Hopp til innhald

Frederik Motzfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frederik Motzfeldt

StatsborgarskapNoreg
Fødd2. november 1779
Skaun kommune
Død

2. januar 1848 (68 år)

Yrkedommar, politikar
Språknorsk
Frederik Motzfeldt på Commons

Frederik Motzfeldt (2. november 17792. januar 1848) var ein norsk politikar og jurist som representerte Molderiksforsamlinga i 1814. Han var utdanna jurist frå Universitetet i København (1801) og vart utnemnd til byfut i Molde 1802, ei stilling han hadde i om lag eitt år. I 1805 reiste han til København og søkte fåfengd etter embete i over eitt år før han vart konstituert til byfogd i Molde og sorenskrivar i Romsdal.

Under riksforsamlinga i 1814 deltok han ikkje aktivt i diskusjonane, men fylgde passivt Sjølvstendepartiet. Seinare gjorde han heller ikkje politisk karriere, og tente berre som stortingsvara i 1827 og stortingsrepresentant i 1830 for Kristiania. Hausten 1814 vart han derimot utnemnd til høgsterettsassessor, som den yngste nokosinne. Han vart sitjande i denne stillinga lenger enn nokon andre, og viste gjennom avrøystingane sine i fleire politiske rettssaker ei demokratisk grunnhaldning.

  • «Frederik Motzfeldt» i Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845.
  • «Frederik Motzfeldt». Eidsvoll 1814. Henta 13. mai 2017.
  • Biografisk informasjon om Frederik Motzfeldt ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør