Spania i Junior Eurovision Song Contest
| |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Offisielt | Spania | ||||
|
|||||
| Uttakingar | |||||
| Nasjonalt | 4 | ||||
| Internt | 4 | ||||
| Deltaking | |||||
| Debutår | 2003 | ||||
| Deltakingar | 8 | ||||
| Beste resultat | |||||
| Finalen | 1 (2004) | ||||
| Verste resultat | |||||
| Finalen | 15 (2021) | ||||
| Poeng | |||||
| Totalt | 1 091 | ||||
Spania debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København, Danmark, med songen «Desde el cielo», framført på spansk av songeren Sergio. Bidraga vart, i perioden 2003 til 2006, valde gjennom den nasjonale finalen Eurojunior, arrangert av den spanske kringkastaren Televisión Española.
I 2019 returnerte Spania til Junior Eurovision Song Contest, etter å ha sist deltake i tevlinga i 2006. Bidraga vart valde internt av den spanske kringkastaren. 24. juli 2019 vart Melani García presentert som spansk bidrag, med songen «Marte».[1][2]
Spania er eit av dei mest suksessrike landa i tevlinga. Landet vann tevlinga i 2004, med songen «Antes muerta que sencilla», syngja av songaren María Isabel. Ho fekk den høgaste poengsummen i tevlinga si historie, med 171 poeng. I 2015 vart rekorden slegen, då Malta vann tevlinga. I tillegg har Spania komme på andreplass to gongar, i 2003 og 2005, og to tredjeplassar i 2019 og 2020. Fram til 2020 hadde alle dei spanske bidraga i Junior Eurovision Song Contest hamna blant dei fire beste.
Bidraga i Junior Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]| År | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
|---|---|---|---|---|---|
| Sergio | «Desde el cielo» | Spansk | 2 | 125 | |
| María Isabel | «Antes muerta que sencilla» | Spansk | 1 | 171 | |
| Antonio José | «Te traigo flores» | Spansk | 2 | 146 | |
| Dani Fernandez | «Te doy mi voz» | Spansk | 4 | 90 | |
| Melani García | «Marte» | Spansk | 3 | 212 | |
| Soleá | «Palante» | Spansk | 3 | 133 | |
| Levi Díaz | «Reír» | Spansk | 15 | 77 | |
| Carlos Higes | «Señorita» | Spansk og engelsk | 6 | 137 | |
| Sandra Valero |
Røystehistorikk
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Spain: Junior Eurovision 2019 Participation Confirmed». Eurovoix.com. Henta 25. juni 2019.
- ↑ «Spain picks Melani Garcia for Junior Eurovision 2019». Junioreurovision.tv. Henta 24. juli 2019.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Spain in the Junior Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2014.