Hopp til innhald

Malta i Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malta

OffisieltMalta

Public Broadcasting Services Limited
Uttakingar
Nasjonalt16
Internt2
Deltaking
Debutår2003
Deltakingar18
Beste resultat
Finalen1 (2013 og 2015)
Verste resultat
FinalenSist (2005, 2019 og 2022)
Poeng
Totalt1 542

Malta debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København, Danmark, med songen «Like A Star», framført på engelsk av Sarah Harrison. Landet har delteke elleve gongar; i perioden 2003 til 2010 og frå 2013, etter at Malta i 2011 valde å ta ein pause frå tevlinga. Bidraga vert valde gjennom ei nasjonal finale, arrangerte av den maltesiske kringkastaren Public Broadcasting Services Limited. I 2013 og 2014 vart bidraga valde internt av den maltesiske kringkastaren.

Malta har vunne Junior Eurovision Song Contest to gongar. Fyrste gongen dei vann var i 2013, med songen «The Start», framført på engelsk av Gaia Cauchi. To år seinare, i 2015, vann dei med songen «Not My Soul», framført på engelsk av Destiny Chukunyere. Ho fekk den høgaste poengsummen i historia til tevlinga, med 185 poeng.

Malta har arrangert tevlinga to gongar. Fyrste gongen var i 2014 og vart arrangert i Malta Shipbuilding i Marsa. 16 land deltok det året. I 2016 vart tevlinga arrangert i Mediterranean Conference Centre i Valletta. 17 land deltok det året.

Bidraga i Junior Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]
ÅrArtistSongSpråkPoengPlass
2003Sarah Harrison«Like a Star»Engelsk567
2004Young Talent Team«Power Of a Song»Engelsk1412
2005Thea & Friends«Make It Right»Engelsk1816
2006Sophie Debattista«Extra Cute»Engelsk4811
2007Cute«Music»Engelsk3712
2008Daniel Testa«Junior Swing»Engelsk1004
2009Francesca Sciberras og Mikaela Bajjada«Double Trouble»Engelsk558
2010Nicole Azzopardi«Knock Knock!....Boom! Boom!»Engelsk og maltesisk3513
2013Gaia Cauchi«The Start»Engelsk1301
2014Federica Falzon«Diamonds» Engelsk1164
2015Destiny Chukunyere«Not My Soul» Engelsk1851
2016Christina Magrin«Parachute» Engelsk1916
2017Gianluca Cilia«Dawra Tond»Engelsk og maltesisk1079
2018Ela Mangion«Marchin' On»Engelsk1815
2019Eliana Gomez Blanco«We Are More»Engelsk og maltesisk2919
2020Chanel Monseigneur«Chasing Sunsets»Engelsk1008
2021Ike og Kaya«My Home»Engelsk9712
2022Gaia Gambuzza«Diamonds in the Skies»Engelsk4316

Røystehistorikk

[endre | endre wikiteksten]

Malta har gjeve flest poeng til
Nr.LandPoeng
1 Kviterussland109
2 Armenia81
Georgia
4 Nederland71
5 Russland60
Malta har fått flest poeng frå
Nr.LandPoeng
1 Kviterussland81
2 Nederland75
3 Georgia74
4 Ukraina69
5 Nord-Makedonia68
ÅrStadArenaProgramleiarar
2014MarsaMalta ShipbuildingMoira Delia
2016VallettaMediterranean Conference CentreBen Camille og Valerie Vella