Hopp til innhald

Drobeta-Turnu Severin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drobeta-Turnu Severin
by
Teateret i Drobeta-Turnu Severin
Våpenskjold
Land  Romania
Fylke Mehedinți
Høgd 65 m
Areal 57,430000 km²
Folketal 79 865 (2021)[1]
Borgarmeister Marius-Vasile Screciu
Postnummer 220xxx
Retningsnummer +40 02 52
Bilnummer MH
Kart
Drobeta-Turnu Severin
44°38′10″N 22°39′20″E / 44.636111111111°N 22.655555555556°E / 44.636111111111; 22.655555555556
Wikimedia Commons: Drobeta-Turnu Severin

Drobeta-Turnu Severin[a][b] er ein by i Mehedinți fylke i Oltenia i Romania. Han ligg på venstre sida av Donau, like nedanfor Jernporten. Byen har om lag 105 000 innbyggjarar.

Byen oppstod som ein getisk busetnad, men fungerte seinare i antikken som ein base for dei romerske krigane mot Dakia. Nær byen finst ruinar av Trajanbrua over Donau, som keisar Trajan fekk Apollodoros frå Damaskus til å byggje i år 103. Staden vart øydelagd av hunarane på 400-talet, men gjenoppbygd av keisar Justinianus I (527–565). Namnet på byen kjem frå det latinske namnet Drobetae og av Turnu Severin, det vil seie «Nordtårnet», som viser til tårnet som austromarane bygde på nordsida av Donau. Byen kom i mellomalderen inn under Ungarn, som oppretta eit katolsk sete her. I 1330 kom byen inn under Valakia, som var under osmansk overhøgd frå 1524 til 1829. Valakia vart ein del av Romania i 1861.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]
Kommunen Drobeta-Turnu Severin innanfor Mehedinți fylke

Drobeta-Turnu Severin er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

BusetnadFolketal 2011[2]Folketal 2021[1]
Drobeta-Turnu Severin84 87673 097
Dudașu Schelei569475
Gura Văii1 7831 440
Schela Cladovei5 3894 853
  1. /dro'be.ta 'tur.nu se.ve'rin/
  2. ungarsk Szörényvár, bulgarsk Северин; serbisk Дробета-Турну Северин

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Drobeta-Turnu Severin