Sholom Schwartzbard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sholom Schwartzbard

Pseudonym Бал-Халоймес, Sholem
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Frankrike, Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikk, Sovjet-Russland
Fødd 18. august 1886
Izmajil
Død

3. mars 1938 (51 år)
Cape Town

Yrke lyrikar, skribent, anarkist, raner, ensurance agent, klokkemaker
Sholom Schwartzbard på Commons
Hanokem-gata (på hebraisk 'Hemnargata') i Beersheba i Israel. Namnet er til ære for Sholom Schwartzbard.

Sholom Schwartzbard (18. august 18863. mars 1938) var ein jødisk forfattar og politisk aktivist. Han skaut i 1926 den ukrainske politikaren Symon Petlura i Paris. Schwartzbard skreiv dikt og bøker under pseudonymet Bal-Khaloimes ('Drøymaren').

Ungdom og første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Sholom Schwartzbard var fødd i Ismajil i den russiske regionen Bessarabia (no del av Ukraina). Foreldra hans var Isaak Schwartzbard og Khai Vainberg Schwarzbard. Etter at dei russiske tsar-styresmaktene gav alle jødar ordre om å forlata grenseområde, flytta familien til Balta i Ukraina, der Sholom voks opp. Han blei lærling hjå ein urmakar og blei også politisk aktiv då han gjekk inn i den jødiske kommunistgruppa Funk.

Etter å ha vore fengsla i tre månader for å ha «framprovosert» ein pogrom i Balta flytta Schwartzbard til Tsjernivtsi og deretter til utlandet, først Wien. Han vart aktiv i væpna anarkistiske grupper og deltok mellom anna i ein anarkistisk «ekspropriasjon», eller ran, av ein bank, som han blei dømd til straffarbeid for. Etter fire månader rømde han til Budapest der han deltok i eit restaurantan. Schwartzbard blei deretter utvist frå Austerrike-Ungarn.

I 1910 busette han seg i Paris og fekk arbeid i ein klokkefabrikk. Under første verdskrigen deltok han som soldat i den franske Framandlegionen og vart dekorert. I august 1917 vart han demobilisert og fór saman med kona si tilbake til Russland. Frå 1918 til 1920, under den russiske borgarkrigen, gjorde han teneste i ei kavaleri-avdeling i Den raude arméen. Bror til Sholom vart utvist frå Frankrike i 1919 på grunn av kommunistisk agitasjon. Femten av familiemedlemmene til Sholom Schwartzbard vart drepne i ein pogrom i Ukraina under borgarkrigen.

I 1920 fór Schwartzbard tilbake til Frankrike, og vart med i ei anarkistgruppe i Paris med mange framståande medlemmer, mellom dei Emma Goldman og Nestor Makhno.

Schwartzbard og Petlura[endre | endre wikiteksten]

Schwartzbard hadde fått vite at Symon Petlura var ansvarleg for pogromane i Ukraina. I 1926 skaut Schwartzbard Symon Petlura, som var sjef for den ukrainske eksilregjeringa, med ein revolver. Då politiet kom til for å arrestere han, skal han roleg ha gitt dei revolveren og sagt: «Eg har drepe ein stor massemordar.»

Schwartzbard vart stilt for retten, og rettssaka begynte 18. oktober 1927. Schwartzbard sin forsvarar var Henri Torres, ein berømt fransk jurist som òg samarbeidde med den sovjetiske konsulen i landet. Forsvaret bygde på at Schwartzbard ville hemne ofra for pogromane. Etter åtte dagar vart han frikjend av juryen, som meinte han hadde gjort eit «lidenskapsbrotsverk».

Etter rettssaka[endre | endre wikiteksten]

I 1928 ville Schwartzbard emigrere til Palestina, men fekk ikkje visum av britiske styresmakter. Då fór han med familien sin til USA i staden. I 1937 reiste han vidare til Sør-Afrika, for å samle materiale til den tyskspråklege Encyclopaedia Judaica. Han døydde i Cape Town den 3. mars 1938 og vart gravlagd der. Mange år seinare vart kista overført til Israel og han er no gravlagd i moshaven Avihayil ved Netanya.

Schwartzbard er forfattar av ymse dikt og tekstar på jiddisch, mellom dei er «Troymen un Virklekhkayt» ('Draumar og verkelegheit', Paris, 1920), «In Krig Mit Zikh Aleyn» ('I krig med seg sjølv', Chicago, 1933) og sjølvbiografien «In’m Loyf Fun Yorn» ('I løpet av åra', Chicago, 1934).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]