Surrealistic Pillow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Surrealistic Pillow
Studioalbum av Jefferson Airplane
Utgjeve 1. februar 1967[1]
Innspelt 31. oktober – 22. november 1966
Studio RCA Victor's Music Center i Hollywood i California
Sjanger
Lengd 34:48
Selskap RCA Victor
Produsent Rick Jarrard[5]
Jefferson Airplane-kronologi
Jefferson Airplane Takes Off
(1966)
Surrealistic Pillow After Bathing at Baxter's
(1967)


Singlar frå Surrealistic Pillow
  1. «Somebody to Love»
    Utgjeve: 1. april 1967
  2. «White Rabbit»
    Utgjeve: 24. juni 1967
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg [6]
The Village VoiceB+[7]
The Daily VaultA-[8]

Surrealistic Pillow er det andre albumet til det amerikanske psykedeliske rockebandet Jefferson Airplane, utgjeve 1. februar 1967.[1] Den opphavlege trommeslagaren Alexander 'Skip' Spence hadde gått frå bandet halvvegs i 1966 og vart erstatta av ein jazztrommis frå Los Angeles, Spencer Dryden. Den nye solovokalisten Grace Slick kom òg med i bandet i 1966. Både Slick og Dryden debuterte med bandet på plate med dette albumet og dei tilhøyrande singlane. Dette var den mest kjende besetninga av gruppa, som var stabil fram til Dryden slutta i 1970. Det er òg rekna for å vere eit av dei viktigaste albuma innan psykedelisk rock og frå motkulturen i 1960-åra.[9][10][11][12]

Albumet nådde tredjeplassen på Billboard-lista og har seld til platinaplate i USA.[13]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Jefferson Airplane blanda folkrock og psykedelia, noko som var nyskapande på denne tida, på lik linje med dei musikalske retningane som The Byrds, The Mamas & the Papas, The Yardbirds og The Beatles hadde stått i spissen for på midten av 60-åra. Surrealistic Pillow var det første verkeleg store psykedeliske albumet av eit band frå San Francisco, og synte for verda det aktive bohemmiljøet som hadde utvikla seg der frå Beat-generasjonen i 1950-åra, og som endra seg gjennom 1960-åra til motkulturen i Haight-Ashbury. Den store omtalen Airplane og andre fekk medførte store endringar til denne motkulturen, og i 1968 hadde all mediaomtalen skapt eit heilt anna miljø i San Fransisco enn det som hadde eksistert i 1966. Fotografen Herb Greene frå San Francisco, fotograferte bandet for plateomslaget.[14]

Grateful Dead-gitaristen Jerry Garcia skal ha medverka på albumet. Han skal visstnok ha vore til stades på fleire spor, men det nektar produsent Rick Jarrard for,[15]. Garcia er derimot tilskriven på plateomslaget for songane frå dette albumet som var med på samleplata Flight Log og plateboksen Jefferson Airplane Loves You.[15].

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Surrealistic Pillow vart opphavleg gjeven ut som RCA Victor LPM/LSP 3766, og nådde tredjeplassen på albumlista i USA. Albumet vart miksa i både mono og stereo, og begge miksane er tilgjengeleg på ei sjeldan gull-CD-utgåve av RCA frå 2001, og som del av boksen Ignition. Monoversjonen vert faktisk føretrekt av somme samlarar fordi han har ein meir kraftfull lyd og langt mindre ekko og klang enn stereomiksen. Ein annan stereomiks kom ut i august 2003 med sju bonusspor, inkludert monoutgåva av «Somebody to Love» og «White Rabbit».

«My Best Friend» var gjeven ut som den første singelen frå albumet i januar 1967, men nådde berre 103. plassen på Billboard Bubbling Under-lista. To singlar til vart gjevne ut seinare på året, «Somebody to Love» og «White Rabbit», og desse nådde høvesvis femte- og åttandeplassen på Billboard Hot 100-lista og vart dei einaste hittane til bandet på topp 40-llista.

Den britiske utgåva av albumet var ei blanding av den amerikanske utgåva og den første plata deira, Jefferson Airplane Takes Off.

I 2003 vart albumet rangert på 146. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «She Has Funny Cars»  Jorma Kaukonen, Marty Balin 03:14
2. «Somebody to Love»  Darby Slick 03:00
3. «My Best Friend»  Skip Spence 03:04
4. «Today»  Balin, Paul Kantner 03:03
5. «Comin' Back to Me»  Balin 05:23
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «3/5 of a Mile in 10 Seconds»  Balin 03:45
7. «D.C.B.A. -25»  Kantner 02:39
8. «How Do You Feel»  Tom Mastin 03:34
9. «Embryonic Journey»  Kaukonen 01:55
10. «White Rabbit»  Grace Slick 02:32
11. «Plastic Fantastic Lover»  Balin 02:39
Bonusspor på 2003-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
12. «In The Morning»  Kaukonen 06:21
13. «J.P.P. McStep B. Blues»  Alex Spence 02:37
14. «Go To Her» (Versjon to)Kantner, Irving Estes 04:02
15. «Come Back Baby»  Traditional, Arr. Kaukonen 02:56
16. «Somebody to Love» (mono)Darby Slick 02:58
17. «White Rabbit» (mono)Grace Slick 05:20
18. «D.C.B.A. -25» (instrumental, gøymd spor)  02:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Marty Balin – vokal, gitar, albumdesign, solovokal på «Today», «Comin' Back to Me» og «Plastic Fantastic Lover», felles solovokal på «She Has Funny Cars», «My Best Friend» og «Go to Her»
  • Jack Casady – bassgitar, fuzzbass, rytmegitar
  • Spencer Dryden – trommer, perkusjon
  • Paul Kantner – rytmegitar, vokal, solovokal på «How Do You Feel», felles solovokal på «My Best Friend», «D. C. B. A.-25» og «Go to Her»
  • Jorma Kaukonen – sologitar, solovokal på «Come Back Baby» og «In the Morning»
  • Grace Slick – vokal, piano, orgel, blokkfløyte, solovokal på «Somebody to Love» og «White Rabbit», felles solovokal på «She Has Funny Cars», «My Best Friend», «D. C. B. A.-25» og «Go to Her»

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1967 Billboard 200 3[18]

Singlar

År Singel Liste Plassering
1967 «My Best Friend» Billboard Pop Singles 103
1967 «Somebody to Love» Billboard Pop Singles 5
1967 «White Rabbit» Billboard Pop Singles 8

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[19] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fox, Penelope (2012). Daisy in a Gun Barrel: Peace & Freedom, Love & War, Rock & Roll, the 1960-åra. Xlibris. ISBN 978-1-4535-4260-6. 
  2. Surrealistic PillowAllmusic
  3. Audioxide
  4. «Welcome to the Studio». jeffersonairplane.com. Henta 9. juni 2019. 
  5. Eder, Bruce. Surrealistic PillowAllmusic. Henta 9. juni 2019.
  6. Christgau, Robert (20. desember 1976). «Christgau's Consumer Guide to 1967». The Village Voice (New York). s. 69. Henta 22. juni 2013. 
  7. Clutterbuck, Jeff (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Surrealistic Pillow». dailyvault.com. Henta 9. juni 2019. 
  8. Nick Talevski (7. april 2010). Rock Obituaries - Knocking On Heaven's Door. Omnibus Press. s. 144–. ISBN 978-0-85712-117-2. 
  9. Martin Charles Strong (2006). The Essential Rock Discography. Canongate. s. 559–. ISBN 978-1-84195-860-6. 
  10. Eder, Bruce. «Jefferson Airplane: Surrealstic Pillow». allmusic.com. All Media Network, LLC. Henta 11. juni 2014. 
  11. James E. Perone (2004). Music of the Counterculture Era. Greenwood Publishing Group. s. 117–. ISBN 978-0-313-32689-9. 
  12. «Gold & Platinum - RIAA». 
  13. Surrealistic Pillow (Vinyl back). Jefferson Airplane. New York City: RCA. 1967. LSP-3766. 
  14. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 15,6 Tamarakin, Jeff (2003). Got a Revolution: The Turbulent Flight of Jefferson Airplane. Simon and Schuster. ISBN 0671034030. 
  15. «The RS 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone: 2. Arkivert frå originalen Mal:Date. 
  16. 17,0 17,1 Early Flight (Vinyl gatefold). Jefferson Airplane. New York City: RCA. 1974. CYL1-0437. 
  17. «Billboard». Google Books. Google. Henta 3. februar 2016. 
  18. «American album salstrofé – Jefferson Airplane – Surrealistic Pillow». Recording Industry Association of America. Henta 10. mars 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH