Trevirke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Treverk)
Trevirke brukt i maori-treskjering.

Trevirke eller trevyrke er den nyttbare delen av veden i bartre og lauvtre. Det vert brukt som material og råstoff for foredling, bearbeiding og bruk. Trevirke kan mellom anna brukast som råstoff i papirproduksjonen, ved til brensel, trelast til byggjemateriale eller pynt, som til skulptur eller panel.

Strukturen i treet[endre | endre wikiteksten]

Tverrsnitt av barlind, dei mørke radiale felta er avskorne kvister
Tangentialsnitt av ein 4-årig stamme: 0 = marg; 1 = årringgrense; 2 = kar; 3 = primær margstråle; 4 = sekundær margstråle; 5 = kambium; 6 = margstråle i basten; 7 = korkkambium; 8 = bast; 9 = bark

Tverrsnittet av ein trestamme viser ein serie ringar utenpå kvarandre frå margen og utover til kambiet. Kambiet utgjer vekstlaget, og den vedmassen som kambiet produserer i løpet av eit år, utgjer ein årring. Årringen vert synleg fordi trea ikkje veks heile året. Om våren og forsommaren produserer kambiet vårved, med store, opne tynnvegga celler. På sommaren produserer det tjukkvegga sommarved. Overgangen frå sommarveden til neste års vårved er tydeleg hos mange av treslaga som veks i Noreg, spesielt hos bartre og ringpora lauvtre. Årringbreidda varierer i løpet av livsløpet til eit tre, og ho varierer med bonitet, vêrtilhøve og tettleiken i skogbestandet.

I eit tverrsnitt kan ein òg observere margstråler, radiære leiingsbanar som leier vatn og næringsemne i radiær retning. Primære margstrålar begynner i margen, sekundære begynner andre stader i veden og går ut mot ytterkanten av tverrsnittet. I bartre inneheld dei ofte harpikskanalar.

Trevirke vil òg innehalde kvister, nokre som går heilt ut til kambiet og utgjer basis for greinene til treet, og andre som er inneslutta av veden. Kvistveden skil seg vesentleg frå anna trevirke både når det gjeld utsjånad og tekniske eigenskapar.

Når eit tre vert bøygd eller får einsidig påverknad av lys eller vind, vil det forsøkje å rette seg opp. Bartre gjer dette med tennarved, lauvtre med strekkved. Innslag av tennar vil visast som flekkar med tyngre og mørkare ved som vil gjere at trelast bøyer seg.

Hos unge tre er all veden verksam med transport og lagring av vatn og næringsemne. Etter kvart som tre vert eldre og stammen veks i omkrins, vert dei inste årringane sette ut av funksjon. Denne indre veden utgjer kjerneveden. Den ytre, aktive veden kallast yteved eller splint. Skilnaden mellom yte- og kjerneved varierer mellom treslaga. Somme treslag får farga kjerneved. Fargen kan skyldast stoff som vert avleira i kjerneveden, som til dømes harpiks, garvestoff og fenolar. Hos alm og teak er kjerneveden fylt med uorganiske stoff, som kisel og kalk, slik at veden vert tyngre og hardare.

Samansetning av trevirket[endre | endre wikiteksten]

Trevirket er sett saman av

  • parenkymceller; korte, firkanta og tynnvegga celler som sørgjer for livsfunksjonane til treet, og
  • prosenkymceller; langstrekte trakeidar, vedceller og kar som tener som styrkevev og som leier vatn frå gjennom trestammen. Trakeidar og vedceller kallast med eit fellesnamn trefiber.

I bartrevirke er 87-95 % av volumet trakeidar. Lauvtrevirke er meir heterogent samansett.

Fukt[endre | endre wikiteksten]

I alt trevirke er det vatn. Fritt vatn fyller holromma mellom cellene, og bunde vatn er hygroskopisk bunde til celleveggane. Vassinnhaldet kan variere innan vide grenser. Når veden tørkar, krympar han. Veden krympar mest i tverretninga, lite i lengderetninga, og ofte meir i tangentialretninga enn i radialretninga. Motsett vil trevirke svelle når det tar opp vatn.

Fuktprosenten kan reknast som vassinnhald i % av total rå vekt eller som % av teoretisk tørrvekt. Det er vanleg å rekne vassinnhaldet av tørrvekta. Ein grankloss på 700 g som inneheld 440 g tørrstoff og 260 g vatn, vil ha ein fuktprosent på 37 % rekna av råvekta og 59 % rekna av tørrstoffet.

Friskt, nyfelt trevirke har ein fuktprosent rundt 100, rekna av tørrrvekta. Brennved har ein fuktprosent rundt 30 %, og snikkartørt trevirke ein fuktprosent på 10-15 %.

Kjemisk samansetning[endre | endre wikiteksten]

Organisk oppbygging av veden
i bartre og lauvtre[1]
Stoff Bartreved Lauvtreved
Cellulose 42–49 % 42–51 %
Hemicellulose 24–30 % 27–40 %
Lignin 25–30 % 18–24 % |
Kvae, garvestoff 2–9 % 1–10 %
Mineral (askestoff) 0,2–0,8 %

Om ein bryt ned dei organiske stoffa, inneheld heilt tørt trevirke grunnstoffa

Bruk av trevirke[endre | endre wikiteksten]

Trevirke har eit utal bruksområde. Brennved vert bruka i alle samfunn. Dei viktigaste produkta i norsk skogindustri har vore

Av cellulose og tremasse vert det igjen produsert til dømes papp, papir og kunstfiber til tekstil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. (etter tysk Wikipedia som les Holz-Lexikon)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Trevirke
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.