Olt
Utsjånad
Olt | |||
elv | |||
Avrigreservoaret i Olt
| |||
Land | Romania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 24 050 km² | ||
Renn gjennom | Sfântu Gheorghe, Râmnicu Vâlcea, Slatina | ||
Lengd | 615 km | ||
Middelvassføring | 174 m³/s | ||
Kjelde | Hășmașfjella i Bălan | ||
• høgd | 1 440 moh. | ||
Munning | Donau | ||
Olt 46°43′16″N 25°42′36″E / 46.721111111111°N 25.71°E | |||
Kart over Olt
| |||
Wikimedia Commons: Olt River |
Olt (rumensk og ungarsk; tysk Alt; latinsk Aluta eller Alutus) er ei elv i Romania. Ho har kjelda si i Hășmașfjella aust i Karpatane, nær landsbyen Bălan. Ho renn gjennom dei rumnske fylka Harghita, Covasna, Brașov, Sibiu, Vâlcea og Olt. Elva vart kalla Alutus eller Aluta av romarane. Olt fylke og den historiske provinsen Oltenia er kalla opp etter elva.
Sfântu Gheorghe, Râmnicu Vâlcea og Slatina er dei største byane langs Olt. Olt munnar ut i Donau nær Turnu Măgurele.
Byar og landsbyar
[endre | endre wikiteksten]Av byar og landsbyar langs Olt, frå kjelda til munningen, finn ein mellom anna Bălan, Sândominic, Miercurea-Ciuc, Sfântu Gheorghe, Făgăraș, Brezoi, Călimănești, Râmnicu Vâlcea, Drăgășani, Slatina og Drăgănești-Olt.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Olt nær kjelda ved Siculeni
-
Olt ved Turnu Roșu
-
Carol Popp de Szathmary, Oltdalen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Olt River» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București
- Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971
- Trasee turistice - județul Olt [1]
- Trasee turistice - județul Vâlcea [2]