Spica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Alfa Virginis A/B
Virgo constellation map.svg
Cercle rouge 100%.svg

Plasseringa til Spica (sirkel) i stjernebiletet Virgo
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Jomfrua
Rektascensjon 13h 25m 11.5793s[1]
Deklinasjon −11° 09′ 40.759″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V)+1.04
Karakteristikk
SpektralklasseB1 III-IV/B2 V[2]
U−B fargeindeks−0.94[3]
B−V fargeindeks−0.24[3]
Variabel typeβ Cep,
Rotating ellipsoid
Astrometri
Radialsnøggleik (Rv)+1.0[4] km/s
Parallakse (π)12.44 ± 0.86[1] mas
Avstand260 ± 20 ly
(80 ± 6 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV)−3.55 (−3.5/−1.5)[5]
Bane[6]
Eksentrisitet (e)0.067 ± 0.014
Inklinasjon (i)54 ± 6°
Perihel epoke (T)2440678.09
Perihelargument (ω)
(sekundær)
140 ± 10°
Detaljar
Primær
Masse10.25 ± 0.68[6] M
Radius7.40 ± 0.57[6] R
Luminositet12,100[7] L
Overflategravitasjon (log g)3.7 ± 0.1[5] cgs
Temperatur22,400[5] K
Rotasjonssnøggleik (v sin i)199 ± 5[6] km/s
Sekundær
Masse6.97 ± 0.4[6] M
Radius3.64 ± 0.28[6] R
Luminositet1,500[7] L
Temperatur18,500[7] K
Rotasjonssnøggleik (v sin i)87 ± 6[6] km/s
Andre namn
Spica, Azimech, 角宿一, Spica Virginis, Alaraph, Dana, α Virginis, 67 Virginis, HR 5056, BD -10°3672, HD 116658, GCTP 18144, FK5 4,8, CCDM 13252-1109, SAO 157923, HIP 65474.[8]

Spica (Vir, α Virginis, Alfa Virginis) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Jomfrua, og den 15. mest lyssterke stjerna på nattehimmelen. Ho er ei blå kjempe og ei variabel stjerne av Beta Cephei-typen, 250 ± 10 lysår frå jorda.

Spica er ei tett dobbeltstjerne og dei to stjernene krinsar rundt kvarandre med ein periode på fire dagar. Dei ligg så tett at det ikkje er mogeleg å skilje dei frå kvarandre i eit teleskop.

Primærstjerna har spektralklasse B1 III-IV. Ho er halvvegs mellom ei subkjempe og ei kjempestjerne, og er ikkje lenger ei klasse B hovudseriestjerne.[2] Dette er ei massiv stjerne so er ti gonger så massiv som sola og har ein diameter som er sju gonger så stor. Den samla lysstyrken til denne stjerna er kring 12 100 gonger så kraftig som sola. Primærstjerna er ei av dei nærmaste stjernene til sola som har nok masse til å ende som ein supernova.[7]

Primærstjerna er ein Beta Cephei-type variabel stjerne med ein lysstyrke som varierer over ein 0,1738 dagar lang periode. Stjerna roterer raskt med ein rotasjonssnøggleik på 199 km/s langs ekvator.[6]

Sekundærstjerna er ei av få stjerner som syner Struve–Sahade-effekten. Dette er ei uvanleg endring i styrken til spektrallinjene, der linjene vert svekka når stjerna flyttar seg bort frå observatøren.[9] Dette kan kome av ein sterk stjernevind frå primærstjerna, som spreiar lyset frå den sekundære stjerna når ho flyttar seg bort.[10] Denne stjerna er mindre enn primærstjerna, og er kring 7 gonger så massiv som sola og 3,6 gonger så stor radius.[6] Spektralklassen hennar er B2 V, som gjer ho til ei hovudseriestjerne.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Perryman, M. A. C.; Lindegren; Kovalevsky; Hoeg; Bastian; Bernacca; Crézé; Donati; Grenon; et al. (April 1997). «The HIPPARCOS Catalogue». Astronomi & Astrophysics 323: L49–L52. Bibcode:1997A&A...323L..49P.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  2. 2,0 2,1 2,2 Schnerr, R. S.; et al. (June 2008). «Magnetic field measurements and wind-line variability of Oklasse B-stjerner» (PDF). Astronomi and Astrophysics 483 (3): 857–867. Bibcode:2008A&A...483..857S. arXiv:1008.4260. doi:10.1051/0004-6361:20077740. Henta 13. juni 2016. 
  3. 3,0 3,1 Pfleiderer, J.; Mayer, U.; Mayer (October 1971). «Near-ultrafiolett surface photometry of the southern Mjølkevegen». Astronomical Journal 76: 691. Bibcode:1971AJ.....76..691P. doi:10.1086/111186. 
  4. Wilson, Ralph Elmer (1953). General Catalogue of Stellar Radial Velocities. Washington: Carnegie Institution of Washington. Bibcode:1953QB901.W495..... Check |bibcode= value (hjelp). 
  5. 5,0 5,1 5,2 Herbison-Evans, D.; Hanbury Brown, R.; Davis, J.; Allen, L. R.; Hanbury Brown; Davis; Allen (1971). «A study of alpha Virginis with an intensity interferometer». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 151: 161−176. Bibcode:1971MNRAS.151..161H. doi:10.1093/mnras/151.2.161. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 6,8 Harrington, David; Koenigsberger, Gloria; Moreno, Edmundo; Kuhn, Jeffrey; Koenigsberger; Moreno; Kuhn (October 2009). «Line-profile Variability from Tidal Flows in Alfa Virginis (Spica)». The Astrophysical Journal 704 (1): 813–830. Bibcode:2009ApJ...704..813H. arXiv:0908.3336. doi:10.1088/0004-637X/704/1/813. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Kaler, Jim. «Spica». Stars. Henta 13. juni 2016. 
  8. «V* alf Vir -- Variable Star of beta Cep type». SIMBAD. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 13. juni 2016. 
  9. Riddle, R. L.; Bagnuolo, W. G.; Gies, D. R.; Bagnuolo; Gies (desember 2001). «spektroskopi of the temporal variations of α Vir». Bulletin of the American Astronomical Society 33: 1312. Bibcode:2001AAS...199.0613R. 
  10. Gies, Douglas R.; Bagnuolo, William G. jr.; Penny, Laura R.; Bagnuolo; Penny (April 1997). «Photospheric Heating in Colliding-Wind Binaries». Astrophysical Journal 479: 408. Bibcode:1997ApJ...479..408G. doi:10.1086/303848. 

Koordinatar: Sky map 13h 25m 11.5793s, −11° 09′ 40.759″