Samfunnsroman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Les Misérables av Victor Hugo er ein kjend samfunnssroman.

Ein samfunnsroman eller sosial roman er eit verk som tek opp rådande problem i samfunnet, som kjønn, rase eller klasseskilnader, ved å visa effekten av dei på figurane i romanen.[1] Nokre døme på slike problem kan vera omstende kring fattigdom, tilhøve for arbeidarar i fabrikkar og gruver, barnearbeid, vald mot kvinner, kriminalitet og sjukdom som oppstår på grunn av overfolking og dårlege sanitetstilhøve i byane.[2]

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Eit viktig tidleg døme på denne sjangeren er Sybil, or The Two Nations av Benjamin Disraeli. Denne boka kom ut i 1845, det same året som Friedrich Engels gav ut The Condition of the Working Class in England in 1844, og skildrar situasjonen til arbeidarklassen i England. Disraeli var interessert i å takle dei forferdelige tilhøva som mesteparten av arbeidarklassen i England levde i. Boka er ein roman à thèse, ein roman med ein idé, som hadde som mål å skapa sinne over dei dårlege levekåra til arbeidarklassen i engelske byar. Disraeli hadde interesse for dette emnet fordi han var interessert i chartistrørsla.

Eit anna tidleg døme på den sosiale romanen er Alton Locke (1849) av Charles Kingsley. Dette verket hadde som føremål å syna den sosiale urettvisa som arbeidarar i kledeindustrien leid under, og prøvingane til landbruksarbeidarar. Han gjev òg eit innblikk i chartistrørsla, som Kingsley var involvert i på 1840-talet.

Den fyrste industrielle romanen til Elizabeth Gaskell, Mary Barton (1848), handlar om tilhøvet mellom arbeidsgjevarar og arbeidarar, men forteljinga hennar tek opp synsvinkelen til dei fattige arbeidarane og skildrar «ulukka og dei hatetfulle kjenslene forårsaka av rikdomsjaget, og egoismen, tankeløysa og ufølsamheita til produsentane».[a][3] I North and South (1854-55), den andre industrielle eller sosiale romanen til Gaskell, vende ho tilbake til den prekære situasjonen til arbeidarane og tilhøve deira til industrieigarane, denne gongen med større fokus på tankelivet og perspektivet til arbeidsgjevarane.[4] Shirley frå 1849, den andre romanen Charlotte Brontë gav ut etter Jane Eyre, er òg ein sosial roman. Han føregår i Yorkshire i perioden 1811-12, under den industrielle depresjonen som følgde Napoleonskrigane og 1812-krigen, og med ludditt-opprøra i den lokale tekstilindustrien som bakgrunn.

Samfunnproblem er òg eit viktig tema i romanene til Charles Dickens, særleg knytt til fattigdom og dei usunne levekåra knytt til han, utbyttinga av vanlege folk driven av pengelånarar, korrupsjon og vankunne i rettssystemet, og administrasjon av fattiglemsloven (Poor Law). Dickens var ein hard kritikar av fattigdom og den sosiale lagdelinga i det viktorianske samfunnet. Den andre romanen til Dickens, Oliver Twist (1839), sjokkerte lesarane med skildringane sine av fattigdom og kriminalitet: han øydela polemikkane til middelklassen om kriminelle, og gjorde det umogleg å lata som om ein ikkje visste kva fattigdom innebar.[5][6] Hard Times (1854) av Dickens føregår i ein liten industriby i Midlands. Han kritiserer særleg effekten av utilitarismen på livet til arbeiderklassen i byane. John Ruskin erklærte Hard Times som sitt favorittverk av Dickens på grunn av handsaminga av viktige sosiale spørsmål. Karl Marx hevda at Dickens «la fram for verda fleire politiske og sosiale sanningar enn det alle profesjonelle politikarar, publisistar og moralistar har sagt saman».[7]

Kontinental-Europa[endre | endre wikiteksten]

Victor Hugo sitt verk Les Misérables frå 1862 kan seiast å vera den mest betydelege sosiale romanen frå Europa på 1800-talet. Verket hans tek opp mesteparten av dei politiske og sosiale spørsmåla og kunstneriske trendane i samtida hans.

Dei realistiske romanane til Emile Zola omfatta fleire sosiale protestverk, blant dei L'Assommoir (1877), som handlar om livet i ein byslum; og Germinal (1885), som handlar om ein kolgruvearbeidarstreik. Både Hugo og Zola var politisk engasjerte, og måtte vera i utlegd på grunn av dei politiske posisjonane sine.[8]

Den russiske forfatteren Lev Tolstoy var ein forkjempar for reformer i heimlandet, særleg innan utdanning. Tolstoj såg ikkje på det mest berømte verket sitt, Krig og fred, som ein roman, ettersom han følgde ein realistisk skule som såg på romanen som ei ramme for å ta for seg sosiale og politiske spørsmål i samtida.[9] Krig og fred (som for Tolstoj var eit episk verk i prosa) kvalifiserte ikkje til dette. Tolstoj meinte at Anna Karenina var den fyrste sanne romanen hans.[10]

Amerika[endre | endre wikiteksten]

The Jungle av Upton Sinclair.

Eit tidleg amerikansk døme er anti-slaveri-romanen Uncle Tom's Cabin av Harriet Beecher Stowe frå 1852. Mark Twain sitt verk Huckleberry Finn (1884) er ein annan tidleg amerikansk samfunnsroman.

Den Pulitzerpris-vinnande romanen til John Steinbeck frå 1939, The Grapes of Wrath, blir ofte omtalt som den mest framgangsrike sosiale romanen frå 1900-talet. Ein del av effekten av han kom frå den lidenskaplege skildringa av den vanskelege situasjonen for dei fattige under den store depresjonen. Mange samtidige av Steinbeck angreip dei sosiale og politiske syna han uttrykte, og Associated Farmers of California fordømte boka som ein «bunt løgner» og kalla henne «kommunistisk propaganda».[11] Steinbeck hadde vitja migrantleirane lenge før romanen kom ut, og hevda at den umenneskelege naturen deira øydela ånda til innbyggjarane der.[12] Førstedama Eleanor Roosevelt forsvarte boka til Steinbeck, og hjelpte til med å få til høyringar i Kongressen om vilkåra i migrantleirar som førte til endringar i det føderale arbeidarlovverket.[13]

Upton Sinclair sin roman The Jungle frå 1906, som krinsar om kjøtpakkingindustrien i Chicago, blei fyrst gjeven ut i serieform i den sosialistiske avisa Appeal to Reason frå 25. februar 1905 til 4. november 1905.[14] Sinclair hadde brukt seks månader på å undersøke kjøtpakkingindustrien i Chicago for avisa, eit arbeid som inspirerte romanen hans. Sinclair ville visa at «hjarta til menneske blir knuste av eit system som utnyttar menn og kvinner sitt arbeid for eiga vinning».[15] Han skildra dei ureinslege og umenneskelege situasjonane som arbeidarane leid under for å sjokkera og motivera for lesarane til å søka endringar. Jack London kalla boka til Sinclair «Onkel Toms hytte for lønnsslaveri».[16] Sal av kjøt i USA blei halvert.[17] Romanen førte til offentleg støtte for lovverk og regulering av industrien, med innføring av lovar som Meat Inspection Act og Pure Food and Drug Act.[18][19]

Ein noko nyare samfunnsroman Native Son av Richard Wright frå 1940. Protestromanen til Wright var ein bestseljar som blei selt i 250 000 eksemplar innan tre veker etter at han kom ut på Book-of-the-Month Club den 1. mars 1940. Han var eit av dei fyrste vellykka forsøka på å forklare raseskiljet i USA med omsyn til dei sosiale vilkåra som blei pålagt afrikansk-amerikanarar av det dominerande kvite samfunnet. Irving Howe skreiv i essayet «Black Boys and Native Sons» frå 1963 at «Den dagen Native Son kom ut, blei amerikansk kultur endra for alltid. [...] Boka [...] gjorde det det umogleg å repetera dei gamle løgnene [... og] la fram hatet, frykta og valden som har lamma og framleis kan øydeleggje kulturen vår, slik ingen har gjort før».[20] Men boka blei kritisert av ein del andre afrikansk-amerikanske forfattarar. I essayet «Everybody's Protest Novel» frå 1949 avviste James Baldwin boka som protestfiksjon, og meinte derfor ho var avgrensa i forståinga av den menneskelege karakteren og i kunstnarisk verdi.[21]

James Baldwin sine romanar og skodespel avbildar grunnleggjande personlege spørsmål og dilemma innanfor komplekse sosiale og psykologiske press som hindrar ei rettvis integrering av ikkje berre svarte men òg av mannlege homofile, og skildrar òg nokre innvendige hinder for slike individ mot aksept, som i den andre romanen hans, Giovanni's Room (1956), skriven lenge før krav om rettar for homofille var utbreidd i USA.[22] Den best kjende romanen til Baldwin er den første, Go Tell It on the Mountain (1953).

Andre samfunnsromanar[endre | endre wikiteksten]

Bleak House av Charles Dickens.
  • Bleak House av Charles Dickens (1853) fokuserer på det korrupte, ineffektive engelske rettssystemet og kommenterer lidinga til dei fattige.
  • Little Dorrit av Charles Dickens (1857) er eit satirisk verk om manglar innan styresmakter og samfunnet i samtida.[23]
  • Felix Holt av George Eliot (1866) er ein samfunnsroman som er skriven om politisk strid i ein liten engelsk by på tida ein innførte stemmeresttsreforma Reform Act 1832.
  • Placówka av Bolesław Prus (1886), skriven i eit Polen som var blitt delt opp eit hundreår tidlegare av Russland, Preussen og Austerrike, skildrar den vanskelege situasjonen på den polske landsbygda der ein slit med fattigdom, uvit, forsømming frå overklassen og kolonisering av tyske innflyttarar med støtte frå det tyske styret til Otto von Bismarck.[24]
  • Out of Work (1888) av Margaret Harkness, som skildra livet i slummen, sosial nedbryting, fattigdom, velgjerd og undertrykking av kvinner.[25]
  • Sister Carrie av Theodore Dreiser (1900) er eit innverknadsrikt døme på naturalismen og ein stor amerikansk urban roman. Blant anna handlar han om korleis industrialiseringa påverka det amerikanske folket.[26]
  • The Ragged Trousered Philanthropists (1914) av Robert Tressell er eit eksplisitt politisk verk som blir sett på som ein klassikar i arbeiderklasselitteraturen.[27]
  • USA Trilogy av John Dos Passos: The 42nd Parallel (1930), 1919 (1932) og The Big Money (1936). Dos Passos var ein sosialrevolusjonær på 1930-talet som såg USA som to nasjonar, ein rik og ein fattig. I 1928 var han i Russland i fleire månader for å studere det sosialistiske systemet der, og han var ein av dei fremste deltakarane i den venstreorientrerte First American Writers Congress i april 1935.[28]
  • To Have and Have Not av Ernest Hemingway (1936) er ein sosial kommentar om 1930-talet, som var sterkt påverka av marxistisk ideologi, slik som Hemingway var på sida av republikanarane i den spanske borgarkrigen då han skreiv det.[29]
  • Johnny Got His Gun av Dalton Trumbo (1939) er ein anti-krigsroman skriven i 1938 som vann ein av dei første National Book Awards: Den mest originale boka i 1939.[30]
  • Invisible Man av Ralph Ellison (1952) tek opp mange av dei sosiale og intellektuelle sakene som afrikansk-amerikanarar står overfor i midten av 1900-talet, som svart nasjonalisme, sambandet mellom svart identitet og marxisme, og den reformistiske rasepolitikken til Booker T. Washington, i tillegg til spørsmål om individualitet og personleg identitet.[31]
  • Burger's Daughter (1979) av Nadine Gordimer.[32] Mange av verka til Gordimer har utforska effekten av apartheid på individ i Sør-Afrika. I Burger's Daughter er eit tema som er til stede i fleire av romanane hennar, det av rasistiske delt samfunn der velmeinande kvite uventa møtar ei side av svart liv dei ikkje visste om.[33]
  • De besatte (1862) av Fjodor Dostojevskij, i tillegg til I dødens hus, Kjellermennesket, Forbrytelse og straff, Brødrene Karamasov, men nesten alle romanar, noveller og dagbøker som Dostojevskij skreiv etter at han blei fengsla i Sibir for anti-regjeringsaktivitet, er klassifiserte som samfunnsromanar.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «misery and hateful passions caused by the love of pursuing wealth as well as the egoism, thoughtlessness and insensitivity of manufacturers»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "social problem novel" in Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online Academic Edition. Encyclopædia Britannica Inc., 2012. Web. 04 Nov. 2012. .
  2. "Childers, JW (2001)"
  3. Alison Chapman, red. Elizabeth Gaskell, Mary Barton and North and South. Duxford: Icon Books, 1999.
  4. Alison Chapman
  5. Raina 1986.
  6. Bodenheimer 2011.
  7. Kucich & Sadoff 2006.
  8. Frey, John Andrew (1999). A Victor Hugo Encyclopedia. Greenwood Press; Brown, Frederick (1995). Zola: A Life. New York: Farrar, Straus and Giroux.
  9. Tolstoy and the Development of Realism. G Lukacs. Marxists on Literature: An Anthology, London: Penguin, 1977
  10. Tolstoy and the Novel. J Bayley – 1967 – Chatto & Windus
  11. Cordyack, Brian. «20th-Century American Bestsellers: John Steinbeck, The Grapes of Wrath». Graduate School of Library and Information Science, University of Illinois, Urbana-Champaign. Arkivert frå originalen 24. februar 2005. Henta 18. februar 2007. 
  12. Shillinglaw, Susan; Benson, Jackson J (February 2, 2002). «Of Men and Their Making: The Non-Fiction Of John Steinbeck». London: Penguin. Henta December 17, 2008. 
  13. «The Grapes of Wrath». National Public Radio. 
  14. «The Jungle». History News Network. 
  15. Sinclair, Upton. The Jungle. Dover Thrift Editions. , General Editor Paul Negri; Editor of The Jungle, Joslyn T Pine. Note: pp. vii-viii
  16. «Upton Sinclair». The Historical Society of Southern California. Arkivert frå originalen March 13, 2013. 
  17. «Sinclair's 'The Jungle' Turns 100». PBS Newshour. 10 May 2006. Henta 10 June 2010. 
  18. Marcus, p. 131
  19. Bloom, Harold, red. (2002). Upton Sinclair's The Jungle. Infobase Publishing. s. 11. 
  20. «Richard Wright's Life». 
  21. Rampersad, Arnold (1993). Introduction to Native Son (the restored text established by The Library of America). Harper Perennial. s. xxii. ISBN 0-06-083756-X. 
  22. Jean-François Gounardoo, Joseph J. Rodgers (1992). The Racial Problem in the Works of Richard Wright and James Baldwin. Greenwood Press. s. 158, 148–200. 
  23. Margaret Drabble, The Oxford Companion to English Literature. (Oxford: Oxford University Press, 1996), pp.584-5.
  24. Czesław Miłosz, The History of Polish Literature, New York, Macmillan, 1969, pp. 294–95; Zygmunt Szweykowski, Twórczość Bolesława Prusa (The Art of Bolesław Prus), 2nd ed., Warsaw, Państwowy Instytut Wydawniczy, 1972, pp. 130–51.
  25. Victorian Web
  26. «DreiserWebSource - Sister Carrie». www.library.upenn.edu. Arkivert frå originalen 18. juni 2003. 
  27. "Rereading: Howard Brenton on The Ragged Trousered Philanthropists by Robert Tressell", The Guardian, Saturday 5 February 2011.
  28. Penniless Press: James T Farrell by Jim Burns retrieved April 28, 2013
  29. Carlos Baker, Hemingway: The Writer as Artist (4th ed.). (Princeton University Press, 1972).
  30. "1939 Book Awards Given by Critics: Elgin Groseclose's 'Ararat' is Picked ...", The New York Times, 1940-02-14, page 25. ProQuest Historical Newspapers The New York Times (1851-2007).
  31. Carol Polsgrove, Divided Minds: Intellectuals and the Civil Rights Movement. 9New York: W. W. Norton & Company, 2001.
  32. M. H. Abrams, A Glossary of Literary Terms, p. 193.
  33. Gardner, Susan (1990). "A Story for This Place and Time: An Interview with Nadine Gordimer about Burger's Daughter". In Bazin, Nancy Topping; Seymour, Marilyn Dallman. Conversations with Nadine Gordimer. Univ. Press of Mississippi. pp. 161–175.

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]

  • Childers, Joseph W. «Industrial culture and the Victorian novel». I The Cambridge Companion to the Victorian Novel (David, Deirde, ed.), Cambridge, Cambridge University Press, 2001. (ISBN 0-521-64619-7)
  • Gallagher, Catherine. The Industrial Reformation of English Fiction: Social Discourse and Narrative Form, 1832–1867. Chicago, University of Chicago Press, 1985.
  • Haywood, Ian, Working-Class Fiction: from Chartism to "Trainspotting". Plymouth: Nortcote House, 1997.
  • Kenton, Edna (1916), «The Beginnings of the Problem Novel», i Maurice, Arthur Bartlett, The Bookman, XLIII, New York: Dodd, Mead and Company, s. 434–439 
  • Kestner, Joseph A (1985) "Protest and reform: the British social narrative by women, 1827-1867" Blackwell Publishing.
  • Kettle, Arnold. «The Early Victorian Social-Problem Novel», i: Boris Ford, red. The New Pelican Guide to English Literature. From Dickens to Hardy. (vol. 6). Harmondsworth: Penguin Books, 1990.
  • Klaus, H. Gustav, The Literature of Labour: Two Hundred Years of Working-Class Writing. Brighton: Harvester, 1985. ISBN 0-7108-0631-0
  • Klaus, H. Gustav and Knight, Steven, eds. British Industrial Fictions. Cardiff: University of Wales Press, 2000.
  • Lindner C. "Outside Looking In: Material Culture in Gaskell's Industrial Novels" Orbis Litterarum, Volume 55, Number 5, 1 October 2000, pp. 379–396(18)
  • Lukàcs, Georg. Studies in European Realism. New York: Grosset & Dunlap, 1964.
  • Morris, Pam. "Imagining inclusive society in nineteenth-century novels: the code of sincerity in the public sphere" JHU Press, 2004.
  • Murphy, James F.: The Proletarian Moment. University of Illinois Press, Urbana, Ill 1991.
  • Tillotson, Kathleen. Novels of the Eighteen Forties. London: Oxford University Press, 1954.
  • Vargo, Gregory. "An Underground History of Early Victorian Fiction: Chartism, Radical Print Culture, and the Social Problem Novel." Cambridge University Press, 2018.
  • Williams, Raymond. Culture and Society, 1780–1950. New York, Columbia University Press, 1958.
  • York, R.A. "Strangers and Secrets: Communication in the Nineteenth-century Novel". Fairleigh Dickinson Univ Press, 1994.