Fjernsynsserien Muldvarpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå TV-serien Muldvarpen)
De Mol
Norsk tittel: Muldvarpen
Typefjernsynsprogram
Sjangerdokusåpe
OpphavslandNoreg
Sesongar3
Episodar34
Språknorsk
Basert påTV-serien Muldvarpen
KanalTVNorge

Muldvarpen er ein norsk reality-tv-serie som gjekk på TVNorge frå 2000 til 2002. Lars Arentz-Hansen var programleiar for den fyrste sesongen, medan Ove Christian Owe leia dei to siste sesongane. Programmet vart spela inn i Frankrike, Spania og Canada.

Muldvarpen var basert på den belgiske reality-koseptet De Mol, frå 1999. Konseptet er selt til ei rekkje land.[1]

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Tolv deltakarar vart sende til eit land, der dei skulle reise rundt, delast inn i grupper og løysa diverse oppdrag. Godkjende oppdrag gav dei pengar til premiekassen. Blant deltakarane var det òg ein moldvarp, og moldvarpen hadde som oppgåve å sabotere oppdraga for at minst mogleg pengar gjekk inn i premiekassen, utan å bli oppdaga. På slutten av kvar episode skulle kvar deltakar svara på spørsmål om Moldvarpen. Spørsmåla var om identiteten til moldvarpen og handlingar moldvarpen gjorde under dei ulike oppdraga. Den som visste minst om moldvarpen, måtte forlate gruppa. I den norske utgåva vart resultatet kunngjort etter ein fellesmiddag. Deltakarane hadde kvar sin konvolutt ved sida av tallerkenen. Dei som gjekk vidare hadde fått ei grøn fjør i konvolutten, medan den som visste minst om Muldvarpen fekk ei raud fjør, og vart sendt heim.

Ved nokre høve vart enkeltdeltakarar tilbydd frikort, som gjorde dei immune mot å sendast heim ved neste utspørjing, mot at dei saboterte oppdraget.

Fyrstepremien var i utgangspunktet på rundt 500 000 kr, men då måtte deltakarane lukkast i alle oppdraga. Vinnaren av fyrstepremien var den som hadde flest riktig svar på den aller siste utspørjinga om identiteten til moldvarpen og handlingane moldvarpen gjorde under oppdraga.[2] Vinnaren av fyrste sesong fekk 145 000 kr, vinnaren av andre sesong fekk 220 000 kr og vinnaren av tredje fekk 267 000 kr.[3]

Sesongoversikt[endre | endre wikiteksten]

Sesong 1 (2000)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar sesong 1[endre | endre wikiteksten]

Navn[4] Alder Heimstad Sendt heim
Dag Petter Søderman[5] 26 Tønsberg / Drammen Vinner
Kjersti Nesbakk[6] 35 Løten Moldvarp
Petter Lo-Presti[5] 33 Nøtterøy Finalist
Gro Shetelig Kruse 50 Oslo Episode 9
Dino Makridis 41 Trondheim Episode 8
Egil Bye 44 Bergen Episode 7
Sascha Alexander Anonsen 27 Fagernes
Marie Louise Steffens 26 Oslo
Annelin Leirvik 26 Narvik
Kari Rypdal 26 Trondheim
Knut Aga jr.[7] 29 Skedsmo Episode 2
Kari Mette Gjertsen[8] 28 Asker Episode 1

Annan info[endre | endre wikiteksten]

Antall deltakarar 12
Antall episodar 10 + ein spesialepisode der moldvarpen vert avslørt
Sendeperiode Måndagar frå 31. januar til 3. april 2000
Premie 145 000 kr[9]
Innspelingsstad  Frankrike
Innspelingsperiode Tre veker i oktober (frå 7. oktober)[10]
Antall søkjarar ca. 1 500[11]

Sesong 2 (2001)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar sesong 2[endre | endre wikiteksten]

Navn[12] Alder Heimstad Sendt heim
Paula Bracht[13][3] 26 Argentina / Oslo Vinnar
Per Simon Grette[14] 36 Haugesund / Oslo Moldvarp
Sarah Grindvold Kalsås 23 Oslo Finalist
Tonje Kristin Wøllo 26 Sande / Drammen Episode 9
Synnøve Skarbø 30 Stranda / Oslo Episode 8
Nicolay Kristiansen 28 Oslo / Bodø Episode 7
Pål Harr Bjerkli 45 Harstad / Oslo / Mo i Rana Episode 6
Lill-Ann Kaborg Ellegård 39 Raufoss / Oslo Episode 5
Kim Tore Sander 30 Bergen Episode 4
Randi Østensen 46 Bergen / Stavanger Episode 3
Svein Roar Aas 26 Bodø / Oslo / Mo i Rana Episode 2
André Nerheim 24 Stord / Bergen Episode 1

Annan info[endre | endre wikiteksten]

Antall deltakarar 12
Antall episodar 10 + ein spesialepisode der moldvarpen vert avslørt
Sendeperiode Måndagar frå 29. januar til 2. april 2001
Premie 223 000 kr[3]
Innspelingsstad  Spania
Innspelingsperiode Hausten 2000

Sesong 3 (2002)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar sesong 3[endre | endre wikiteksten]

Navn[15] Alder Heimstad Sendt heim
Cathrine Andersen[16] 30 Oslo Vinner
Ingrid Christiansen Hollekim 28 Hamar Moldvarp
Anette Bjørnstad 23 Sandefjord / Bø i Telemark Finalist
Petter Jacobsen 21 Bærum Episode 11
Tone Karlsen 24 Tromsø Episode 10
Mohamed Ahssain 26 Marokko / Oslo Episode 9
Solveig Gjerde 48 Åsgårdstrand Episode 8
Truls Barhaugen 45 Fjellfoten Episode 7
Trond Totland 41 Bergen Episode 6
Ingrid Kvalheim Sunde 25 Måløy Episode 4
Matti Kristiansen 28 Oslo Episode 3
Håkon Iversen 28 Sandefjord Episode 2

Annan info[endre | endre wikiteksten]

Antall deltakarar 12
Antall episodar 12
Sendeperiode Måndager frå 23. september til 9. desember 2002
Premie 267 000 kr[16]
Innspelingsstad  Canada
Innspelingsperiode Hausten 2001

Sjåartal og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Fyrste sesong hadde eit sjåarsnitt på 200 000 (Premieren vart sett av 227 000, medan finalen vart sett av 248 000). Andre sesong hadde eit snitt på 315 000 sjåarar og i tredje sesong låg sjåartalet på mellom 180 000 og 222 000.[17][18]

Dagbladet si omtale av premieren av fyrste sesong var forholdsvis lunken. Aftenposten meinte at premieren hadde ei viss spenning, men at sjølve komplottet verkte kaotisk og forvirrande. VG skildra den som stilfull, men stillestående.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Who is the international Mole?». (arkivert). 21. august 2001. Arkivert frå originalen 21. august 2001. Henta 11. februar 2018. 
  2. Aftenposten Aften - Ny Muldvarpen (29.1.2001, s.30)
  3. 3,0 3,1 3,2 «Reiser på ferie med kjæresten». www.vg.no (på norsk bokmål). 3. april 2001. Henta 8. februar 2020. 
  4. «Disse deltar:». VG (på norsk). 31. januar 2000. Henta 11. februar 2018. 
  5. 5,0 5,1 «Sødermann vant Muldvarpen». www.nb.no. Tønsberg Blad. 4. april 2000. Henta 19. september 2020. 
  6. «Overrasket alle». Dagbladet.no (på norsk). 4. april 2000. Henta 11. februar 2018. 
  7. «Over og ut for Knut». www.nb.no. Romerikes Blad. 11. februar 2000. Henta 19. september 2020. 
  8. ««Muldvarpen»s første offer Hjem etter 36 timer». Aftenposten. 1. februar 2000. 
  9. Aftenposten aften – Avslørt som muldvarp (4.4.2000, s.27)
  10. Aftenposten - Nytt psykodrama på TV-norge (8.10.1999, s.39) «I går startet TV-Norge opptakene til sitt nye TV-eksperiment, Muldvarpen»
  11. «I kø for ekstrem-TV». VG (på norsk). 25. juli 2000. Henta 11. februar 2018. 
  12. TVNorge Muldvarpen 2001 (arkivert versjon)
  13. «Tett på nett: «Muldvarp»-vinneren». web.archive.org. VG. 2. april 2001. Arkivert frå originalen 24. mai 2006. Henta 8. februar 2020. 
  14. «EN SANN LØGNER». VG. 10. april 2001. «Per Simon Grette ble i går avslørt som Muldvarpen i TV-serien med samme navn.» 
  15. TVNorge - Muldvarpen 2002 (arkivert versjon)
  16. 16,0 16,1 «Muldvarp-vinneren fra Drøbak var taus i ett år». Østlandets Blad. 11. desember 2002. 
  17. VG - MULDVARPEN AVSLØRT (4.4.2000) «Rundt 200 000 seere har fulgt intrigespillet på TVNorge hver uke.»
  18. VG - TV-toppen 1.10.2002 til 19.11.2002