Sysle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Sysle (norrønt sýsla) beteiknar eit forvaltningsområde som vart leia av ein sysselmann. Kongen sin fremste representant i distriktet er sysselmannen. Denne forma for administrativ inndelinga vart innført i Noreg av kong Sverre (11771202) og var i bruk frå siste del av 1100-talet til 1307.

Under tidlegare rikskongar var lokalstyret gjerne delegert til lendmanns- og årmannsombud rundt i landet. Lendmennene var høgætta personar og tittelen var nærmast arveleg, og landmennene hadde høg sosial vyrdnad. Dei hadde utøvd makt og myndigheit i sine distrikt frå gammalt av og også fått krongods av kongen å forvalte. Årmennene var meir lågætta (ofte frigjeve trælar eller træl søner) og var forvaltarar av dei kongsgardane som lendmennene ikkje sette på. Etter kvert vart årmennene også dei praktiske utøvarar av kongemakta i distrikta, inklusive rettsvesen og militærvesen.

Det var truleg kong Sverre som innførte sysselmannsombudet, som fortrengde både lendmenn og årmenn. Sverre hadde før slaget på Kalvskinnet i 1179 sagt til sine birkebeinarar at no måtte dei sigre i slaget, og den birkebein som drap ein lendmann i slaget skulle få overta lendmannens stilling. På Kalvskinnet fall då også ei rekke lendmenn. Kong Sverre og dei etterfølgjande kongane rekrutterte ellers sysselmennene frå kongens hird. Sysselmennene vart krumtappar i eit rikseinskapleg lokalstyre. Dei ivaretok dei fleste offentlege forvaltningsoppgåver innanfor retts-, påtale- og politivesen, skatte- og bøteinnkreving samt militærvesen. Frå Magnus Lagabøtes tid fekk ein nokolunde faste sysler, kvar med ein eller to sysselmenn under seg.

Til underordnet hjelp hadde sysselmannen (som etter kvert også vart beteikna lensmann eller lensherre) ein «bondelensmann» rekruttert frå bøndene, og i dei store byane ein fehirde som hjelp i finansforvaltninga. Sysselmannen gjorde seg også gjeldande i rettspleia og kunne sitte som dommar ved sidan av lagmennene. Ellers var byane eigne rettslege/administrative einskaper, dels med eigne rådmenn, dels med ein kongeleg embetsmann innan rettsforvaltninga, beteikna gjaldkaren. Frå ca. 1250 var sysselmannen overordna gjaldkaren. Skilet mellom by og land fekk langvarige konsekvensar i norsk distriktsforvaltning.

I seinmiddelalderen og i unionstida med Danmark fram til 1660 vart sysselordninga gradvis avløyst av eit system med len. På 1400-talet var det ca. 50 len ialt, men talet vart redusert, og omkring 1530 hadde ein i alt 4 hovedlen og ca. 30 smålen i Noreg. Lenane vart styrt av adelege, fyrst og fremst danske lensmenn, utpeika av kongen, dvs. sentralstyret i Kjøpenhamn. Det var ulike lensordningar som tenestelen, rekneskapslen, pantelen osv. Lensmannen fekk etter kvert sysselmenn som sine underordna, og desse vart etter kvert avløyst av futar, til hjelp i skatte- og bøteinnkreving. Lensmennene fekk sete i dei store byane, der kongsgårdane eller der borgarane låg (Båhus, Akershus, Bergenhus). Omkring 1660 var talet hovudlen uendra, dvs. 4 hovudlen eller slottslen i Båhus, Oslo, Bergen og Trondheim, medan talet på mindre len var redusert til 17. Lenene vart styrt av lensmenn eller lensherrar, men altså ikkje med nemninga lendmenn.

Færøyene og på Island er nemninga sysle framleis i bruk. I Noreg finst omgrepet i tittelen Sysselmannen på Svalbard, eit funksjon som vart oppretta 1. januar 1925.

Historiske sysler i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ei oversikt over sysler i middelalderen: