Take My Hand, Precious Lord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Take My Hand, Precious Lord» (òg kjend som «Precious Lord, Take My Hand») er ein amerikansk gospelsong. Teksten vart skriven av Thomas A. Dorsey (1899–1993), som òg handsama melodien.

«Take My Hand, Precious Lord» vart innlemma i Christian Music Hall of Fame i 2007.[1] Han vart òg innlemma i Songs of the Century av Recording Industry Association of America og National Endowment for the Arts. I 2012 vart Mahalia Jackson-versjonen av «Precious Lord, Take My Hand» innlemma i Grammy Hall of Fame Award.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Melodien er tilskriven Dorsey, som baserte han på ein salmemelodi frå 1844 kalla «Maitland». Denne igjen er ofte tilskriven den amerikanske komponisten George N. Allen (1812–1877). Den eldste kjende kjelda, Plymouth Collection frå 1855, syner at Allen skreiv eller handsama teksten «Must Jesus bear the cross alone,» og ikkje skreiv melodien, medan sjølve melodien hadde vore på trykk i mange år med ukjend opphav. «Maitland» vert stundom tilskriven The Oberlin Social and Sabbath School Hymn Book,[2] som Allen redigerte, men denne samlinga inneheld ikkje musikk. Melodien dukka først opp i salmebøker som «Cross and Crown»; og namnet «Maitland» så tidleg som i 1868.[3] Dorsey sa at han brukte denne som inspirasjon.[4] Dorsey skreiv «Precious Lord» etter ha mista kona si, Nettie Harper og sonen sin under ein fødsel i august 1932.[5] Den tidlegare kjende innspelinga vart gjort 16. februar 1937 av the Heavenly Gospel Singers (Bluebird B6846).[6] «Take My Hand, Precious Lord» er publisert på meir enn 40 språk.[7]

Kjende versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Take My Hand, Precious Lord» var favorittsongen til Martin Luther King jr. og han inviterte ofte gospelsongaren Mahalia Jackson til å syngje han under borgarrettsmøte, og ho framførte songen i gravferda hans i april 1968. Dei siste orda til King før han vart myrda var at songen måtte spelast på ei gudsteneste han skulle på den kvelden. Operasongaren Leontyne Price framførte songen under gravferda til presidenten Lyndon B. Johnson i januar 1973,[8] og Aretha Franklin song songen i gravferda til Mahalia Jackson i 1972. Franklin spelte òg inn songen i eit konsertopptak på albumet Amazing Grace (1972) som ein medley med «You've Got a Friend». Han vart sungen av Nina SimoneWestbury Music Fair den 7. april 1968, tre dagar etter mordet på King. Den konserten vart dedisert til han og spelt inn på albumet 'Nuff Said!. Han vart òg framført av Ledisi i filmen Selma der Ledisi spelar Mahalia Jackson. Songen vart framført av Beyoncé under Grammyprisutdelinga den 8. februar 2015.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Mange kjende musikarar har spelt inn «Take My Hand, Precious Lord». Han vart spelt inn av Mahalia Jackson den 27. mars 1956, på albumet Bless This House (Columbia Records CL 899) med The Fall-Jones Ensemble: Mildred Falls (piano), Ralph Jones (organ).[9] Jim Reeves-versjonen er kanskje den mest kjende av dei alle. Han gav songen ut som B-sida til singelen «This World is Not My Home» i 1965.

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Oddbjørn Lønskog har skrive ein norsk tekst. På norsk har han tittelen «Herre kjær, ta min hånd». Ei svensk omsetjing med same tittel er sungen inn av Artur Erikson.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Liv Rise og Gjertrud Knudsen i ein duett kalla «Ta min hånd» med Knudsen på klaver. Tekstforfattar er ikkje gjeve. Songen vart innspelt i 1958 og gjeve ut på EP-plata Harmoni (HEP 110).
  • Arvid Gundersen og Oddbjørn Lønskog spelte inn songen med orgel, piano og gitar. Han vart gjeven ut på singel i1 960 og på EP-plata Odeon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christian Music Hall of Fame
  2. «Must Jesus Bear the Cross Alone» music
  3. «Maitland, Allen». hymnary.org. Henta 5. oktober 2016. 
  4. Boyer, Horace Clarence. The Golden Age of Gospel (2000), University of Illinois Press, page 61 - ISBN 0-252-06877-7
  5. Shaw, Arnold. Honkers and Shouters: The Golden Years of Rhythm and Blues (1978), Macmillan Publishing Company, s. 8-11 - ISBN 0-02-610000-2
  6. Dixon, Robert M. W. Blues and Gospel Records: 1890-1943, Oxford University Press (1997), page 370 - ISBN 0-19-816239-1
  7. McNeil, W. K. Encyclopedia of American Gospel Music (2005), Routledge, page 107 - ISBN 0-415-94179-2
  8. Woods, Randall. LBJ: Architect of American Ambition (2006), Simon and Schuster, page 884 - ISBN 0-684-83458-8
  9. Columbia and Later Recordings

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]