Rudolph the Red-Nosed Reindeer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolph, the Red-Nosed Reindeer
Singel av Gene Autry & The Pinafores
B-side «If It Doesn't Snow on Christmas»
«Here Comes Santa»
«Here Comes Santa Claus»
Utgjeve 1. september 1949[1]
Innspelt 27. juni 1949[1]
Sjanger Jul
Lengd 3:10
Selskap Columbia 38610
Columbia MJV-56
Columbia 4-38610
Columbia 33165
Challenge 1010
Challenge 59030

«Rudolph, the Red-Nosed Reindeer» er ein song skriven av Johnny Marks, basert på historia Rudolph the Red-Nosed Reindeer som vart publisert av Montgomery Ward Company.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1939 skapte svogeren til Marks, Robert L. May, Rudolph for Montgomery Ward og Marks valte å skrive ein song om Rudolph. Marks var ein radioprodusent som skreiv fleire andre populære julesongar.[2]

Songen hadde opphavleg ein introduksjon, som nemnte namna på dei åtte reinsdyra:

«You know Dasher and Dancer and Prancer and Vixen,
Comet and Cupid and Donner and Blitzen,

But do you recall
The most famous reindeer of all?»

Songen vart sungen av Harry Brannon på radio i New York City tidleg i november 1949, før Gene Autry spelte inn den store hitversjonen av songen jula 1949. Denne nådde toppen av singellista. Versjonen til Autry er òg den einaste songen som har lagt på toppen av singellista ei veke og så falt heilt ut av lista veka etter.[3]

Songen vart òg framført den 6. desember 1949 på radiosendinga Fibber McGee and Molly av Teeny (Marion Jordan si jenterolle) og vokalgruppa The Kingsmen. Teksten varierte stort frå Autry-versjonen.

Autry si innspeling selde 1,75 millionar eksemplar den første jula og selde etter kvart totalt 12,5 millionar eksemplar. I lag med andre versjonar har salstala for songen overstige 150 millionar eksemplar, berre bak Bing Crosby sin «White Christmas».[4][5]

Andre kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1950: Songen vart spelt inn av Bing Crosby. Versjonen hans nådde sjetteplassen på Billboard si Best Selling Children's Records-lista og 14. plassen på poplista til Billboard det året.[6]
  • 1960: The Melodeers gav ut ein doo-wop-versjon av songen som nådde 72. plassen på Billboard Hot 100 singles-lista.[10]
  • 1960: Paul Anka gav ut ein versjon av songen som nådde 104. plassen på Billboard-lista.[11]
  • 1977: Rico J. Puno spelte inn songen for julealbumet hans Christmas.
  • 1979: Paul McCartney spelte inn songen med tittelen Rudolph the Red-Nosed Reggae, men song ikkje på songen. Han vart gjeven ut som B-sida til den første julehitten hans, «Wonderful Christmastime».
  • 1985: Ray Charles spelte inn songen for julealbumet hans The Spirit of Christmas.
  • 1989: The Simpsons framførte songen under pilotepisoden «Simpsons Roasting on an Open Fire».
  • 2002: Jack Johnson spelte inn songen for albumet Maybe This Christmas.
  • 2012: Rapperen DMX spelte ein acappella versjon av songen.[15]

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er omsett til norsk av Egil Hagen og Arne Bendiksen som «Rudolf er rød på nesen». Bendiksen spelte sjølv inn «Rudolf er rød på nesen» med Egil Monn-Iversens orkester på singlen Triola TN-122 og EP-platean Vintereventyr (Triola TNEP-1005).[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 http://www.autry.com/musicmovies/musiccds/essentialgeneautry2.html
  2. Kim, Wook (17. desember 2012). «Yule Laugh, Yule Cry: 10 Things You Didn’t Know About Beloved Holiday Songs». Time. Archived from the original on 21. desember 2014. 
  3. Casey Kasem American Top 40 8. april 1979
  4. Badger, Reid; Salem, James (22. desember 1996), America's Holiday Sound– Distinctive artists, Google News, http://news.google.com/newspapers?nid=1817&dat=19961222&id=3DsdAAAAIBAJ&sjid=SKYEAAAAIBAJ&pg=4776,3933473, henta 17. oktober 2013 
  5. Jackson, Kenneth T. (15. august 1998). The Scribner Encyclopedia of American Lives, Volume 1. Gale. s. 550. Henta 17. oktober 2013. , while Autry's version of «Rudolph the Red-Nosed Reindeer» sold more than 12.5 million copies 
  6. Whitburn, Joel (2004). Christmas in the Charts (1920–2004). Wisconsin: Record Research Inc. s. 31. ISBN 0-89820-161-6. 
  7. Whitburn s. 43
  8. Whitburn s. 36
  9. Whitburn s. 25
  10. Whitburn s. 49
  11. Whitburn s. 18
  12. «'Burl Ives' Billboard 200». http://www.billboard.com/artist/298539/burl-ives/chart?f=305. 
  13. Whitburn s. 61
  14. Whitburn s. 42
  15. http://www.hiphopdx.com/index/news/id.22078/title.dmx-performs-rendition-of-rudolph-the-red-nosed-reindeer
  16. Plateboksen – Arne Bendiksen – Diskografi – EP'er

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]