordvest for Budapest ved grensa til Slovakia.

Esztergom var hovudstad i Ungarn frå 972 til 1249 og var residensby for kongen fram til kong Béla IV flytta hovudstaden til Visegrád og seinare til Buda.

Esztergom er framleis sete for prímás av Den romersk-katolske kyrkja i Ungarn. I byen ligg Keresztény Múzeum, den største kyrkjesamlinga i landet. Domkyrkja Esztergom basilika er den største kyrkja i Ungarn.

Ein av dei nyaste attraksjonane i Esztergom er Mária Valéria-brua, som knyter Esztergom til byen Štúrovo i Slovakia. Opphavleg vart han bygd i 1895, men då tyskarane trekte seg ut av byen i 1944, øydela dei ho. Den nye brua stod ferdig i 2001 med støtte frå EU.

Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:[1]

Folketal 2001Folketal 2011Folketal 2022
Esztergom29 45228 92628 612
  1. kroatisk Ostrogon; tysk Gran; polsk Ostrzyhom; serbisk Острогон eller Ostrogon; slovakisk Ostrihom; latin Strigonium; tyrkisk Estergon

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 «Census database: Population data by settlement». Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). Henta 23. september 2025.
  2. «Orbán Viktor: Esztergom minden magyarnak az otthona, a mi szellemi központunk» (på ungarsk). Telex.hu. mai 2022. Henta 24. september 2025.
  3. «Magyarország közigazgatási helynévkönyve 2019. január 1. (Administrative stadnamn 1. januar 2019 (PDF). ksh.hu (på ungarsk og engelsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). 1. januar 2019. Henta 24. september 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Esztergom