Yoshi's Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Super Mario World 2: Yoshi's Island
Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
Design(ar)Takashi Tezuka (direktør)
Kōji Kondō (komponist)
SerieMario
Plattform(er)SNES, GBA
UtgjeveJP: 5. august 1995
NA: 4. oktober 1995
EU: 6. oktober 1995
Game Boy Advance:
JP: 20. september 2002
NA: 24. september 2002
EU: 11. oktober 2002
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI: 3+

Super Mario World 2: Yoshi's Island (スーパーマリオ ヨッシーアイランド) er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Super Nintendo Entertainment System. Det vart gjeve ut i Japan august 1995 og i Nord-Amerika og Europa oktober same året. Spelet skil seg ut frå tidlegare spel i Super Mario-serien i og med at ein berre styrer Yoshi, som fraktar ei spedbarnsutgåve av Mario gjennom varierande omgjevnader.

Yoshi's Island har blitt omlaga og gjeve ut på nytt på Game Boy Advance under namnet Yoshi's Island: Super Mario Advance 3. Oppfølgjaren til spelet, Yoshi's Island DS, kom på Nintendo DS i 2006.